Hopp til innhold
X
Innhald

Østfold fylke

Østfold er det viktigaste grensefylket i Noreg, sjølv om fleire andre fylke har lengre riksgrenser. Nærleiken til Sverige har gjort Østfold utsett i krigstider, men i våre dagar går ein stor del av utlandstrafikken både til Sverige og kontinentet gjennom fylket. Østfold har òg viktig industri, store landbruksareal og turistattraksjonar som Haldenvassdraget.

Østfold har vore eige fylke sidan 1671. Fylket høyrer til det sentrale, låglendte austlandsområdet. Avstandane er små, her finst ingen fjerntliggjande rurale strok, og ein svært høg prosentdel av folket bur i byar eller tettbygde strok.

Industrien har djupe røter i Østfold, noko som har gitt arbeidarrørsla i fylket god grobotn. Østfold har framleis ein mangfaldig industrisektor, men dei siste tiåra har fylket fått merke den seinmoderne industridøden, med store omstillingar og tap av mange arbeidsplassar. Østfold har prosentvis flest uføretrygda (8,5 %) av alle fylka i landet. Mange østfoldingar pendlar til arbeid i Oslo.

Furuholmen i Sarpsborg. Foto: Morten Brunslid/Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Furuholmen i Sarpsborg. Foto: Morten Brunslid/Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Miljø og klima

Fylket er til ein viss grad skjerma av terrenget mot aust, medan kysten i sør og vest ligg open mot Oslofjorden og Skagerrak. I kyststroka ligg middeltemperaturen for januar omkring –1 °C, medan indre strok har –3 til –5 °C. I juli er middeltemperaturen 16–17 °C. Fylket har relativt lite nedbør, kring 700–800 mm, men er utsett for skodde om hausten og vinteren.

Østfold har mykje industri, men industriutsleppa har gått kraftig ned dei siste tiåra. Fylket har få inngrepsfrie område, men har likevel eit breitt spekter av verdfulle naturområde. Her finst gode bestandar av elg og rådyr, og det finst òg hjort. Ulv og gaupe ynglar årleg i fylket, medan bjørn og jerv er meir sjeldne. Østfold er det fylket i Noreg som har flest artar av ferskvassfisk – 41 ulike. Åboren er den vanlegaste. Laksen går opp i fire av vassdraga.

Storparten av berggrunnen i Østfold høyrer til grunnfjellet, med bergartar som granitt og gneis. Dei vestlegaste av øyane i Oslofjorden består av yngre bergartar frå kambrosilur og perm. Dette heng saman med ei større forkasting som går langs austsida av fjorden.

Gjennom Østfold går Raet, ein morenerygg som isen la att etter seg i yngre dryas. Særleg på utsida av Raet finst det store område med lausmassar, noko som gir grøderikt jordbruksland. Dei indre delane av fylket er meir kuperte, med ei rekkje skogkledde åsar som bryt opp frå låglandet.

Historie

Nokre av dei eldste buplassane i Østfold er funne på åsen Høgnipen aust for Sarpsborg og er om lag 10 000 år gamle. Havet stod då kring 150 meter høgare enn i dag, slik at åsen var ei av mange øyar som låg i en krans rundt isbreen nord for Oslofjorden. I kyststroka i fylket finst det elles ei rekkje funn frå yngre periodar, mellom anna fleire felt med bergkunst av typen jordbruksristingar.

I Sarpsborg kommune finst det bergkunst med bilete av skip. Det største, Bjørnstadskipet, er 4,5 meter langt og 1,15 meter høgt. I denne helleristinga er det òg tre mannsfigurar og to solsymbol. På same feltet er det òg to mindre skip som er 1 meter lange og 0,4 meter høge. Foto: Morten Brunslid/Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

I Sarpsborg kommune finst det bergkunst med bilete av skip. Det største, Bjørnstadskipet, er 4,5 meter langt og 1,15 meter høgt. I denne helleristinga er det òg tre mannsfigurar og to solsymbol. På same feltet er det òg to mindre skip som er 1 meter lange og 0,4 meter høge. Foto: Morten Brunslid/Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Sarpsborg er den eldste byen i fylket og ein av dei eldste i landet. Etter tradisjonen grunnla Olav den heilage Borg i 1016 for å styrkje posisjonen sin i Østfold og Bohuslän. Borg var òg den første tingstaden for lagtinget Borgarting, som i eldre tid omfatta alle kystdistrikta på Austlandet.

