Hopp til innhold
X
Innhald

Oppland fylke

Oppland er det vestlege av dei to langstrekte innlandsfylka på Austlandet som ikkje grensar til sjø. Fylket er tynt folkesett og manglar store byar. Lengst i sør er det flatbygder, i midten breie, lange dalføre, og lengst i nord og vest ligg nokre av dei mest kjende fjellområda våre: Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen. Naturen og bondekulturen i dei øvre delane av Oppland har inspirert mange kunstnarar og forfattarar.

Oppland har vore eige fylke sidan 1781. Dei sørlegaste distrikta, Toten og Hadeland, høyrer til det sentrale austlandsområdet, både kulturelt og geografisk, med bølgjande, grøderikt jordbruksland. Her ligg dei viktige industrisentra Raufoss og Gjøvik, og det er pendlaravstand til Oslo.

I dalføra og fjellbygdene står bygdekulturen sterkare, og her finn vi nynorskkommunane i fylket. I dei indre delane av Oppland er turisme ei viktig næring, med profilerte vintersportsstader som Beitostølen, Hafjell, Skåbu og Kvitfjell. Men også om sommaren er det mange turistar i fjellheimen. Eit av dei mest populære måla for turgåarar er Besseggen i Jotunheimen.

Fleire av verka i Noregs litterære og kunstnarlege kanon er knytt til Oppland – Diktet «Ved Rondane» av Aasmund Olavsson Vinje, skodespelet Peer Gynt av Henrik Ibsen og måleriet «Vinternatt ved Rondane» av Harald Sohlberg høyrer til blant desse verka.

Besseggen i Jotunheimen. Foto: Erik Eskedal, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Besseggen i Jotunheimen. Foto: Erik Eskedal, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Miljø og klima

Oppland er eit innlandsfylke og har eit klima deretter. Dalføra har lite vind og nedbør, og kalde vintrar og varme somrar. Skjåk er det tørraste distriktet i landet. Fjellområda har meir nedbør og kraftigare vindar.

I fylket finst både hjort, elg, rådyr og villrein, og dessutan rovdyr som gaupe, jerv, bjørn og ulv. Bestanden av fjellrev har dei siste åra gått dramatisk tilbake. På Dovrefjell lever nokre hundre moskusar, som er sette ut der av menneske. Mange av fjellvatna har reine aurebestandar, medan vassdraga i låglandet er meir artsrike.

Berggrunnen i Oppland er prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Lengst i sør strekkjer fylket seg inn i Oslofeltet, frå permtida, medan Jotunheimen i nordvest har harde grunnfjellsbergartar. Her ligg fleire av dei høgaste fjelltoppane i landet. Dei to høgaste er Galdhøpiggen 2469 moh. og Glittertind 2466 moh., den sistnemnde medrekna snøskavlen på toppen. Fleire stader i Oppland finst det soner med fyllitt. Hovuddalføra følgjer dei geologiske strukturane i nordvestleg-søraustleg retning. Storparten av arealet i fylket er høgfjell, 56 % ligg over 900 moh.

Utsikt frå Galdhøpiggen. Foto: Alex DeYada, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Utsikt frå Galdhøpiggen. Foto: Alex DeYada, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Historie

Oppland var i førhistorisk tid eit av dei sentrale områda i landet for framstilling av jern. I nesten alle kommunane er det spor etter jernproduksjon. Nokre av anlegga er kring 2000 år gamle, men dei fleste er frå yngre jernalder og mellomalderen. Jern, saman med fangstprodukt, var den første store eksportvara frå Oppland. Jernet blei frakta til byar som Hamar og Bergen og omsett vidare derifrå.

I jordbrukstida utvikla det seg større samfunnsstrukturar med konsentrasjon av økonomisk og politisk makt i fylket. På Hundorp i Gudbrandsdalen ligg ei samling med store gravhaugar frå jernalderen. Etter tradisjonen skal Dale-Gudbrand, ein mektig hovding, ha budd her på 1000-talet. Ifølgje sagaene blei han overtalt av Olav den heilage til å la seg kristne.

