Hopp til innhold
X
Innhald

Oslo fylke

Oslo er både fylke og kommune, byen Oslo er hovudstad i Noreg og den største byen i landet. Her held regjeringa og Stortinget til, og her er mykje av makta i landet samla – både økonomisk, politisk og sosialt. Byen har vakse kraftig dei seinare åra. Oslo har langt fleire innvandrarar enn noko anna fylke

Oslo har hatt dei noverande bygrensene sidan 1948. Arbeidslivet i byen er stort sett prega av tenesteproduksjon og administrasjon, det meste av industrien er lagd ned eller har flytta utanfor bygrensa. Den sterke veksten når det gjeld folketal og økonomi i nyare tid, har gjort byen til eit sterkt pressområde. Ein av konsekvensane er dei klart høgaste bustadprisane i landet, noko som gjer det dyrt å etablere seg her.

Oslo har store klasseskilje. Austkanten av byen er meir prega av industriområde og bustadblokker, og her er levekåra jamt over dårlegare enn i dei meir velståande villastroka i vest. Samstundes er ein del bydelar i aust så dominerte av innvandrarmiljø at dei minoritetsspråklege elevane er i fleirtal ved mange skular.

Under terrorangrepet 22. juli 2011 detonerte ei bilbombe ved regjeringskvartalet i Oslo. Åtte personar miste livet, og mange blei skadde. Eksplosjonen førte òg til store materielle skadar.

Oslo roser og lys etter 22 juli 2011 foto Lars Bjørkevoll CC BY SA 3.jpg?w=600

Roser og lys i Oslo sentrum etter terroråtaket 22. juli 2011. Foto Lars Bjørkevoll CC BY SA 3.0

Miljø og klima

Middeltemperaturen på Blindern i Oslo ligg på –4,3 °C for januar og 16,4 °C for juli. Byen ligg skjerma til og er lite utsett for vind, noko som kan føre til opphoping av luftureining, særleg om vinteren. Årsnedbøren er 763 mm (mot til dømes 3575 mm i Brekke i Sogn og Fjordane).

Tettstaden Oslo er omkransa av eit stort natur- og friluftsområde, Oslomarka. Dette er den største bymarka i landet, med eit areal på i alt 1700 kvadratkilometer, der 18 % ligg innanfor bygrensene. Trass i den sterke veksten i Oslo dei seinare åra ligg markagrensa framleis fast, med byggjeforbod i Oslomarka. Området, der det ligg ei mengd hytter og eit omfattande løypenett, er omfatta av ei eiga lov frå 2009.

Barn plukkar bær i Østmarka foto Scott Randall CC BY SA 3.jpg?w=600

To born plukkar bær i Østmarka. Foto: Scott Randall CC BY SA 3.0

Indre Oslofjord har vore ein av dei mest ureina fjordarmane i landet, med store førekomstar av miljøgifter på sjøbotnen, men oppryddingstiltak dei siste åra har ført til store forbetringar.

I Oslo finst tre ulike berggrunnstypar. Den søraustlege delen er grunnfjellsområde, medan den sørvestlege delen og dei sentrale stroka består av bergartar frå kambrosilur. Områda i nord høyrer til Oslofeltet. Dette er ei gamal rift i jordskorpa som strekkjer seg frå Langesund til Brumunddal, og som inneheld ulike bergartar danna i permtida. Låglandet inst i Oslofjorden blir ofte kalla Oslogryta, og her er det gamal havbotn. Grunnen inneheld mykje leire, noko som ofte skaper problem i samband med byggjeverksemd.

