Hopp til innhold
X
Innhald

Nordland fylke

Nordland er det sørlegaste og mest folkerike av fylka i Nord-Noreg. Det er det nest største fylket i areal og femner om eit mangfald av natur og samfunn, frå innlandsbygder som Hattfjelldal til øykommunar langt frå fastlandet, mellom anna Træna, Værøy og Røst. Nordland har fostra store diktarar som Petter Dass og Knut Hamsun.

Nordland har vore eige fylke sidan 1789. Polarsirkelen går gjennom fylket ved Saltfjellet. Avstandane er store, og fylket har flest kommunar og flest sivile lufthamner i Noreg. Fylkeshovudstaden Bodø er mindre dominerande enn Tromsø er i Troms, for i Nordland er det mange småbyar og sterke regionar. Malmhamna Narvik sette fylket sin strategiske posisjon for alvor på verdskartet i 1940.

Nordland er eit av dei viktigaste fiskerifylka i landet. Øygruppene Lofoten og Vesterålen stikk langt ut i havet lengst nord og markerer eit geografisk brot med det elles lange og smale fylket. Ved Lofoten ligg nokre av dei rikaste fiskeområda i verda, og dei har vore oppsøkte av langfarande fiskarar og fiskeoppkjøparar gjennom hundrevis av år. Oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen har vore ei av dei mest omstridde sakene i norsk politikk på 2000-talet.

Foto frå Lofoten. Foto: Ghislain Mary, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Foto frå Lofoten. Foto: Ghislain Mary, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Miljø og klima

Klimaet i Nordland er nokså einsarta, med ein middeltemperatur kring 0 °C langs kysten. Ingen andre stader på same breiddegrad har så mildt vinterklima som Lofoten. Fylket ligg utsett til for lågtrykk som kjem inn frå vest, og det bles ofte kraftige vindar. Nordland har den nest største isbreen i landet, Svartisen, som ligg i ein av dei åtte nasjonalparkane i fylket. Det høgaste fjellet i Nord-Noreg, Oksskolten (1916 moh.), ligg òg i Nordland. Bodø har midnattssol i juni og første halvdel av juli.

Nordland har eit stort mangfald av naturtypar og artar. Fylket har ei lang kystlinje, med varme havstraumar og ei stor mengd grunnvassområde. Langs kysten finst det ei rekkje viktige hekkeplassar for sjøfugl. Nokre av dei største fuglefjella finn vi i Lofoten, på Værøy og på Røst. Nordland har store bestandar av oter og havørn og utgjer den nordlege grensa for fleire artar av amfibiar og krypdyr og for flaggermus, rådyr og hjort. Fylket har òg dei nordlegaste førekomstane av fleire planteartar, mellom dei blåveis og hassel. Moskstraumen (eller Moskenesstraumen) i Lofoten er ein av dei kraftigaste tidevasstraumane i verda og er myteomspunnen i litteraturen.

Nokre av dei eldste bergartane i verda ligg i Lofoten og er 3,5 milliardar år gamle. Nordland er elles prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga og kalkrike kambrosiluriske bergartar. Landskapet er sterkt oppskore av fjordar og har ei rekkje ville fjellformasjonar, til dømes Stetind i Tysfjord, som er blitt kåra til Noregs nasjonalfjell. Eit unntak er Andøya, der vi finn dei yngste bergartane på land i Noreg og dei største myrane i landet.

Historie

Kysten av Nordland blei teken i bruk av små, omvandrande jegergrupper for ni til ti tusen år sidan. Blant dei eldste spora etter menneske i fylket er steinalderbuplassane på Vega og bergkunstfeltet på Leiknes i Tysfjord.

I yngre jernalder utvikla det seg ei rekkje hovdingdøme i fylket, som då omfatta den sørlege delen av landskapet Hålogaland. I 1980-åra grov arkeologar ut eit større hovdingsete på Borg i Lofoten, med mellom anna eit 83 meter langt hus og med gjenstandar som ein berre finn parallellar til ved dei rikaste hovdingseta i Sør-Noreg. Snorre Sturlason har fleire skildringar av nordnorske stormenn, mellom dei Hårek frå Tjøtta og Øyvind Lambe frå Alstahaug.