Østfold spela ei viktig militærstrategisk rolle under krigane mellom den svenske og den dansk-norske staten. Borg blei brend av svenskane under den nordiske sjuårskrigen i 1567. Kong Frederik 2. grunnla då ein ny by ved utløpet av Glåma, med namnet Fredrikstad. Den nye byen fekk på 1600-talet bygd ut solide festningsverk, det same fekk Halden, med Fredriksten festning. Svenskekongen Karl 12. kringsette Fredriksten med troppane sine i november 1718, men 11. desember fall han for ei kule. Kven som løyste skotet mot han, er framleis ikkje oppklara, men det innebar i alle fall at det gjekk mot slutten av Den store nordiske krigen.

Fredriksten festning i Halden. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Fredriksten festning i Halden. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kort tid etter at det braut ut krig mellom Noreg og Sverige sommaren 1814, blei det innleidd forhandlingar mellom Karl Johan og Kristian Fredrik i Moss. Forhandlingane førte fram til avtalen som har fått namnet Mossekonvensjonen, der Noreg godtok unionen med Sverige, samtidig som landet fekk halde på den nyvunne grunnlova, med nokre endringar.

Østfoldbyane bygde på 1800-talet opp eit næringsliv med sagbruksverksemd, trelasthandel og skipsfart. I andre halvdel av hundreåret fekk fylket betre kommunikasjonar. Østfoldbana stod ferdig i 1879, med samband til Sverige over Kornsjø, og Haldenvassdraget blei kanalisert fram til Iddefjorden i 1909. Samstundes blei det bygd ut ein meir allsidig og moderne industri. Moss var lenge kjend for «mosselukta», som kom frå pipene til cellulosefabrikken M. Peterson & Søn. Fredrikstad baserte seg mellom anna på skipsbyggingsindustri, medan Halden på 1900-talet var eit senter for produksjon av skotøy.

Under andre verdskrigen rømte mange norske flyktningar gjennom Østfold til Sverige. Ei rekkje grenselosar hjelpte flyktningane på vegen og risikerte dermed tortur og dødsstraff.

Sosiale forhold

Fylket ligg eit stykke bak resten av landet i inntektsutvikling. Østfold har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 27 % av hushalda under 350 000 og 18 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt – 23,4 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Også den forventa levealderen ligg under landsgjennomsnittet. Mennene i fylket kan rekne med å bli 77,4 år gamle og kvinnene 82,4 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten er den nest høgaste i landet, det same er prosentdelen røykjarar. 30 % av dei vaksne østfoldingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 13,5 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, den nest høgaste prosentdelen utanfor Oslo (11,5 % i heile landet). Over halvparten av dei er medlemer i andre kristne kyrkjesamfunn.

Næringsliv

Landbruket har gode vilkår i Østfold, med frodig jord og lettdrivne sletter. Fylket er det nest største kornfylket i landet, målt etter produksjon. Her er òg ein del svine- og fjørfehald, og det blir dyrka ein del grønsaker, ikkje minst på den sandhaldige morenejorda. Produksjonen er effektiv og gir relativt få sysselsette i primærnæringane i fylket (1,8 %, mot 2,4 % i heile landet).

Østfold er eit tradisjonsrikt industrifylke, med ein variert produksjon. Størst av industrigreinene er næringsmiddelindustrien, deretter kjem metallvareindustri og elektroteknisk industri. Borregaard-konsernet driv innanfor kjemisk industri, med produksjon av bioetanol og ulike biokjemikaliar og biomaterial. Verksemda har hovudkontor og bioraffineri i Sarpsborg og elles nær 1100 tilsette i 16 ulike land. Halden har den eine av dei to atomreaktorane i Noreg. Han er bygd for forskingsføremål og blir driven av Institutt for energiteknikk.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 76 % av dei yrkesaktive i Østfold (mot 77 % i heile landet). Handelsnæringa i fylket slit med handelslekkasje til Sverige. Reiselivet har mest å seie i kystområda, med stor trafikk i skjergarden om sommaren. Blant dei viktige turistattraksjonane i fylket kan nemnast Gamlebyen i Fredrikstad, Fredriksten festning i Halden og slusene i Haldenvassdraget. Fredrikstad og Hvaler er høvesvis den fjerde og den femte største hyttekommunen i landet.