Historie

Arkeologiske utgravingar syner at Oslo har hatt byliknande busetnad sidan omkring år 1000, då det voks fram ein marknadsplass ved utløpet av Alna inst i Oslofjorden. Snorre Sturlason skriv at det var Harald Hardråde (konge frå 1046 til 1066) som lét reise kjøpstad i Oslo. Seinare på 1000-talet blei Oslo bispesete, med Sankt Hallvard som skytsengel for byen, og midt på 1100-talet bygde cisterciensarmunkar opp eit klosteranlegg på Hovedøya. Kyrkjene og klostera var store jordeigarar, med mykje økonomisk makt, men inntektene gjekk sterkt tilbake etter svartedauden. På slutten av 1200-talet slo hanseatiske kjøpmenn seg ned i Oslo, og dei dominerte utanrikshandelen i byen i fleire hundreår.

Bygginga av Akershus festning tok til tidleg på 1300-talet. Etter ein større brann i 1624 bestemte kong Kristian 4. at byen ikkje skulle byggjast opp att der han tidlegare hadde lege (i den noverande bydelen Gamlebyen), men flyttast vestover mot festninga og Pipervika. Byen fekk no namnet Kristiania. Først i 1925 gjekk ein tilbake til det gamle namnet Oslo.

OSLo avisgutar på karl johans gate 1905 bladet vikingen foto Anders Beer Wilse CC BY SA 3 0 oslobilder no.jpg?w=600

Avisgutar med bladet "Vikingen" på Karl Johan i 1905. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: oslobilder.no CC BY SA 3.0

På 1700-talet blomstra byen på grunn av ein omfattande trelasthandel, og det voks fram ein velståande handelsborgarskap. Etter 1814 blei byen hovudstad i Noreg, og det kom ny vekst takka vere ei rekkje statsinstitusjonar. Langs Karl Johans gate, som seinare har vore hovudgata i byen, blei det ført opp fleire monumentalbygg, mellom dei Slottet, Universitetet og Stortinget. Byen måtte no utvidast både austover, nordover og vestover. Frå 1840-åra skjedde det ei stor oppblomstring av industri langs Akerselva, og Oslo hadde langt ut på 1900-talet ei rekkje industriverksemder, med mellom anna mekaniske verkstader, tekstilbedrifter og trevareindustri.

I 1948 blei Oslo slått saman med Aker kommune, og byen fekk eit mykje større areal. I etterkrigstida blei det bygd ut store drabantbyar i Groruddalen i aust, medan vestkanten av byen framleis har eit stort innslag av villabustader. Dette har lagt grunnlag for store økonomiske og sosiale skilje mellom dei ulike delane av byen. Frå 1990-åra og utetter er det gjennomført ei kraftig opprusting av dei indre delane av byen, særleg Grünerløkka, som er blitt ein populær bydel. Langs sjøsida i Bjørvika har det kome store utbyggingstiltak, med nye høghus, populært kalla Barcode. Denne arkitekturen har vore sterkt omdiskutert.

Barcode i Bjørvika. Foto: Tore Bustad CC BY SA 3.0

Sosiale forhold

I Oslo finst nokre av dei største sosiale skilnadene i landet. På austkanten av byen bur mange innvandrar og andre menneske med låg inntekt, medan vestkanten har stor grad av villabusetnad, med fleire velståande strok. I 2013 tente 28 % av hushalda under 350 000 og 21 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået er det høgaste i landet – 37,5 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg som heilskap. Den forventa levealderen ligg derimot litt under landsgjennomsnittet. Kvinnene i Oslo kan rekne med å bli 82,4 år gamle og mennene 78,1 år, mot høvesvis 82,9 og 78,4 i heile landet. Byen står i ei særstilling når det gjeld kriminalitet – talet på melde lovbrot per innbyggjar er klart høgast i Noreg. Oslo har litt færre røykjarar enn landsgjennomsnittet. 25 % av dei vaksne i Oslo røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 22,5 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, den høgaste prosentdelen i landet (11,5 % i landsgjennomsnitt). 8,7 % av innbyggjarane er muslimar.

Næringsliv

Oslo har tidlegare vore ein viktig industriby, men mykje av denne sektoren er no borte. Av dei ulike industrigreinene er næringsmiddelindustri, transportmiddelindustri og grafisk industri dei største målt i sysselsetjing.