 I 1980-åra grov arkeologar ut eit større hovdingsete på Borg i Lofoten. Lofotr vikingmuseum (biletet) ligg på same staden og er bygd opp rundt og formidlar desse funna. Foto: Christoph Strässler, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

I 1980-åra grov arkeologar ut eit større hovdingsete på Borg i Lofoten. Lofotr vikingmuseum (biletet) ligg på same staden og er bygd opp rundt og formidlar desse funna. Foto: Christoph Strässler, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Alt i vikingtida dreiv nordnorske hovdingar sal av tørrfisk til utlandet. Frå 1000-talet og utetter blei dette den viktigaste eksportvara i Noreg. Pietro Querini, ein italiensk adelsmann som stranda saman med mannskapet sitt på Røst i 1432, har skildra korleis menneska i kystsamfunna levde, med rikeleg tilgang til fisk, men òg mjølk og kjøt. Frå seinmellomalderen dominerte hanseatane tørrfiskhandelen.

Fram til 1800-talet hadde byane Bergen og Trondheim monopol på den lukrative nordlandshandelen. I Nordland fanst det lenge ingen byar, men på 1600- og 1700-talet etablerte byborgarar ei rekkje handelsstader langs kysten, til dømes Sandnessjøen, Ørnes, Kjerringøy, Henningsvær, Svolvær og Stokmarknes. Bodø fekk kjøpstadrettar i 1816, men tok ikkje til å vekse i større omfang før i 1860- og 70-åra, då det gjekk føre seg eit rikt fiske etter storsild i Nordland.

Frå slutten av 1800-talet blei fisket utført med stadig meir moderne og effektive metodar. Dette skjedde ikkje utan reaksjonar – i 1890 stod Trollfjordslaget, eit slagsmål mellom småbåtfiskarar og dampskipsfiskarar. I etterkant av slaget vedtok Stortinget forbod mot bruk av not under Lofotfisket.

Ofotbana, frå dei nordsvenske gruvene fram til Narvik, stod ferdig i 1903, og med dette blei Narvik ei viktig eksporthamn, med stor strategisk interesse. Hitler var oppteken av å sikre forsyningane med jernmalm, og i april 1940 okkuperte tyskarane byen. Dei blei pressa tilbake av norske og allierte styrkar, men etter Hitlers angrep mot Frankrike i juni trekte dei allierte seg ut.

Slaget om Narvik under den tyske invasjonen varte i om lag to månader. Foto frå Narvik, datert 13.6.2015. Foto: Franz Hollerweger/Kepplinger, kjelde: Arkiv i Nordland, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Slaget om Narvik under den tyske invasjonen varte i om lag to månader. Foto frå Narvik, datert 13.6.2015. Foto: Franz Hollerweger/Kepplinger, kjelde: Arkiv i Nordland, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Sosiale forhold

Nordland ligg litt bak resten av landet i inntektsutvikling. Fylket har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 26 % av hushalda under 350 000 og 20 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt – 23,5 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Også den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet. Mennene i Nordland kan rekne med å bli 78,3 år gamle og kvinnene 82,7 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i landet som heilskap. Når det gjeld delen av folket som røykjer, ligg fylket på linje med landsgjennomsnittet, medan skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar er litt lågare. 6 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, langt under landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Fiskeria er viktige for næringslivet i Nordland, både fiske etter villfisk og fiskeoppdrett. På grunn av fiskeria er det relativt mange sysselsette i primærnæringane i fylket (5,0 %, mot 2,4 % i heile landet). Lofotfisket er det største sesongfisket, men også kystfiske etter sild og sei er viktig. Nordland er det nest største fylket i landet målt i fangst og verdi av villfisk. Fylket er det største i landet når det gjeld produksjon av oppdrettsfisk, med sal av matfisk for 7,8 milliardar kroner i 2013. Også fiskeforedling spelar ei sentral rolle, sjølv om lønsemda i denne sektoren har gått tilbake dei seinare åra.

Fiskebåt ute på lofotfiske i januar. Foto: Einar Stamnes Flickr.com CC BY 2.0.

Fiskebåt ute på lofotfiske i januar. Foto: Einar Stamnes Flickr.com CC BY 2.0.

Næringsmiddelindustrien er den industrigreina i fylket som har flest sysselsette. Nest størst er metallindustrien, der aluminiumsverket i Mosjøen og ferrosilisiumverket Salten Verk i Sørfold er dei viktigaste bedriftene. I Glomfjord er det store anlegg for produksjon av gjødsel. Her var det i 2008–10 også ein fabrikk som laga solcellepanel. Nordland har gruvedrift ei rekkje stader, og Narvik er utskipingshamn for malmgruvene i Nord-Sverige. På Andøya ligg eit senter for utskyting av forsøksrakettar og prøveballongar.