Kornåker i Rakkestad. Foto: Mats Lindh, Flickr.com CC BY 2.0.

Kornåker i Rakkestad. Foto: Mats Lindh, Flickr.com CC BY 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Gjennom Østfold går Østfoldbana frå Oslo til riksgrensa ved Kornsjø. Mellom Ski og Sarpsborg har bana to linjer. Den vestre linja går via Moss og Fredrikstad, medan den austre går via Askim, Mysen og Rakkestad. Det er størst trafikk på den vestre linja, med mellom anna intercitytog mellom Oslo og Halden, og det er planar for utbygging til dobbelspor. Fylket har éin flyplass med rutetrafikk, Moss lufthamn på Rygge. Lufthamna har ingen innanlandsruter, men er den fjerde største i landet når det gjeld utanlandstrafikk. Østfold har to europavegar, E6 frå fylkesgrensa mot Akershus forbi Moss og Sarpsborg til riksgrensa ved Svinesund, og E18 frå fylkesgrensa mot Akershus via Askim og Mysen til riksgrensa ved Ørje. E6 har motorvegstandard gjennom heile Østfold og E18 er delvis bygd ut til motorveg. Frå Skjærhalden i Hvaler går det båtrute til Strömstad i Sverige.

Svinesundbrua. Foto: Astrid Westvang, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Svinesundbrua. Foto: Astrid Westvang, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Østfold fylke har desse 18 kommunane: Aremark, Askim, Eidsberg, Fredrikstad, Halden, Hobøl, Hvaler, Marker, Moss, Rakkestad, Rygge, Råde, Rømskog, Sarpsborg, Skiptvet, Spydeberg, Trøgstad og Våler. Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg er historiske byar, medan Askim og Mysen (i Eidsberg) fekk bystatus høvesvis i 1996 og 1997.

Østfold hadde på det meste, frå 1920 til 1943, 33 kommunar. I 1943 blei Jeløy slått saman med Moss. I 1962 gjekk Mysen inn i Eidsberg. Tre år seinare blei Glemmen slått saman med Fredrikstad, medan Torsnes gjekk inn i Borge, og Degernes gjekk til Rakkestad. Øymark og Rødenes blei slått saman til den nye kommunen Rakkestad. I 1967 gjekk Berg og Idd inn i Halden, og i 1992 tok Sarpsborg opp i seg Varteig, Skjeberg og Tune. I 1994 skjedde ei stor samanslåing då Borge, Rolvsøy, Kråkerøy og Onsøy gjekk inn i Fredrikstad.

Rømskog byter fylke til Akershus frå 1.1.2020, då kommunen blir ein del av Aurskog-Høland kommune. Rygge og Moss slår seg saman 1.1.2020. Det gjer òg Spydeberg, Eidsberg, Askim og Hobøl. Østfold blir redusert frå 18 til 13 kommunar.

Østfold låg opphavleg under Akershus stiftamt, men blei i 1671 frådelt som Smålenenes amt. I 1919 fekk fylket det noverande namnet. Østfold blir i mange samanhengar delt slik at dei indre stroka utgjer éin region, medan byane langs kysten (Moss, Fredrikstad og Halden) er sentrum i kvar sin region.

1.1.2020 blir Akershus, Østfold og Buskerud slått saman.

Fredrikstad. Foto: Stephen Downes, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Fredrikstad. Foto: Stephen Downes, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Demografi