Byen er først og fremst produsent av tenester for heile landet. Oslo har ein svært høg del av dei yrkesaktive sysselsette i dei tenesteytande næringane (90 %, mot 77 % i landet totalt). Her er stor engros- og detaljhandel og svært mange arbeidsplassar innanfor til dømes IT-tenester, konsulentverksemd, juridisk og rekneskapsmessig tenesteyting, tenester knytte til eigedomsdrift, kunstnarverksemd og underhaldning. Her ligg dessutan det største sjukehuset og det største universitetet i landet, med forsking innanfor mange sektorar. Oslo er òg det finansielle senteret i Noreg, med ei omfattande bank- og finansverksemd.

Oslo er hovudstaden i Noreg, med mange tilsette innanfor offentleg administrasjon. 29 % av dei 160 464 statstenestemennene i Noreg har arbeidsplassen sin her. Stortinget, regjeringa og alle departementa ligg i byen. Også dei fleste landsdekkjande organisasjonane og mange større bedrifter har hovudkontora sine i Oslo.

Oslo har eit omfattande reiseliv, med tilreisande gjennom heile året. I tillegg til turisttrafikken frå utland og innland, som har musea på Bygdøy, Slottet, Vigelandsparken, Holmenkollen, Operabygget og ulike kultur- og underhaldningstilbod som viktige attraksjonar, har byen stor aktivitet når det gjeld kurs og konferansar.

Operaen i Oslo. Foto: Howard Ignatius, Flickr.com CC BY-SA 3.

Operaen i Oslo. Foto: Howard Ignatius, Flickr.com CC BY-SA 3.

Samferdsel og kommunikasjon

Oslo sentralstasjon er eit knutepunkt for togtrafikken i Noreg og er den største jernbanestasjonen i landet. Herifrå går det fem jernbaner: Hovudbana og Gardermobana i nordaustleg retning til Eidsvoll, Østfoldbana i sørleg retning til riksgrensa ved Kornsjø, Gjøvikbana i nordleg retning til Gjøvik og Drammenbana i vestleg retning til Drammen. Hovudbana, Drammenbana og Gardermobana har dobbelspor, og det blir òg bygd dobbelspor på Østfoldbana mellom Oslo og Ski.

Oslo lufthamn ligg på Gardermoen i Ullensaker, 50 km frå Oslo sentrum. Med Flytoget tek turen frå Oslo S til Gardermoen 19 minutt. Dette er hovudflyplassen i Noreg, med kring ein tredel av innanlandstrafikken i landet og over halvparten av utanlandstrafikken.

oslo trikk 1941 foto Anders Beer Wilse CC BY SA 3 0 oslobilder no.jpg?w=600

Trikken i Oslo ein vinterdag i 1941. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: oslobilder.no CC BY SA 3.0

Oslo har eit godt utbygd, men sterkt trafikkert vegnett. Hovudåra forbi sentrum mellom aust og vest går på E6/E18 gjennom Operatunnelen. Byen har òg tre ringvegar nord for sentrum, Ring 1, Ring 2 og Ring 3. Oslo har det einaste t‑banenettet i landet, med ei rekkje ulike linjer. Byen har dessutan ferjesamband til København og Kiel, og det går lokalruter til Nesodden og til øyane i Oslofjorden.

Administrativ og historisk inndeling

Kristiania blei eige amt (fylke) i 1842, utskilt frå Akershus. I 1948 blei Aker, ein kommune i Akershus, lagd til Oslo. Byen er i dag det einaste byfylket i Noreg og utgjer samtidig ein kommune.

Demografi

Oslo er det mest folkerike, mest folketette og mest urbaniserte fylket i Noreg. 98,9 % av folket bur i tettbygde strok, mot 80 % i landsgjennomsnitt. Men det tettbygde hovudstadsområdet strekkjer seg langt ut over fylkesgrensa og har totalt 925 228 innbyggjarar (tal frå 2014). Det vil seie at nesten ein tredel av folket i tettstaden Oslo bur i Akershus, utanfor sjølve byen.