På Hundorp i Gudbrandsdalen ligg ei samling med store gravhaugar frå jernalderen. Foto: Sigurd Rage, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

På Hundorp i Gudbrandsdalen ligg ei samling med store gravhaugar frå jernalderen. Foto: Sigurd Rage, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Under Kalmarkrigen i 1612 drog ein skotsk styrke opp gjennom Romsdalen og vidare ned Gudbrandsdalen under leiing av Alexander Ramsay. Ved Kringen i Sel blei dei angripne av ein lokal styrke og nærmast utsletta. Det knyter seg mange segner til det såkalla «skottetoget», mellom anna at ei jente, Prillar-Guri, skulle gi varsel til den norske bondehæren ved å stå på ei fjellhylle og blåse i lur. Lite av segnstoffet blir stadfesta i det samtidige kjeldematerialet.

Flaumen «Storofsen» i juli 1789 – den verste i Noreg nokon gong – gjekk særleg hardt ut over Gudbrandsdalen. Totalt miste 61 menneske livet i dalen under flaumen, saman med nesten 900 husdyr. Over 3000 hus blei øydelagde, og kring 10 000 mål jord blei skylt vekk eller rasa ut.

Oppland fekk betre samband med omverda då det kom dampskip på Mjøsa i 1840-åra. På innsjøen går framleis «Skibladner» i rute – det eldste skipet i Noreg som er i drift, og den einaste attverande hjuldamparen. Dampskipstrafikken gav grunnlag for industriutvikling ved Mjøsa, ikkje minst i og omkring Gjøvik. Mot slutten av 1800-talet blei jernbanenettet i fylket kraftig utbygd. Jernbana nådde Otta i 1896, Gjøvik i 1902 og Fagernes i 1906. Dovrebana blei fullført i 1921.

Skipet Skibladner, eldste skipet i Noreg som er i drift, og den einaste attverande hjuldamparen. Foto: Daniela Nedelkova, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Skipet Skibladner, eldste skipet i Noreg som er i drift, og den einaste attverande hjuldamparen. Foto: Daniela Nedelkova, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Dei olympiske vinterleikane blei arrangerte på Lillehammer i 1994 – det største idrettsarrangementet i Noreg nokon gong. I samband med dette blei infrastrukturen i distriktet rusta kraftig opp, med nye idrettsanlegg, vegar og kulturbygg. Men dei langsiktige positive effektane av OL var mindre enn forventa. Ei rekkje av hotella og utleigehyttene som blei bygde i tida før vinter-OL, gjekk konkurs, blei rivne eller bygde om. OL-anlegga i Hafjell og Kvitfjell førte til stor hyttebygging, men sjølve anlegga blei selde for ei krone kvar for å unngå konkurs.

Sosiale forhold

Fylket ligg eit stykke bak resten av landet i inntektsutvikling. Oppland har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 28 % av hushalda under 350 000 og 17 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt – 23,2 % av innbyggjarane har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Også den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet. Mennene i fylket kan rekne med å bli 78,1 år gamle og kvinnene 82,5 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten ligg under landsgjennomsnittet, og talet på melde lovbrot per innbyggjar er blant dei lågaste i Noreg. Når det gjeld røykjarar, er det litt færre i fylket enn elles i landet. 25 % av dei vaksne opplendingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 5,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, mot 11,5 % i heile landet.

Næringsliv

Oppland har relativt mange sysselsette i primærnæringane (5,3 %, mot 2,4 % i heile landet). Den dominerande driftsforma er grasproduksjon med husdyrhald. Fylket er det største i landet når det gjeld høyavlingar og grønfôr- og silovekstar, medan berre Telemark har mindre kornproduksjon av austlandsfylka. Skogbruket spelar òg ei viktig rolle. Fylket er det tredje størst i landet rekna i totalt skogareal, med gran som det viktigaste treslaget. Mykje av det avverka tømmeret blir foredla utanfor Oppland.

Fylket er relativt industrifattig. Rekna i sysselsetjing er næringsmiddelindustrien, metallvareindustrien og trelast- og trevareindustrien dei største industrigreinene. Mykje av industrien er sentrert i og omkring Raufoss, Lillehammer og Gjøvik. På Raufoss ligg Raufoss Industripark, ein av dei største i landet, med kring 40 ulike bedrifter og om lag tre tusen tilsette. Industrikonsernet Raufoss ASA byggjer vidare på Raufoss Ammunisjonsfabrikk, som blei grunnlagd i 1896.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 74 % av dei yrkesaktive i Oppland (mot 77 % i heile landet). Reiselivet er ei viktig næring, og det er stor turisttrafikk, særleg i Gudbrandsdalen og Valdres. Nokre av dei mest populære fjellområda blant fotturistar – Jotunheimen og Rondane – ligg i Oppland. I Hafjell og Kvitfjell ligg store alpinanlegg, som blei utbygde i samband med vinter-OL i 1994. Av større attraksjonar kan nemnast museet Maihaugen ved Lillehammer og Hunderfossen familiepark.