Østfold er eit tett folkesett fylke, med høg urbaniseringsgrad. 84,9 % av folket bur i tettbygde strok, mot eit landsgjennomsnitt på 80 %. Fylket har det sjette største samanhengande tettbygde området i landet, Fredrikstad/Sarpsborg, der det bur 106 758 menneske. Andre byar og større tettstader er Moss (44 449 innbyggjarar i det tettbygd området), Halden (24 410 innb.), Askim (13 696 innb.), Mysen (6321 innb.), Spydeberg (5246 innb.) og Rakkestad (4397 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Østfold har vakse dei fleste åra etter andre verdskrigen, og i 2014 var det 60 % høgare enn i 1946. I 1950- og 60-åra hadde fylket eit stort fødselsoverskot, noko som gav folkevekst trass i låg netto innflytting. I 1970-åra skrumpa overskotet inn, og Østfold hadde fødselsunderskot frå 1983 til 1988. Seinare har fødselstala teke seg noko opp, men overskotet er framleis lite. Flyttetala til fylket auka frå ikring 1970, men heldt seg låge i 1980-åra og byrjinga av 1990-åra. Frå 1997 tok innflyttinga seg opp på ny, og har vore aukande dei siste åra på grunn av innvandring. I 2015 var 13,6 % av innbyggjarane i Østfold fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Østfold fylkeskommune ligg i Sarpsborg, med eigne avdelingar for opplæring, regionalutvikling og samfunnsplanlegging. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Askim, Sarpsborg, Fredrikstad, Greåker, Halden, Moss og Mysen. Det er fagskule i Fredrikstad og tre folkehøgskular i fylket.

Østfold har tre regionråd: Indre Østfold (kommunane Aremark, Askim, Eidsberg Hobøl, Marker, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad), Nedre Glomma (Fredrikstad, Sarpsborg og Hvaler) og Mosseregionen (Moss, Rygge, Våler og Råde).

Fylket ligg under Borgarting lagmannsrett og er delt i fem tingrettsdistrikt: Halden, Sarpsborg, Fredrikstad, Moss, og Heggen og Frøland. Alle kommunanene er ein del av Øst politidistrikt. Østfold høyrer til Helseregion Sør-Aust og utgjer eitt helseføretak, Sjukehuset Østfold, med unntak av Rømskog, som soknar til Akershus universitetssjukehus. Det ligg sentralsjukehus på Kalnes i Sarpsborg. Fylket ligg under Vegregion Aust og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Borg bispedøme og er delt i fire prosti: Fredrikstad domprosti, Sarpsborg prosti, Østre Borgesyssel prosti og Vestre Borgesyssel prosti.

Østfold fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Frå Borgarting lagmannsrett i 1985, der saken mot Arne Treholt vart ført. Foto: Politiets sikkerhetstjeneste, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Frå Borgarting lagmannsrett i 1985, der saken mot Arne Treholt vart ført. Foto: Politiets sikkerhetstjeneste, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største partiet i Østfold sidan 1975. Oppslutninga gjekk gradvis nedover fram til 1999, seinare har ho teke seg opp att. Det har vore borgarleg fleirtal i fylkestinget sidan 1995. Arbeidarpartiet har hatt fylkesordføraren sidan 1975, med unntak av to periodar då Høgre hadde vervet. I perioden 2015–19 er Ole Haabeth (Ap) fylkesordførar og Siv Henriette Jacobsen (Ap) fylkesvaraordførar.

Fram til 1981 hadde dei sosialistiske partia eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Østfold. Frå 1981 til 2001 var det jamt mellom den borgarlege og den sosialistisk sida, men etter 2001 har dei borgarlege hatt flest mandat på Stortinget. Nokre av dei mest profilerte rikspolitikarane Østfold har hatt, er Lars Korvald (KrF), statsminister i 1972–73, og Svenn Stray (H), parlamentarisk leiar for Høgre i 1965–70 og utanriksminister i 1970–71 og 1981–86.

Språk

Østfold fylkeskommune og fylkesmannsembetet har bokmål som tenestemål. Det same har 16 av kommunane i fylket, medan to kommunar (Moss og Hobøl) er språkleg nøytrale.

99,2 % av elevane i grunnskulen i fylket har bokmål som opplæringsmål, medan 0,1 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er somalisk, polsk, kurdisk, albansk og arabisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Målet i Østfold høyrer til vikværsk eller søraustlandsk. Dialektane her har nært slektskap både med målet i Vestfold og i dei tilgrensande svenske distrikta. Nord i fylket har dei kløyvd infinitiv (skrive/svara), medan dei sørlege delane har e‑mål (skrive/svare). Diftongar finst i nord, men dei er forenkla i sør (stein = sten, graut = grøt, røyk = røk). Liksom i Vestfold og Grenlandsområdet har dei ein æ‑aktig lyd i presens (kastar = kastær) og fleirtal (guttærguttænə, i sør til dels guttane). Nektingsadverbet er entə eller ettə. Fjernsynsfiguren Raymon har skapt debatt omkring østfoldmålet. Fleire har hevda at den naive, enkle Raymon skaper grobotn for fordommar og inneber rein hets av folket i Østfold og dialekten deira. Andre meiner derimot at Raymon har vore viktig for å synleggjere østfoldmålet.