Jordbruket i Nordland er først og fremst prega av grasproduksjon og husdyrhald. I indre strok lengst i sør er skogbruk ei viktig næring. Lofoten og Vesterålen er distrikt som tiltrekkjer seg mange turistar, med omfattande utleige av rorbuer. Av andre reisemål kan nemnast isbreen Svartisen og dei åtte nasjonalparkane i fylket. Tenesteytande næringar sysselset ca. 75 % av dei yrkesaktive i Nordland (mot 77 % i landet som heilskap).

Samferdsel og kommunikasjon

Nordland har to jernbaner: Nordlandsbana, som går frå grensa mot Nord-Trøndelag til Bodø, og Ofotbana, som går frå Narvik til grensa mot Sverige. Fylket har ei helikopterhamn på Værøy og heile tolv sivile lufthamner: Narvik, Stokmarknes, Svolvær, Leknes, Røst, Mosjøen, Sandnessjøen, Brønnøysund, Mo i Rana, Andøya, Harstad/Narvik (Evenes) og Bodø. Dei to sistnemnde inngår i stamrutenettet og har charterflygingar og direkte flyruter til Sør-Noreg og utlandet. Også Andøya har flyruter til Oslo, medan resten er kortbaneflyplassar. Nordland har tre europavegar: E6, som går gjennom indre delar av fylket frå grensa mot Nord-Trøndelag via Mosjøen, Mo i Rana, Fauske og Narvik til grensa mot Troms, E12 frå Mo i Rana til svenskegrensa ved Umbukta, og E10 frå Å i Lofoten til svenskegrensa på Bjørnfjell. Hovudåra i ytre strok sør for Salten er fylkesveg 17 frå fylkesgrensa mot Nord-Trøndelag via Brønnøysund, Sandnessjøen og Glomfjord til Tverlandet ved Bodø. Kysten av Nordland består av eit mylder av større og mindre øysamfunn, og mange av dei er avhengige av ferje eller båt for å kome til fastlandet.

Administrativ og historisk inndeling

Nordland fylke har desse 44 kommunane: Alstahaug, Andøy, Ballangen, Beiarn, Bindal, Bodø, Brønnøy, Bø, Dønna, Evenes, Fauske, Flakstad, Gildeskål, Grane, Hadsel, Hamarøy (samisk: Hábmera), Hattfjelldal, Hemnes, Herøy, Leirfjord, Lurøy, Lødingen, Meløy, Moskenes, Narvik, Nesna, Rana, Rødøy, Røst, Saltdal, Sortland, Steigen, Sømna, Sørfold, Tjeldsund, Træna, Tysfjord (samisk: Divtasvuona), Vefsn, Vega, Vestvågøy, Vevelstad, Vågan, Værøy og Øksnes.

Bodø og Narvik er historiske byar. Brønnøysund, Mo (i Rana), Mosjøen (i Vefsn) og Svolvær (i Vågan) er tidlegare byar som miste bystatusen ved kommunereguleringar i 1960-åra, men som fekk statusen tilbake etter 1995. Også Fauske, Leknes (i Vestvågøy), Sandnessjøen (i Alstahaug), Sortland og Stokmarknes (i Hadsel) har fått bystatus etter 1995, slik at fylket no har elleve byar.

Nordland hadde på det meste, frå 1929 til 1962, 69 kommunar. I 1962 gjekk Mosjøen, Drevja og Elsfjord inn i Vefsn og Nordvik og Dønnes blei slått saman til Dønna. Året etter blei så Buksnes, Hop, Borge og Valberg slegne saman til Vestvågøy. I 1964 blei delar av Nesna overført til Leirfjord kommune og den nye Rana kommune, som bestod av Mo, Nord-Rana og Sør-Rana. Korgen gjekk inn i Hemnes og Kjerringøy i Bodin. Nordfold og Leiranger blei slått saman med Steigen, og Svolvær og Gimsøy gjekk inn i Vågan. Langenes gjekk inn i Øksnes, medan Bjørnskinn, Dverberg og Andenes blei slått saman til Andøy. Flakstad gjekk inn i Moskenes, men blei eigen kommune att i 1976. Det same skjedde lenger sør, der gjekk Brønnøysund, Sømna og Velfjord saman i nye Brønnøy kommune, men Sømna reiv seg laus att i 1977. Etter 1964 er desse kommunane slått saman i Nordland fylke: Tjøtta, Alstahaug og Sandnessjøen (1965), Bodø og Bodin (1968), Narvik og Ankenes (1974) og Bodø og Skjerstad (2005).

