Hopp til innhold
X
Innhald

Nord-Trøndelag fylke

Nord-Trøndelag var eit eige fylke, og utgjer område Inntrøndelagen og Namdalen i noverande Trøndelag fylke. Det bur færre her enn i sør, men området er størst i areal. I dette fylket ligg Stiklestad, staden som symboliserer kristninga og den endelege samlinga av Noreg. 

Nord-Trøndelag har vore eige fylke sidan 1804. Flatbygdene rundt Trondheimsfjorden i sør har grøderikt jordbruksland og er prega av innlandskulturen. Dei ytre, nordlege bygdene er mindre frodige og historisk meir prega av kystkulturen, med vekt på småbruk og fiske, medan dei indre stroka nord i fylket har grisgrendte skogs- og fjellbygder med innslag av sørsamisk busetnad. I grenseområda mot Sverige ligg store nasjonalparkar.

Fylket har hatt gjennomgåande svak folketalsutvikling i etterkrigstida og har slite med nedlegging av industri og bergverksdrift og færre arbeidsplassar i primærnæringane. Områda nærmast Trondheim, særleg Stjørdal og Verdal, har hatt sterkast økonomisk vekst dei siste tiåra.

På Flatanger i Nord-Trøndelag braut det 27. januar 2014 ut ein lyngbrann som utvikla seg til ein av dei verste utmarksbrannane i Noreg i nyare tid.

Statsminister Erna Solberg på besøk i Flatanger kommune 4. februar 2014 etter den store brannen. Foto Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.?

Statsminister Erna Solberg på besøk i Flatanger kommune 4. februar 2014 etter den store brannen. Foto Statsministerens kontor, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Miljø og klima

Kysten er sterkt oppskoren av fjordar og har større område med strandflater, særleg i Vikna. Dei gode jordbruksområda vi finn i Inntrøndelag, er danna av sand og leire som blei avsett på grunn havbotn mot slutten av den siste istida, og som seinare har stige opp av havet på grunn av landhevinga. I grenseområda mot Sverige i aust er landskapet prega av breie, skogrike dalar og låge fjellområde. Det er store skilnader mellom det milde klimaet langs kysten og det kaldare innlandsklimaet, men Trondheimsfjorden dempar både vinterkulden og sommarvarmen i dei fjordnære stroka.

Vegetasjonen i Nord-Trøndelag vekslar mellom urskog, lauvskog, barskog, myrar og høgfjell. Fylket har faste bestandar av bjørn, gaupe, kongeørn, gaupe og jerv. Ulven finst berre som streifdyr. Elg er utbreidd, og elgjakta er viktig i dette fylket. Nord-Trøndelag har kring 40 lakseførande vassdrag og meir enn hundre elvar med sjøaure.

I den nordvestlege delen av Nord-Trøndelag dominerer grunnfjellsbergartar som gneis og gneisgranitt, medan berggrunnen i sør og aust for det meste er danna under den kaledonske fjellkjedefaldinga.

Elgjakt er viktig i Nord-Trøndelag fylke. Her frå elgjakt i Fossland i Grong kommune. Foto: Oddvar Moa, Grong Kommune på Flickr.com CC BY 2.0.

Elgjakt er viktig i Nord-Trøndelag fylke. Her frå elgjakt i Fossland i Grong kommune. Foto: Oddvar Moa, Grong Kommune på Flickr.com CC BY 2.0.

Historie

Dei rike landbruksbygdene i Inntrøndelag fekk tidleg fast busetnad. Husdyrhald er truleg den eldste næringsvegen, medan åkerbruk med korndyrking kan sporast tilbake til ikring 500 år f.Kr. I løpet av jernalderen blei samfunnet organisert i større einingar, med Værnes, Skogn, Mære og Egge som regionale senter. Lenger nord i fylket, i Snåsa og Namdalen, fanst større grupper med sørsamar, med ei meir nomadisk livsform.