Samferdsel og kommunikasjon

Fire jernbaner går gjennom Oppland: Gjøvikbana mellom Oslo og Gjøvik, Dovrebana mellom Eidsvoll og Trondheim gjennom Gudbrandsdalen, Raumabana mellom Dombås og Åndalsnes, og Roa-Hønefossbana mellom Roa og Hønefoss. Fylket har berre éin flyplass, med avgrensa rute- og chartertrafikk, Fagernes lufthamn. Vegnettet i fylket er godt utbygd. Dei viktigaste hovudårane er E16 frå fylkesgrensa mot Buskerud gjennom Valdres til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane på Filefjell, riksveg 4 frå fylkesgrensa mot Akershus via Gjøvik til Biri, E6 frå fylkesgrensa mot Hedmark på Mjøsbrua gjennom Gudbrandsdalen til fylkesgrensa mot Sør-Trøndelag på Dovrefjell, og E136 frå Dombås til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal.

Tog på Dovrebana vinterstid. Dovrebana går mellom Eidsvoll og Trondheim gjennom Gudbrandsdalen. Foto: Kabelleger, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Tog på Dovrebana vinterstid. Dovrebana går mellom Eidsvoll og Trondheim gjennom Gudbrandsdalen. Foto: Kabelleger, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Oppland fylke har desse 26 kommunane: Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Jevnaker, Lesja, Lillehammer, Lom, Lunner, Nord-Aurdal, Nord-Fron, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vang, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vågå, Østre Toten, Øyer og Øystre Slidre. Gjøvik og Lillehammer er historiske byar, medan Fagernes (i Nord-Aurdal) og Otta (i Sel) fekk bystatus høvesvis i 2007 og 2000.

Oppland hadde på det meste, frå 1914 til 1962, 37 kommunar. I 1962 blei Østre og Vestre Gausdal slått saman til den nye kommunen Gausdal. Brandbu gjekk inn i Gran, Fluberg i Søndre Land og Torpa i Nordre Land. I 1964 blei Fåberg slått saman med Lillehammer. Biri, Snertingdal og Vardal gjekk inn i Gjøvik, Kolbu i Østre Toten og Eina i Vestre Toten. I 1965 blei Heidal slått saman med Sel, og året etter gjekk Nord-Fron og Sør-Fron saman i den nye kommunen Fron. I 1977 blei det sistnemnde hopehavet oppløyst, og dei to kommunane heldt fram kvar for seg.

Oppland høyrde opphavleg til Akershus stiftamt. I 1687 blei Gudbrandsdalen og Hedemarken oppretta som eige amt, men etter få år gjekk det inn att i stiftamtet. Oplandene, som omfatta både Oppland og Hedmark, blei i 1756 skilt ut som eige amt. I 1781 blei så dette amtet delt i to, Kristians amt og Hedemarkens amt. Kristians amt skifta namn til Oppland fylke i 1919. Fylket blir i fleire samanhengar delt i desse regionane: Valdres, Toten, Gudbrandsdalen og Ottadalen.

Oppland blir 1.1.2020 igjen slått saman med Hedmark fylke til ein ny innlandsregion.