OSLO, gatefoto frå vaterland foto Tore Bustad CC BY SA 3.jpg?w=600

Gatebilete frå Vaterland, Oslo aust. Foto: Tore Bustad CC BY SA 3.0

Folketalet i Oslo har auka gjennom det meste av etterkrigstida. Unntaket er 1970-åra og byrjinga av 1980-åra, då folketalet faktisk gjekk ned. Sidan 1984 har det vore ny vekst, og denne veksten blei forsterka frå midten av det første tiåret på 2000-talet. Byen hadde solide fødselsoverskot i 1950- og 60-åra, men overskotet skrumpa inn i 1970-åra, og frå 1975 til 1987 hadde Oslo fødselsunderskot. Seinare har fødselstala teke seg kraftig opp, og overskotet har dei siste åra vore større enn nokon gong. Byen hadde netto innflytting før 1964. Men flyttinga til forstadskommunane auka i 1960-åra, og Oslo hadde gjennom to tiår netto utflytting. Etter 1983 har det på ny vore netto innflytting dei fleste åra, aukande fram til 2008. Oslo er det fylket som har flest innvandrarar, både i relative og absolutte tal. I 2015 var 26,6 % av innbyggjarane i byen fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Oslo har som einaste kommune i Noreg både kommunale og fylkeskommunale funksjonar og oppgåver. Under kommunen sin administrasjon ligg 27 etatar med ulike oppgåver og dessutan fire kommunale føretak. Byen er delt i 15 bydelar: Alna, Bjerke, Frogner, Gamle Oslo, Grorud, Grünerløkka, Nedre Aker, Nordstrand, Sagene, St. Hanshaugen, Stovner, Søndre Nordstrand, Ullern, Vestre Aker og Østensjø. Bydelane har eigne bydelsutval, som blir valde ved direkte val i samband med kommunestyrevala, og som har ansvar for ein del av dei kommunale tenestene. Oslo har felles fylkesmannsembete med Akershus. Frå 1.1.2019 også med Østfold og Buskerud.

Oslo ligg under Borgarting lagmannsrett, som har sete i byen. Oslo utgjer både eit eige tingrettsdistrikt og eit eige politidistrikt. Byen høyrer til Helseregion Sør-Aust. Bydelane Alna, Grorud og Stovner soknar til Akershus Universitetssjukehus (Ahus) på Lørenskog, medan resten av byen ligg under Oslo Universitetssjukehus, som til saman har åtte klinikkar. Oslo ligg under Vegregion Aust og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. I byen ligg setet for Oslo bispedøme, som omfattar Oslo, Asker og Bærum. Byen er delt i fem prosti: Oslo domprosti, Søndre Aker, Østre Aker, Nordre Aker og Vestre Aker.

Sjå video frå NRK Skole, der Kronprins Harald giftar seg med Sonja Haraldsen i Oslo Domkyrkje i 1968:


Oslo kommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Høgre har vore det største partiet ved nesten alle kommunevala i Oslo sidan 1975. Unntaket er to periodar då Arbeidarpartiet var størst, og ein periode då dei hadde like mange mandat. Det har vore borgarleg fleirtal i bystyret, med Høgre-ordførarar, sidan 1975, med unntak av ein periode då Ap hadde ordføraren, og ein kort periode med FrP-ordførar i 1990–91. I 2015 tok dei raudgrøne attende makta i Oslo. I perioden 2015- 2019 er Marianne Borgen (SV) ordførar og Khamshajiny Gunaratnam (Ap) varaordførar. Oslo har eit parlamentarisk system med eit byråd som har den utøvande politiske makta i byen. Raymond Johansen (Ap er byrådsleiar.