Frostatingslova er ei av dei eldste norske landskapslovene. Frostating omfatta åtte fylke i Trøndelag, i tillegg til Nordmøre, Namdalen og i seinare tid Hålogaland. Tingstaden var opphavleg på garden Logtun på halvøya Frosta, men blei seinare flytta til Trondheim.

Tingstaden på Logtun på halvøya Frosta. Foto: Bernt Rostad, Flickr.com CC BY 2.0.

Tingstaden på Logtun på halvøya Frosta. Foto: Bernt Rostad, Flickr.com CC BY 2.0.

29. juli 1030 stod slaget på Stiklestad. Her blei vikingkongen Olav Haraldsson drepen i kamp mot ein norsk bondehær. Etter at han var død, blei Olav rekna som martyr og norsk helgenkonge, og slaget markerer såleis den fullstendige kristninga av landet. Datoen er i ettertid blitt markert som olsok, ein av dei viktigaste norske kyrkjefestane.

Rytterstatue på Stiklestad som framstiller Olav den heilage. Kong Olav Haraldsson vart drepen 29. juli 1030 på Stiklestad etter å ha vore konge i 15 år. Statuen, som er støypt i bronse, er laga av bilethoggaren Dyre Vaa (1973) og står på området til Stiklestad Nasjonale Kultursenter AS. Foto: Rob Stoeltje, Flickr.com CC BY 2.0.

Rytterstatue på Stiklestad som framstiller Olav den heilage. Kong Olav Haraldsson vart drepen 29. juli 1030 på Stiklestad etter å ha prøvd å vinna att riket. Statuen, som er støypt i bronse, er laga av bilethoggaren Dyre Vaa (1973) og står på området til Stiklestad Nasjonale Kultursenter AS. Foto: Rob Stoeltje, Flickr.com CC BY 2.0.

Under innføringa av reformasjonen forsvarte erkebiskop Olav Engelbrektsson katolske interesser. Han bygde Steinvikholm slott på Skatval som festningsverk og bustad, men i 1537 måtte han rømme frå landet. Seinare budde lensherren i Trøndelag ei tid på slottet.

På 1800-talet blei jordbruket etter kvart prega av nye metodar og større grad av mekanisering. Samstundes blei det spreidd nye tankar om opplysning og utdanning. Ein pioner i dette arbeidet var Ole Vig, husmannsson frå Vikan i Stjørdal. Som lærar, skribent og forfattar formidla han idear om eit nytt og demokratisk skulesystem, og han var med på å førebu grunnen for dei epokegjerande skulelovene frå 1860 og 1889.

Nord-Trøndelag fekk sterkt forbetra kommunikasjonar på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Meråkerbana stod ferdig i 1881. Jernbana nådde Sunnan ved enden av Snåsavatnet i 1905 og Namsos i 1933. Småbyane Levanger, Steinkjer og Namsos voks fram basert på handel med trelast og jordbruksprodukt.

I 1893 blei fylket ramma av ein av dei største naturkatastrofane i nyare tid, då Verdalsraset tok livet av 112 menneske. Under andre verdskrigen sette dei allierte i land styrkar i Namsos for å ta Trondheim tilbake frå tyskarane. Operasjonen lukkast ikkje, men tyske fly bomba Namsos og Steinkjer, slik at begge byane måtte byggjast opp att frå grunnen.

Namsos etter bombinga i 1940. Kredit: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).

Namsos etter bombinga i 1940. Kredit: Riksarkivet (National Archives of Norway), Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain).

Sosiale forhold

Nord-Trøndelag ligg litt bak resten av landet i inntektsutvikling. Fylket har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 19 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt – 24,1 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Talet på melde lovbrot per innbyggjar er blant dei lågaste i landet. Skilsmisseraten er litt lågare enn elles, og det er litt færre røykjarar. 23 % av dei vaksne nordtrønderane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 5,2 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, langt under landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Jordbruket er relativt viktig i Nord-Trøndelag, med ein høg peosentdel av dei sysselsette i primærnæringane (6,8 %, mot 2,4 % i heile landet). Flatbygdene i indre Trøndelag er blant dei beste jordbruksdistrikta i landet, og i fylket blir det drive både grasproduksjon, husdyrhald og grønsak- og korndyrking. Nord-Trøndelag er det fjerde største kornfylket i landet. Næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i fylket. I indre delar av Namdalen er skogbruket viktig, medan fiske og havbruk spelar ei stor rolle i dei ytre stroka.