Demografi

Oppland er eit tynt folkesett og lite urbanisert fylke. 57,4 % av folket bur i tettbygde strok, langt under landsgjennomsnittet (80 %). Utanom dei to byane Lillehammer (19 465 innbyggjarar i det tettbygde området) og Gjøvik (19 454 innb.) finst det få store tettstader. Dei største er Raufoss (6962 innb.), Brandbu/Jaren (4612 innb.), Jevnaker (4412 innb.), Dokka (2857 innb.) og Vinstra (2541 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Oppland har auka svakt gjennom det meste av etterkrigstida, med unntak av kortare periodar med stagnasjon og nedgang midt i 1980-åra og i 1990-åra. I 1950- og 60-åra hadde fylket eit høgt fødselsoverskot, som sikra folkevekst trass i til dels stor utflytting. I 1970-åra minka fødselsoverskotet, og sidan 1981 har Oppland hatt fødselsunderskot kvart einaste år. Men samstundes minka òg flyttestraumen ut av fylket, og etter 1970 har det vore netto innflytting dei fleste åra. Størst har innflyttinga vore dei siste åra, på grunn av innvandring. I 2015 var 9,1 % av innbyggjarane i Oppland fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Oppland fylkeskommune ligg i Lillehammer, med eigne fageiningar for mellom anna tannhelse, kultur, vidaregåande opplæring, samferdsel, regional planlegging, arkiv og eigedom. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Dombås, Lom, Otta, Vinstra, Gausdal, Lillehammer, Gjøvik, Lena, Raufoss, Dokka, Gran og Fagernes. Fylket har fagskule i Gjøvik og seks folkehøgskular.

Oppland er omfatta av seks regionråd: Nord-Gudbrandsdal (Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk og Vågå), Midt-Gudbrandsdal (Nord-Fron, Ringebu og Sør-Fron), Lillehammer (Gausdal, Lillehammer og Øyer), Gjøvik (Gjøvik, Nordre Land, Søndre Land, Vestre Toten og Østre Toten), Hadeland (Gran, Jevnaker og Lunner), Ringeriksregionen (Jevnaker forutan Hole og Ringerike i Buskerud) og Valdres (Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre).

Fylket ligg under Eidsivating lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Nord-Gudbrandsdal, Sør-Gudbrandsdal, Gjøvik og Valdres. Det er delt i to politidistrikt: Gudbrandsdal og Vest-Oppland. Jevnaker kommune soknar til Nordre Buskerud politidistrikt. Oppland høyrer til Helseregion Sør-Aust og utgjer saman med Hedmark eitt helseføretak, Sjukehuset Innlandet (Jevnaker ligg under Vestre Viken helseføretak). Det er sjukehus på Lillehammer og i Gjøvik, og lokalmedisinske senter på Fagernes og Otta. Fylket ligg under Vegregion Aust og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Hamar bispedøme og er delt i fem prosti: Nord-Gudbrandsdal, Sør-Gudbrandsdal, Toten, Valdres, og Hadeland og Land.

Oppland fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Oppland er eit forholdsvis raudt fylke politisk. Arbeidarpartiet hadde i 1970- og 80-åra fleirtal åleine i fylkestinget. Seinare har det veksla mellom sosialistisk og borgarleg fleirtal i fylkestinget. Arbeidarpartiet har hatt fylkesordføraren sidan 1975, med unntak av éin periode. I perioden 2011–15 er Gro Lundby (Ap) fylkesordførar og Ivar Odnes (Sp) fylkesvaraordførar.

Gjennom mange tiår hadde Arbeidarpartiet anten åleine eller saman med SV eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Oppland, men ved stortingsvalet i 2013 gjekk eit fleirtal av mandata i fylket til dei borgarlege partia. Ein av Oppland sine mest profilerte politikarar er Olemic Thommesen frå Lillehammer, som har vore kulturpolitisk talsmann for Høgre, stortingsrepresentant sidan 2001 og stortingspresident frå 2013.

Ei sak frå Oppland som fekk stor merksemd nasjonalt, var den såkalla Vågå-saka. I 2012 blei den svært profilerte og populære ordføraren i Vågå, Rune Øygard (Ap) dømt for seksuell omgang med barn under 16 år. Dommen førte til at Øygard trekte seg som ordførar.

Språk

Oppland fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Fylkesmannen i Oppland og ni av kommunane i fylket har bokmål som tenestemål. Ti kommunar er språkleg nøytrale, medan sju nyttar nynorsk (Skjåk, Lom, Vågå, Nord-Fron, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang).