Frå 1.1.2020 går Nordland frå å ha 44 til 39 kommunar. Narvik, Ballangen og Tysfjord blir ein ny kommune. Tjeldsund slår seg saman med Skånland i Troms. Bindal blir tvangssamanslått med tre kommunar i Nord-Trøndelag.

Nordland låg frå 1671 saman med futedøma Senja og Tromsø (det seinare Troms fylke) under Nordlandene amt, som var eit underamt under Bergenhus stiftamt. I 1789 blei Senja og Tromsø flytta over til Finnmark, og sidan då har fylkesgrensene til Nordland lege uendra. Fylket blir i mange samanhengar delt i fem regionar: Vesterålen, Lofoten, Ofoten, Salten og Helgeland.

Frå 1.1.2020 skal Nordland, Troms og Finnmark utgjere ein eller to regionar. Den endelege inndelinga blir klart seinare.

Kart som viser regionane i Nordland fylke. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO.

Kart som viser regionane i Nordland fylke. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY-SA, kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 4.0 NO.

Demografi

Nordland er eit tynt folkesett fylke, liksom dei andre fylka i Nord-Noreg. Urbaniseringsgraden er låg. 70,7 % av folket i Nordland bur i tettbygde strok, godt under landsgjennomsnittet (81,5 %). Dei største byane er Bodø (40 705 innbyggjarar i det tettbygd området), Mo i Rana (18 685 innb.), Narvik (14 261 innb.), Mosjøen (9 841 innb.), Fauske (6 251 innb.), Sandnessjøen (6 043 innb.), Sortland (5 345 innb.), Brønnøysund (5 070 innb.) og Svolvær (4487 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Nordland nådde sitt høgaste i 1982, med 245 156 innbyggjarar. Folketalet auka nokså jamt i 1950- og 60-åra takka vere høge fødselsoverskot. Seinare har det svinga opp og ned, og enkelte år har det knapt vore fødselsoverskot i det heile. Flyttestraumen har til tider gått stri ut av fylket. Særleg stor var han i slutten av 1960-åra, og i periodar i 1980- og 90-åra var det òg høg netto utflytting. Sidan 2008 har derimot fylket hatt netto innflytting på grunn av innvandring. I 2015 var 8,7 % av innbyggjarane i Nordland fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Nordland fylkeskommune ligg i Bodø, med eigne avdelingar for utdanning, folkehelse, næring og regional utvikling, kultur og miljø, og samferdsel. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Andøy, Bodø, Brønnøysund, Fauske, Glomfjord, Hamarøy, Leknes, Melbu, Mo i Rana, Mosjøen, Narvik, Rognan, Sandnessjøen, Sortland og Svolvær og driv dessutan fleire fagskular. Fylket har fem folkehøgskular.

Nordland har sju regionråd: Vesterålen (kommunane Andøy, Bø, Hadsel, Lødingen, Sortland, Øksnes), Lofotrådet (Flakstad, Moskenes, Røst, Vestvågøy, Værøy og Vågan), Ofotrådet (Ballangen, Evenes, Narvik, Tjeldsund og Tysfjord), Salten (Beiarn, Bodø, Fauske, Gildeskål, Hamarøy, Meløy, Saltdal, Steigen og Sørfold), Helgeland (Alstahaug, Dønna, Herøy, Leirfjord, Rødøy, Træna og Vefsn), Indre Helgeland (Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Nesna, Lurøy og Rana) og Sør-Helgeland (Bindal, Brønnøy, Sømna, Vega og Vevelstad).