Fylket hadde tidlegare omfattande bergverksdrift, men denne aktiviteten er no for det meste nedlagd. Blant dei største industribedriftene i Nord-Trøndelag er papirfabrikken Norske Skog på Skogn og verftet Kværner Verdal, som mellom anna byggjer understell for oljeplattformer. Den sistnemnde bedrifta ligg i industriparken i Verdal, som er den tredje største i landet. Det fylkeskommunalt eigde Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk er eit av dei største elektrisitetsverka i landet og står for mesteparten av kraftproduksjonen i fylket.

Tenesteytande næringar sysselset færre av dei yrkesaktive i Nord-Trøndelag enn elles i landet (ca. 72 %, mot 77 % i landsgjennomsnitt). Reiselivet har relativt lite å seie. Fylket har både gjennomgangstrafikk og eigne turistmål, mellom anna Stiklestad, men overnattingskapasiteten er liten.

Innhausting på gard i Levanger. Foto: Erik Røstad, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Innhausting på gard i Levanger. Foto: Erik Røstad, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

To jernbaner går gjennom Nord-Trøndelag: Nordlandsbana mellom Trondheim og Bodø, og Meråkerbana, som går frå Hell og over til Sverige. På Værnes i Stjørdal ligg Trondheim lufthamn, som har ei rekkje flyruter både innanlands og til utlandet, og dessutan charterflygingar. Fylket har elles to kortbaneflyplassar med fast rutetrafikk, Rørvik og Namsos. Nord-Trøndelag har to europavegar: E6, som går frå grensa mot Sør-Trøndelag via Levanger, Verdal og Steinkjer til grensa mot Nordland, og E14 mellom Stjørdal og svenskegrensa. Dei største øyane som ikkje er knytte til vegnettet, er Leka og Jøa, som begge har ferjesamband til fastlandet.

Administrativ og historisk inndeling

Nord-Trøndelag fylke har desse 23 kommunane: Flatanger, Fosnes, Frosta, Grong, Høylandet, Inderøy, Leka, Leksvik, Levanger, Lierne, Meråker, Namdalseid, Namsos, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik (samisk: Raarvihken), Snåsa (samisk: Snåasen), Steinkjer, Stjørdal, Verdal, Verran og Vikna. Namsos og Steinkjer er historiske byar. Levanger miste bystatusen ved ei kommuneregulering i 1964, men fekk han att i 1997. Også Stjørdalshalsen (i Stjørdal), Verdalsøra (i Verdal) og Kolvereid (i Nærøy) har fått bystatus etter 1995.

Nord-Trøndelag hadde på det meste, frå 1923 til 1962, 48 kommunar. I 1962 blei Hegra, Lånke og Skatval slått saman med Stjørdal. Åsen, Skogn og Frol gjekk inn i Levanger, og Sandvollan og Røra blei slått saman med Inderøy. I 1964 blei Steinkjer utvida kraftig. I tillegg til den gamle bykommunen omfatta den nye kommunen òg Beitstad, Sparbu, Ogndal, Egge, Stod og Kvam. Ei storsamanslåing kom same året i området kring Namsos, der Vemundvik, Klinga og storparten av Otterøy gjekk inn i bykommunen Namsos. Kolvereid, Gravvik og storparten av Foldereid gjekk inn i Nærøy. Ytterøy blei slått saman med Levanger, Malm med Verran, Harran med Grong, og Sørli og Nordli gjekk saman i den nye kommunen Lierne. I 2012 blei Mosvik slått saman med Inderøy.