Kunst, kultur og idrett

Østfold har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Fredriksstad Blad (Fredrikstad, 17 156), Moss Avis (Moss, 12 341), Smaalenenes Avis (Askim, 11 424), Sarpsborg Arbeiderblad (Sarpsborg, 11 384), Halden Arbeiderblad (Halden, 7073), Demokraten (Fredrikstad, 5462) og Rakkestad Avis (Rakkestad, 2416).

NRK Østfold har hovudkontor i Fredrikstad. Byen har hatt kringkastingssendar sidan 1926.

I fylket ligg Høgskolen i Østfold, med studiestader i Halden og Fredrikstad. Høgskulen gir tilbod om studium innanfor helse- og sosialfag, ingeniørfag, IT, pedagogikk, samfunnsfag/språk og økonomi/administrasjon/leiing. Akademiet for scenekunst, som ligg under høgskulen, gir den einaste tverrfaglege utdanninga innanfor fysisk og visuell scenekunst i Noreg.

Musea i Østfold er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under paraplystiftinga Østfoldmuseene. Under denne stiftinga ligg mellom anna Storedal Kultursenter, eit park- og kulturanlegg spesielt lagt til rette for synshemma. Her finst lydskulpturen «Ode til lyset» av Arnold Haukeland, med musikk av Arne Nordheim, utandørs amfiteater og studiehage med over 200 ulike plantar.

I park- og kulturanlegg Storedal Kultursenter ligg lydskulpturen «Ode til lyset» av bilethoggaren Arnold Haukeland, med musikk av Arne Nordheim. Skulpturen stod ferdig i 1968. Foto: Morten Brunslid/ Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

I park- og kulturanlegg Storedal Kultursenter ligg lydskulpturen «Ode til lyset» av bilethoggaren Arnold Haukeland, med musikk av Arne Nordheim. Skulpturen stod ferdig i 1968. Foto: Morten Brunslid/ Visit Oslofjord, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Ein sentral aktør i kulturlivet i fylket i er den fylkeskommunale verksemda Østfold kulturutvikling, som har fem avdelingar: Bibliotekutvikling, Scenekunst Østfold, Turnéavdeling, Opera Østfold og Ung Kultur. Det Norske Blåseensemble har base i Halden og kan føre historia si tilbake til 1734. Ein festival som har lange tradisjonar i Østfold er Momarkedet. Store artistar som Tina Turner, Bing Crosby og ABBA har vitja arrangementet, som i mange år blei overført på fjernsyn.

Frå Østfold kjem framståande forfattarar som Jon Michelet og Terje Forsberg, artistar som Henning Kvitnes og Ole Evenrud og filmskaparar som Eva Isaksen og Harald Zwart. Fylket har fleire profilerte idrettsfolk, mellom anna rallykøyraren Petter Solberg, fotballspelaren Camilla Huse og ikkje minst Egil «Drillo» Olsen, legendarisk landslagstrenar i herrefotball. Dei fremste fotballklubbane i Østfold er Sarpsborg 08, Moss og Fredrikstad.

Kjelder

Nils E. Øy (red.): Bygd og by i Norge. Østfold. Oslo 1978

Jernbaneverket: «Østfoldbanen», publisert 4.2.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Ostfoldbanen [lesedato 14.6.2015]

Jernbaneverket: «Østfoldbanen, østre linje», publisert 4.2.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Ostfoldbanen-ostre-linje/ [lesedato 14.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Østfold fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_1 - KAPITTEL_1 [lesedato 14.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Østfold», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/ostfold/ [lesedato 14.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 14.6.2015]

Store norske leksikon: «Østfold», snl.no, sist oppdatert 11.3.2015: https://snl.no/%C3%98stfold [lesedato 14.6.2015]

Østfold fylkeskommune: «Østfold fylkesting gjennom århundrene», sist oppdatert 25.8.2014: http://www.ostfold-f.kommune.no/modules/module_123/proxy.asp?D=2&C=348&I=23060 [lesedato 14.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Østfold fylkeskommune

Først publisert: 28.01.2016
Sist oppdatert: 03.01.2018