Oppland er det fylket på Austlandet der nynorsken står sterkast. 83 % av elevane i grunnskulen i Oppland har bokmål som opplæringsmål, medan 17 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er polsk, kurdisk, thai, litauisk og dari dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Oppland høyrer til dei austnorske målføra, med kløyvd infinitiv og tjukk l. Det går eit skilje mellom målføra i fjellbygdene i Valdres og Gudbrandsdalen på den eine sida og i flatbygdene på Hadeland, Land og Toten på den andre. I fjellbygdene har dei til dømes fullvokal i fleirtalsformer (til dømes mil = mile, viser = viso), medan flatbygdene har gått over til ə (milər, visər). Vidare har fjellbygdene ulike endingar i sterke og svake hokjønnsord (sola = sole, men visa), noko som ikkje er tilfelle i flatbygdene. Med unntak av Valdres og Hadeland har heile Oppland innslag av palatalisering med j‑farga uttale av ll, nn og dd.

Kunst, kultur og idrett

Oppland har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Oppland Arbeiderblad (Gjøvik, 22 524), Gudbrandsdølen Dagningen (Lillehammer, 22 443), Valdres (Fagernes, 7491), Hadeland (Gran, 6731), Dølen (Vinstra, 3839), Fjuken (Skjåk, 3676), Norddalen (Otta, 2745) og Vigga (Dombås, 2189).

NRK Oppland var tidlegare eit eige distriktskontor. Det er no slått saman med distriktskontoret i Hedmark til NRK Hedmark og Oppland, som har hovudkontor på Lillehammer.

Fylket har to høgskular. Høgskolen i Gjøvik har studietilbod innanfor helse, informatikk, teknologi, medium og økonomi/leiing, medan Høgskolen i Lillehammer gir utdanning innanfor idrett, helse- og sosialfag, pedagogikk, økonomi/administrasjon/leiing, jus, reiseliv, psykologi, internasjonale studium og film/kultur/fjernsyn. Det sistnemnde studietilbodet er den einaste utdanninga av sitt slag i Noreg.

Musea i Oppland er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under fem einingar: Gudbrandsdalsmusea, Mjøsmuseet, Randsfjordmuseene, Valdresmusea og Lillehammer Museum. Under det sistnemnde ligg mellom anna friluftsmuseet Maihaugen, Norges olympiske museum og Norsk Håndverksinstitutt, som arbeider med å dokumentere, bevare og fremje tradisjonelt handverk. I fylket ligg òg Norsk vegmuseum, som er etatsmuseum for Statens vegvesen.

I Oppland blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk, mellom anna Countryfestivalen i Skjåk, Peer Gynt-stemnet (scenekunst) og Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene. Dei to sistnemnde er knutepunktfestivalar. Teater Innlandet er regionteater for Oppland og Hedmark, med base på Hamar.

Birkebeinarrennet mellom Rena og Lillehammer er eit av dei mest tradisjonsrike skirenna i Noreg, med fleire tusen deltakarar kvart år. Om sommaren går terrengløpet Birkebeinarløpet og sykkelrittet Birkebeinarrittet, som er det største terrengsykkelrittet i verda, i det same området.

Oppland har fostra forfattarar som Tor Jonsson, Magnhild Bruheim, Lars Mytting, Hans Olav Lahlum og Åsne Seierstad, musikarar som Viggo Sandvik og Dag Kolsrud og matentusiasten og kjendiskokken Arne Brimi. Knut Hamsun er fødd i Vågå, og Sigrid Undset budde på Bjerkebek på Lillehammer frå 1919 til ho døydde, med unntak av krigsåra 1940–45.

Kjelder

Jernbaneverket: «Dovrebanen», publisert 30.4.2015: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Dovrebanen [lesedato 13.6.2015]

Jernbaneverket: «Gjøvikbanen», publisert 30.4.2015: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Gjovikbanen-status-planer-og-muligheter/ [lesedato 13.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Oppland fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_5 - KAPITTEL_5 [lesedato 13.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Oppland», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/oppland/ [lesedato 13.6.2015]

Oppland fylkeskommune: «Opplandsjern»: http://epi.oppland.org/Opplandsjern/Jernet-og-smeden/Samfunn-og-utbredelse/ [lesedato 20.2.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Oppland», publisert 14.2.2009: https://snl.no/Oppland [lesedato 13.6.2015]

Vestlandsforsking: «Kan Vinter-OL i Oslo få langvarige positive effekter for norsk reiseliv?», publisert 25.8.2013: http://www.vestforsk.no/aktuelt/kan-vinter-ol-i-oslo-faa-langvarige-positive-effekter-for-norsk-reiseliv [lesedato 13.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Oppland fylkeskommune

Først publisert: 04.01.2016
Sist oppdatert: 03.01.2018