Sidan 1981 har dei borgarlege partia hatt fleirtalet av stortingsrepresentantane frå Oslo. Tre statsrådar i den norske regjeringa etter 2013 er heimehøyrande i byen: Siv Jensen, finansminister og leiar i Frp, Ine Marie Eriksen Søreide (H), forsvarsminister og Sylvi Listhaug (FrP), landbruks- og matminister. Frå byen kjem elles ei rekkje topp-politikarar på nasjonalt nivå, blant dei statsministrane Einar Gerhardsen (Ap), Kåre Willoch (H), Gro Harlem Brundtland (Ap) og Jens Stoltenberg (Ap), og dei tidlegare profilerte partileiarane Carl I. Hagen (FrP) og Kristin Halvorsen (SV), sistnemnde var òg finansminister og kunnskapsminister.

Ei stort politisk stridstema i Oslo dei seinare åra har vore bygginga av «Lambda» – eit nytt Munch- og Stenersen-museum i Bjørvika, bygd med ein knekk, slik at dei øvste etasjane skrånar framover. Etter ein lang strid blei prosjektet vedteke i bystyret i 2013.

OSLO munch livets dans foto oslo museum CC BY SA 3 0.jpg?w=600

Ei gruppe ser på "Livets dans" av Edvard Munch på Munchmuseet. Foto: Oslo museum CC BY SA 3.0

Ei anna stor sak i hovudstaden på 2000-talet var arbeidet for å søkje om å arrangere vinter-OL i 2022. I 2013 blei det halde folkerøysting i Oslo om spørsmålet, og 55 % sa då ja til at byen burde søkje om vinterleikane. Men året etter sa Høgre si stortingsgruppe nei til å støtte ein statsgaranti til arrangementet, og Oslo trekte då søknaden.

Språk

Oslo kommune er nøytral når det gjeld målform. Fylkesmannen i Oslo og Akershus nyttar bokmål som tenestemål.

98,8 % av elevane i grunnskulen i fylket har bokmål som opplæringsmål (1,2 % har ikkje oppgitt målform). Av innvandrarspråk er urdu, somalisk, arabisk, tyrkisk og tamil dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Talespråket i Oslo kan grovt sett delast i to sosiolektar. Den eine er folkemålet, som har kløyvd infinitiv, tjukk l og ein del andre karakteristiske særtrekk, mellom anna trykk på første staving i lånord (bènsin, stàsjon, pòllti). Folkemålet i hovudstaden er i slekt både med innlandsmåla på Austlandet og kystmåla i Østfold og Vestfold. Den andre sosiolekten er riksmålet, som er påverka av dansk skriftspråk, men som har fått ein del norske innslag. Tjukk l og diftongar er lite brukt, det same gjeld a‑endingar i substantiv. Riksmålet er mest brukt i Oslo vest og nabokommunane i vest, særleg Bærum. Men elles er det slik at den enkelte språkbrukaren kan variere målet mykje ut frå situasjonen (til dømes heime og på arbeidsplassen).

Kunst, kultur og idrett

Oslo har desse landsdekkjande avisene (med opplagstal for 2014): Aftenposten‎ morgen (221 659), VG (138 188), Dagens Næringsliv (79 637)‎, Dagbladet (73 647)‎, Morgenbladet (29 382)‎, Finansavisen (22 931), Vårt Land (22 630), Dagsavisen‎ (21 945), Aftenposten Junior (21 817), Klassekampen‎ (19 253), Nationen (12 673), Klar Tale (11 920), Dag og Tid (10 778), Ukeavisen Ledelse (5307), Korsets Seier (4908), Utrop (1435) og Friheten (den siste har ikkje tilgjengelege tal). Byen har dessutan desse lokalavisene: Akers Avis/Groruddalen (12 157) og Nordstrands Blad (3766).

Oslo er midtpunktet for ein stor del av dei riksdekkjande etermedia i Noreg, både når det gjeld fjernsyn, radio og internett. Her ligg hovudkvartera til mellom anna NRK, TVNorge, Nettavisen og E24, og TV2 har eit stort kontor her. Oslo har den lokale fjernsynsstasjonen TV8, og dessutan ei rekkje lokale radiostasjonar.