I Namdalen slår Namdalseid, Fosnes og Namsos seg saman frå 1.1.2020. Venstre, Høgre og Framstegspartiet har blitt samde om å slå saman Vikna og nærøy i ytre Namndalen frå same dato. Også Steinkjer og Verran slår seg saman. Leksvik slog seg saman med Rissa i Sør-Trøndelag allereie 1.1.2018.

Nord-Trøndelag var opphavleg ein del av Trondhjems amt, som omfatta heile Trøndelag. I 1804 blei amtet delt i to, ein nordleg og ein sørleg del. Frå 1.1.2018 blei dei fylka igjen eitt.

Fylket blir i mange samanhengar delt i to regionar: Namdalen og Inntrøndelag.

Namsos sett frå sjøen. Foto: Grete Rasmussen, Flickr.com CC BY 2.0.

Namsos sett frå sjøen. Foto: Grete Rasmussen, Flickr.com CC BY 2.0.

Demografi

Nord-Trøndelag er det tredje tynnast folkesette fylket i Noreg, etter Finnmark og Sogn og Fjordane. Samtidig er fylket eit av dei mest spreiddbygde i landet – berre 58 % av folket bur i tettbygde strok, medan landsgjennomsnittet er 80 %. Byane er gjennomgåande små. Dei største er Steinkjer (12 084 innbyggjarar i tettbygd område), Stjørdalshalsen (11 139 innb.), Levanger (9256 innb.), Namsos (8282 innb.) og Verdalsøra (7906 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Nord-Trøndelag auka svakt gjennom det meste av etterkrigstida fram til 1984, berre avbrote av ein stagnasjonsperiode i 1960-åra som kom av stor utflytting. Fylket hadde høge fødselsoverskot fram til 1970-talet, då overskotet tok til å minke. Frå midten av 1980-åra til tusenårsskiftet låg folketalet nokså stabilt kring 127 000. I denne perioden hadde fylket netto utflytting. På 2000-talet kom det så ein ny auke i folketalet på grunn av innvandring. I 2015 var 7,5 % av innbyggjarane i Nord-Trøndelag fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

To kommunar i Nord-Trøndelag soknar til regionråd i nabofylket i sør: Leksvik er med i både Fosen regionråd og Trondheimsregionen, medan Stjørdal er med i det sistnemnde regionrådet. Stjørdal er òg med i Værnesregionen, som er eit samarbeid med Frosta og Meråker i Nord-Trøndelag og Tydal, Selbu og Malvik i Sør-Trøndelag. Fylket har elles to samkommunar og tre andre regionråd: Innherred samkommune (Levanger og Verdal kommunar), Midtre Namdal samkommune (Namsos, Overhalla, Namdalseid og Fosnes), INVEST (Inderøy, Steinkjer og Verran), Ytre Namdal regionråd (Nærøy, Vikna og Leka) og Indre Namdal regionråd (Grong, Høylandet, Lierne, Namsskogan, Røyrvik og Snåsa).

Fylket ligg under Frostating lagmannsrett og er delt i to tingrettsdistrikt: Inntrøndelag og Namdal. Det ligg under Trøndelag politidistrikt, som òg omfattar  Bindal i Nordland. Nord-Trøndelag høyrer til Helseregion Midt-Noreg og utgjer eitt helseføretak, Helse Nord-Trøndelag, med sjukehus i Levanger og Namsos. Det ligg under Vegregion Midt og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Nord-Trøndelag høyrer til Nidaros bispedøme og er delt i fem prosti: Stjørdal, Sør-Innherad, Nord-Innherad, Nærøy og Namdal. Leksvik kommune høyrer til Fosen prosti, som elles ligg i Sør-Trøndelag.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største partiet ved alle fylkestingsvala i Nord-Trøndelag sidan 1975, men fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal, med unntak av ein periode. Senterpartiet har heile tida vore det nest største partiet og var tidleg i 1990-åra nesten like stort som Ap. Sp hadde fylkesordføraren i 1967–95 og 2003–07, og Ap i 1995–2003. Fylkesordførar 2015–19 er Pål Sæther Eiden (H). Nord-Trøndelag har eit parlamentarisk system med eit fylkesråd som har den utøvande politiske makta i fylkeskommunen. Leiaren av fylkesrådet er Anne Marit Mevassvik (Ap).