Fylket ligg under Hålogaland lagmannsrett og er delt i sju tingrettsdistrikt: Vesterålen, Ofoten, Lofoten, Salten, Rana, Alstahaug og Brønnøy. Det soknar til eitt politidistrikt: Nordland, men Bindal høyrer til Trøndelag og Gratangen i Troms høyrer til Nordland. Nordland høyrer til Helseregion Nord og er delt mellom tre helseføretak: Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Nordlandssjukehuset og Helgelandssjukehuset. Det finst òg sjukehus i Narvik, Bodø, Gravdal, Stokmarknes, Mo i Rana, Mosjøen og Sandnessjøen. Fylket ligg under Vegregion Nord og er delt mellom vegavdelingane Midtre Hålogaland og Nordland. Nordland utgjer Sør-Hålogaland bispedøme og er delt i åtte prosti: Vesterålen, Lofoten, Ofoten, Salten, Bodø domprosti, Nord-Helgeland, Indre Helgeland og Sør-Helgeland.

Nordland fylke er ein del av Barentsregionen, som omfattar tre fylke i Noreg, to len i Sverige, tre landskap i Finland og fem provinsar i Russland.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største partiet ved alle fylkestingsvala i Nordland sidan 1975, men fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal sidan 1995, og Senterpartiet hadde fylkesordføraren i 1995–2007. I perioden 2015–19 er Sonja Alice Steen (Ap) fylkesordførar i sin andre periode og Arve Knutsen (KrF) fylkesvaraordførar. Nordland har eit parlamentarisk system, med eit fylkesråd som har den utøvande politiske makta i fylkeskommunen. Leiaren av fylkesrådet er Tomas Norvoll (Ap).

Frå 1970-åra og fram til 1997 hadde Arbeidarpartiet og SV eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Nordland. Etter 2005 har dei raudgrøne partia (Ap, SV og Sp) hatt eit fleirtal av representantane. Nordland har fostra fleire profilerte stortingspolitikarar, mellom dei Hanna Kvanmo (SV), Hill-Marta Solberg (Ap) og Odd Roger Enoksen (Sp). Sistnemnde var leiar i Senterpartiet i 1999–2003 og har vore både kommunalminister og olje- og energiminister. Eit landsdekkjande parti som har sitt utspring i Nordland er Kystpartiet, som tidlegare hadde Steinar Bastesen som leiar og stortingsrepresentant. Partiet oppstod i 1999 på grunnlag av sterk misnøye med dei etablerte partia sin politikk for fylket, og det fekk stor oppslutning i byrjinga, men har utover på 2000-talet gått kraftig tilbake.

Spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen har vore ei av dei mest omstridde sakene både i nordlandsk og i norsk politikk dei siste åra. Motstandarane har lagt vekt på at utslepp kan gi alvorlege skadar på den sårbare naturen og på fiskeressursane, og dei har vunne fram med sitt syn gjennom småpartia i dei ulike regjeringsalliansane.

Spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen har vore ei av dei mest omstridde sakene både i nordlandsk og i norsk politikk dei siste åra. Foto frå ein aksjon der Natur og Ungdom aksjonerer mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Foto: Natur og Ungdom, Flickr CC BY-ND 2.0.

Spørsmålet om oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen har vore ei av dei mest omstridde sakene både i nordlandsk og i norsk politikk dei siste åra. Foto frå ein aksjon der Natur og Ungdom aksjonerer mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Foto: Natur og Ungdom, Flickr CC BY-ND 2.0.

Språk

Nordland fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, medan fylkesmannen i Nordland har bokmål som tenestemål. 21 av kommunane i fylket er språkleg nøytrale, medan 23 nyttar bokmål.

Ein av kommunane i Nordland ligg innanfor forvaltningsområdet for samisk språk – Tysfjord/Divtasvuona. Her er samisk og norsk likestilte språk. Det same gjeld òg for Nordland fylkeskommune. Nord-Salten, med Tysfjord, Hamarøy og Sørfold, er det sentrale lulesamiske området i Noreg, og omkring 600 menneske bruker lulesamisk aktivt. Det pitesamiske språkområdet strekkjer seg frå Saltfjorden i nord til Ranfjorden i sør, medan det sørsamiske busetnadsområdet går sørover frå Saltfjellet.

0,1 % av elevane i grunnskulen i fylket har samisk som opplæringsmål, resten bokmål. Av innvandrarspråk er somalisk, arabisk, tigrinja, thai og polsk dei mest vanlege, målt etter kor mange på elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

I Nordland sør for Saltfjellet blir det snakka helgelandsdialekt, på nordsida nordlandsk. Helgelandsk har tjukk l og delvis innslag av dativ. I delar av dialektområdet nyttar dei ‑ä i ordendingar (ei grytä, å kastä). Helgelandsk har delvis bortfall av endingsvokal (apokope) i verbalformer, men ikkje i substantiv. Nordlandsk har apokope i begge tilfelle, men tjukk l førekjem berre lengst sør i området. Palatalisering i trykksterke stavingar (bajllan) er derimot vanleg i heile fylket.