Universitetet i Oslo er det eldste og største universitetet i Noreg. Det blei grunnlagt i 1811 og har fakultet for humaniora, jus, matematikk/naturvitskap, medisin, odontologi, samfunnsvitskap, teologi og utdanningsvitskap. I Oslo ligg òg Høgskolen i Oslo og Akershus, som er den største høgskulen i landet, og dessutan ei rekkje andre institusjonar for høgare utdanning, mellom dei Menighetsfakultetet, Krigsskolen, Noregs musikkhøgskole, Handelshøyskolen BI og Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Ein stor del av forleggjaraktiviteten i Noreg går føre seg i Oslo. Heile 56 av dei 90 medlemsforlaga til Forleggerforeningen har sine hovudkontor her, mellom anna dei tre største forlagshusa i landet: Gyldendal, Cappelen Damm og Aschehoug. Deichmanske bibliotek, som er det største folkebiblioteket i landet, har nybygg under oppføring ved sida av Operaen i Bjørvika.

Etter museumsreforma på 2000-talet blei ein del av musea i Oslo organiserte under paraplyorganisasjonen Oslo Museum. I byen ligg elles ei rekkje landsdekkjande museum, mellom dei Norsk Teknisk Museum, Norsk Maritimt Museum og Forsvarsmuseet. Av kunstmuseum er Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Munchmuseet, Stenersenmuseet og Astrup Fearnley Museet blant dei viktigaste. I Frognerparken ligg Vigelandsanlegget, med 241 skulpturar av Gustav Vigeland. Også Ekebergparken er blitt ein skulpturpark, etter initiativ frå forretningsmannen og kunstsamlaren Christian Ringnes.

OSLO vigeland foto flickr com claudiaregina CC BY SA 3.jpg?w=600

Vigelandsparken er verdas største skulpturpark. Foto: claudiaregina, flickr.com CC BY SA 3.0

I Oslo blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk. Øyafestivalen (rock/pop), ULTIMA Oslo Contemporary Music Festival (samtidsmusikk) og Melafestivalen (verdskultur) er knutepunktfestivalar. Byen har ei rekkje institusjonsteater, mellom dei Nationaltheatret, Oslo Nye Teater, Folketeatret og Det Norske Teatret. Det sistnemnde teateret spelar dramatikk på nynorsk. Den Norske Opera & Ballett har eige operabygg i Bjørvika. Oslo-Filharmonien er det største profesjonelle symfoniorkesteret i byen. Ei storhending i byen kvart år er utdelinga av Nobels fredspris. Også friidrettsstemnet Bislett Games blir arrangert årleg.


OSLO lillebjørn Nilsen foto aktiv i oslo cc by sa 3 0.jpg?w=600

Lillebjørn Nilsen. Foto: aktivioslo.no CC BY SA 3.0

Hovudstaden har fostra ei rekkje framståande kulturpersonar. Blant forfattarar kan nemnast Tove Nilsen, Per Pettersen, Jan Kjærstad og Kjersti Scheen, og blant musikararar Lars Lillo-Stenberg, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus, Øystein Sunde, Radka Toneff og Karin Krogh. To fotballklubbar frå Oslo har hevda seg i norsk toppfotball dei seinare åra, Vålerenga og Lyn.

Kjelder

Forleggerforeningen: «Medlemsforlag», forleggerforeningen.no:http://www.forleggerforeningen.no/om-oss/medlemsfo... [lesedato 14.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Oslo fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-0... - KAPITTEL_3[lesedato 14.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis... [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Oslo og Akershus», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/oslo-og-akershus/[lesedato 14.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A... [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014):http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge[lesedato 14.6.2015]

Geir Thorsnæs:: «Oslo», snl.no, sist oppdatert 30.5.2015, https://snl.no/Oslo[lesedato 14.6.2015]

Peikarar

Nettidene til Oslo kommune

Først publisert: 20.10.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018