Blant stortingsrepresentantane frå Nord-Trøndelag har det dei siste tiåra vore ei nokså jamn fordeling mellom den sosialistiske og den borgarlege sida. Robert Eriksson (FrP) frå Verdal var arbeids- og sosialminister i Noreg i 2013–15.

Landbruk har vore eit viktig saksområde i Nord-Trøndelag, og fylket har hatt fleire av landbruksministrane i Noreg – dei siste er Bjarne Håkon Hanssen (2000–01, Ap) og Lars Peder Brekk (2008–12, Sp). Hanssen har òg vore arbeids- og inkluderingsminister og helseminister. Andre politikarar frå fylket av nasjonalt format er Johan J. Jakobsen, som var kommunalminister, samferdselsminister og formann i Senterpartiet, Per Sandberg, nestleiar i Framstegspartiet og fiskeriminister, og Marit Arnstad, som tidlegare har vore olje- og energiminister og samferdselsminister, og som er parlamentarisk leiar i Sp.

Per Sandberg, fiskeriminister frå 2015, er frå Levanger i Nord-Trøndelag. Foto: Alexander Helberg © IC Hendel, Fremskrittpartiet på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Per Sandberg, fiskeriminister frå 2015, er frå Levanger i Nord-Trøndelag. Foto: Alexander Helberg © IC Hendel, Fremskrittpartiet på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Språk

Nord-Trøndelag fylkeskommune er nøytral når det gjeld tenestemål. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og 20 av kommunane i fylket er òg nøytrale når det gjeld tenestemål, medan tre kommunar (Meråker, Fosnes og Nærøy) nyttar bokmål.

To av kommunane i Nord-Trøndelag ligg innanfor forvaltningsområdet for samisk språk: Røyrvik/Raarvihken og Snåsa/Snåasen. Her er samisk og norsk likestilte språk. Desse språkreglane gjeld òg for Nord-Trøndelag fylkeskommune. Fylket ligg innanfor det sørsamiske busetnadsområdet i Noreg, som strekkjer seg frå Saltfjellet i nord til Elgå i Hedmark i sør. Ein reknar med at berre nokre hundre personar kan snakke sørsamisk, og språket er klassifisert som alvorleg truga.

Under 0,1 % av elevane i grunnskulen i Nord-Trøndelag har samisk som opplæringsmål, resten bokmål. Av innvandrarspråk er somalisk, arabisk, tigrinja, polsk og dari dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Nord-Trøndelag høyrer til dei trøndske målføra. Dei har tjukk l, kløyvd infinitiv (til dømes å kast, men å tålå) og sterk palatalisering (manj, kvitj). Det går eit skilje mellom inntrøndersk og uttrøndersk, og mellom målet i Innherad og i Namdalen. I sør endar presens av a‑verb på ‑e eller ‑i, i Namdalen mest på ‑a, medan Snåsa og Lierne er utan endingsvokal (kast). Dativbøying er vanlig så nær som i ytre Namdalen. Ein seier for det meste æ eller eg, i Namdalen æig.

Kunst, kultur og idrett

Nord-Trøndelag har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Trønder-Avisa (Steinkjer, 19 717), Namdalsavisa (Namsos, 10 798), Stjørdalens Blad (Stjørdal, 6601), Steinkjer-Avisa (Steinkjer, 4961), Innherreds Folkeblad og Verdalingen (Verdal, 4225), Levanger-Avisa (Levanger, 3776), Ytringen (Kolvereid, 2837), Lokalavisa Verran-Namdalseid (Malm, 2185), Inderøyningen (Inderøy, 2047), Frostingen (Frosta, 1679), Snåsningen (Snåsa, 1638) og Meråkerposten (Meråker, 1067).