Kunst, kultur og idrett

Nordland har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Avisa Nordland (Bodø, 18 590), Rana Blad (Mo i Rana, 9385), Helgelendingen (Mosjøen, 7828), Fremover (Narvik, 7083), Bladet Vesterålen (Sortland, 6944), Lofotposten (Svolvær, 5243), Helgelands Blad (Sandnessjøen, 4589), Saltenposten (Fauske, 4612), Lofot-Tidende (Leknes, 3604), Brønnøysunds Avis (Brønnøysund, 3781), Lokalavisa Nordsalten (Hamarøy, 2789), Våganavisa (Vågan, 2477), Vesteraalens Avis (Stokmarknes, 2210), Andøyposten (Andenes, 2059), Meløyavisa (Ørnes, 2002), Framtia (Meløy, 1678), Øksnesavisa (Myre, 1619), Avisa Hemnes (Korgen, 1572) og Sortlandsavisa (Sortland, 1436).

NRK Nordland har hovudkontor i Bodø.

Universitetet i Nordland ligg i Bodø og blei oppretta i 2011, då den tidlegare Høgskolen i Bodø fekk universitetsstatus. Universitetet har fire fakultet: Handelshøgskolen, Profesjonshøgskolen, fakultet for biovitskap og akvakultur og fakultet for samfunnsvitskap. Høgskolen i Nesna tilbyr mellom anna lærar- og førskulelærarutdanning.

Nordland har fleire mindre forlag, blant dei Orkana Forlag i Stamsund. Musea i Nordland er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under tre einingar: Museum Nord (Lofoten, Ofoten og Vesterålen), Nordlandsmuseet (Salten) og Helgelandsmuseet. I Bodø ligg dessutan Norsk Luftfartsmuseum.

Fleire kjende forfattarar har skildra folkeliv og samfunn i Nordland. Petter Dass var sokneprest på Helgeland og skreiv mellom anna Nordlands Trompet. Knut Hamsun voks opp på Hamarøy, og i mange av bøkene hans går handlinga føre seg i Nordland. På Hamarøy ligg Hamsunsenteret, eit senter vigd til livet og forfattarskapen til Hamsun, medan Alstahaug har Petter Dass-museet. Begge bygga har ein særeigen arkitektur.

Skulpturlandskap Nordland er ei internasjonal kunstsamling bygd i perioden 1992–98. Kunstverka, som er utførte av kunstnarar frå 18 ulike land, er plasserte i landskapet i 32 av kommunane i fylket, og i tillegg ein skulptur i Troms. I Svolvær ligg Nordnorsk Kunstnersenter, som er knutepunktinstitusjon.

Skulptur i Skulpturlandskap Nordland. Foto: Jørgen Zakariassen, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Skulptur i Skulpturlandskap Nordland. Foto: Jørgen Zakariassen, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Nordland Teater er regionteater i fylket. Nordland har elles eit variert tilbod av kulturarrangement og festivalar, med alt frå kammermusikkfestival i Lofoten til VM i skreifiske. Fylket har eigen kunst- og filmfagskule i Kabelvåg.

Frå Nordland kjem fleire folkekjære artistar, mellom anna Halvdan Sivertsen, Kari Bremnes og Morten Abel. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar er kombinertløparen og OL-vinnaren Tom Sandberg, skihopparen Anette Sagen og fotballspelaren Jahn Ivar «Mini» Jakobsen. Sistnemnde spela mellom anna på Bodø/Glimt, det einaste laget i fylket som har nådd toppnivået i norsk fotball.

Kjelder

Leif B. Lillegaard (red.): Bygd og by i Norge. Nordland. Oslo 1976

Jernbaneverket: «Nordlandsbanen», publisert 20.8.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Nordlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Nordland fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_17#KAPITTEL_17 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Nordland», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/nordland/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Samelovens språkregler og forvaltningsområdet for samisk språk», sist oppdatert 12.8.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Fakta om samiske språk», sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/#2 [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Nordland», snl.no, sist oppdatert 9.6.2015: https://snl.no/Nordland [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Nordland fylkeskommune

Først publisert: 16.12.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018