NRK hadde tidlegare eige distriktskontor i Nord-Trøndelag, men i 2002 blei det slått saman med NRK Sør-Trøndelag, og Steinkjer er no lokalkontor under NRK Trøndelag.

Høgskulen i Nord-Trøndelag har studiestader i Levanger, Steinkjer, Namsos og Stjørdal og tilbyr utdanning innanfor farmasi, helsefag, idrett og friluftsliv, medieteknologi, pedagogikk, natur- og landbruk, trafikkskule og økonomi, organisasjon og leiing.

Musea i Nord-Trøndelag er etter museumsreforma på 2000-talet organisert under to einingar: Museet Midt (Namdalen) og Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK). Til det førstnemnde ligg mellom anna Norveg – senter for kystkultur og kystnæring, som høyrer til Kystmuseet i Nord-Trøndelag. Norveg ligg i i Rørvik, er eit karakteristisk landemerke som er fylket sin tusenårsstad, og som blei nominert til EU sin pris for samtidsarkitektur i 2005. SNK er nasjonal knutepunktinstitusjon, med særskilt ansvar for å formidle kunnskap om Olav Haraldsson og slaget på Stiklestad. I verksemda til kultursenteret inngår Spelet om Heilag-Olav, det eldste og eit av dei mest profilerte historiske spela i landet. På Stiklestad har òg regionteateret i fylket, Nord-Trøndelag Teater, basen sin.

Norveg – senter for kystkultur og kystnæring. Foto: Erco belysning, Thomas Mayer (brukt med løyve frå Kystmuseet i Nord-Trøndelag).

Norveg – senter for kystkultur og kystnæring. Foto: Erco belysning, Thomas Mayer (brukt med løyve frå Kystmuseet i Nord-Trøndelag).

Nord-Trøndelag har fostra fleire av dei fremste forfattarane i landet. Blant dei er Olav Duun frå Jøa, som skreiv om livet blant bønder og fiskarar i Namdalen, mellom anna i hovudverka Juvikfolke og Medmenneske. Ein annan er Kristofer Uppdal frå Steinkjer, som har skildra rallarlivet og framveksten av arbeidarrørsla i romanen Dansen gjenom skuggeheimen.

Frå fylket kjem elles framståande artistar som Åge Alexandersen, Bjarne Brøndbo, Hans Rotmo og Terje Tysland, skodespelaren Ingrid Bolsø Berdal, fotomodellen og redaktøren Mona Grudt og idrettsutøvarar som handballspelaren og ‑trenaren Marit Breivik og langrennsløparane Petter Northug og Frode Estil.

Kjelder

Gerd Søraa (red.): Bygd og by i Norge. Trøndelag. Oslo 1976

Jernbaneverket: «Nordlandsbanen», publisert 20.8.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Nordlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Jernbaneverket: «Meråkerbanen», publisert 22.1.2014: http://www.jernbaneverket.no/Jernbanen/Banene/Merakerbanen/ [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Nord-Trøndelag fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_16 - KAPITTEL_16 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser». medienotrge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Nord-Trøndelag», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/nord-trondelag/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Samelovens språkregler og forvaltningsområdet for samisk språk», sist oppdatert 12.8.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Fakta om samiske språk», sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/#2 [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

John Stokkan og Knut A. Rosvold: «Nord-Trøndelag», snl.no, sist oppdatert 16.4.2015: https://snl.no/Nord-Trøndelag [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Nord-Trøndelag fylkesbibliotek og Olav Duun-stiftinga: «Olav Duun og Nobelprisen han aldri fekk», http://olavduun.no/aktuelt/olav-duun-og-nobelprisen-han-aldri-fekk [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Nord-Trøndelag fylkeskommune

Først publisert: 19.01.2016
Sist oppdatert: 09.08.2019