Hopp til innhold
X
Innhald

Rogaland fylke

Rogaland ligg i det sørvestlege hjørnet av Noreg og er det fremste olje- og gassfylket vårt. Oljevelstanden har ført fylket til inntektstoppen i landet. Stavanger/Sandnes er den tredje største tettstaden i landet og det dominerande urbane sentret i fylket. Omlandet Jæren er blant dei viktigaste landbruksregionane i Noreg.

Rogaland har vore eige fylke sidan 1662. Det småkuperte og fruktbare Jæren utgjer både det geografiske og det samfunnsmessige sentrumsområdet i fylket, medan kystdistrikta i nord og sør – Haugalandet og Dalane – er meir karrige og spreiddbygde. Inst i Rogaland ligg Ryfylke, eit fjord- og fjelldistrikt med mange stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag.

Midt på 1900-talet levde rogalendingane av fiske, jordbruk og industri av ymse slag, og fylket var ikkje spesielt velståande. Så tok amerikanske oljeselskap til å prøvebore etter olje i Nordsjøen, med base i Stavanger, og i 1969 blei Ekofiskfeltet oppdaga. Seinare har fylket vore igjennom ei eventyrleg utvikling når det gjeld både økonomi og arbeidsplassar. Men konsekvensen av den kraftige veksten er òg høge bustadprisar i Stavangerområdet og eit næringsliv som er utsett for svingingar i oljeverksemda.

Miljø og klima

Langs kysten av Rogaland er klimaet relativt mildt, med ein middeltemperatur på omkring 1 °C i februar og 14–15 °C i august. Dei indre stroka har vesentleg strengare vintrar og varmare somrar. Nedbøren er størst i eit belte kring 30–60 km frå kysten.

Rogaland har mange ulike naturtypar. Langs kysten finst det mellom anna strandeng, kystlynghei og større område med sanddyner. Av fugl er det registrert totalt 420 artar, og 180 av desse artane hekkar i fylket. Fylket har fleire gode lakseelvar. Bestanden av sjøaure er låg, særleg i Ryfylke.

Berggrunnen i Rogaland kan grovt sett delast i to: Dei søraustlege, indre delane av fylket består av eldre grunnfjellsområde, medan kyststroka i nordvest er prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Fylket er sterkt oppskore av fjordar. Boknafjorden utgjer eit større geografisk skilje mellom Jæren i sør og Haugalandet i nord. I delar av Ryfylke har kraftig iserosjon fleire stader skapt stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden. Jæren utgjer derimot eit lågtliggjande, svakt bølgjande slettelandskap, med gode føresetnader for jordbruk.

I delar av Ryfylke har kraftig iserosjon fleire stader skapt stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden. Foto av Lysefjorden. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

I delar av Ryfylke har kraftig iserosjon fleire stader skapt stupbratte fjellsider, mellom dei Preikestolen og Kjerag ved Lysefjorden. Foto av Lysefjorden. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Historie

Rogaland var mellom dei første områda menneska busette seg då isen trekte seg tilbake etter den siste istida. På Galta på Rennesøy og på Fosen ved Karmsundet har arkeologar grave ut buplassar som er opptil ti tusen år gamle. Også mange andre stader i fylket er det funne spor etter folk frå eldre steinalder. På Bleivik ved Haugesund er det til dømes funne eit skjelett av eit menneske på omtrent 60 år, med en kroppshøgd på 160 cm. Dette mennesket levde for kring 8200 år sidan.

I jernalderen bygde det seg opp mektige hovdingdøme med ein hierarkisk samfunnsstruktur i Rogaland, særleg på Nord-Jæren. Dei dreiv utveksling av varer med kontinentet og dei britiske øyane og skaffa seg mellom anna statussymbol av bronse. Dei døde blei lagde i store gravhaugar.

Under rikssamlinga var Karmsundet eit viktig sentrum, med Avaldsnes som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre. Etter slaget i Hafrsfjord, som er skildra av Snorre Sturlason, skaffa han seg kontroll over Vestlandet.

Vikinggarden på Avaldsnes er ein rekonstruksjon av bygningar frå vikingtida. Foto: Sten Dueland, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Vikinggarden på Avaldsnes er ein rekonstruksjon av bygningar frå vikingtida. Foto: Sten Dueland, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Kontakten over havet auka på i vikingtida, med vikingferder mot sør og vest. Impulsane gjekk òg andre vegen, og Rogaland fekk tidleg kontakt med kristne misjonærar. Steinkrossen på Kvitsøy er den største i landet, truleg sett opp på 900-talet. Stavanger voks fram som eit senter i området, med domkyrkje frå ikring 1125, vigd til Sankt Svithun. Utstein på Rennesøy hadde tidlegare vore kongsgard, og her blei det skipa eit kloster i andre halvdel av 1200-talet.

I 1825 drog sluppen «Restauration» frå Stavanger med 52 passasjerar om bord, dei fleste kvekarar eller dissentarar. Skipet kom fram til New York tre månader seinare etter ei strabasiøs ferd. Ferda blir rekna som byrjinga på den norske utvandringa til Amerika.

Rogaland opplevde sterk vekst under den gode sildeperioden på 1800-talet. Karmøy og Karmsundet var eit senter for dette fiskeriet, og her kom det fleire nye byar – Haugesund, Kopervik og Skudeneshavn. Etter ein hard kriseperiode i 1870-og 80-åra overtok industri, handel og skipsfart for fiskeria. Særleg Stavanger bygde opp ein omfattande hermetikkindustri. Byen fekk jernbane til Egersund i 1878, noko som sette fart i det marknadsretta jordbruket på Jæren.

I slutten av 1960-åra starta det norske oljeeventyret i Rogaland. Sidan har petroleumsnæringa spela ei sentral rolle i utviklinga i fylket, særleg på Nord-Jæren og på Haugalandet.

Hamn i Stavanger. Foto: Ronel Reyes, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Hamn i Stavanger. Foto: Ronel Reyes, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sosiale forhold

Rogaland er ved sida av Akershus det rikaste fylket i landet. Fylket har ein mindre del av folket i låginntektsgruppene og fleire i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 20 % av hushalda under 350 000 og 31 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået ligg opp under landsgjennomsnittet – 29,8 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen er litt høgare enn landsgjennomsnittet for begge kjønn. Kvinnene i Rogaland kan rekne med å bli 83,5 år gamle og mennene 78,8 år, mot høvesvis 82,9 og 78,4 år i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg litt under landsgjennomsnittet, medan det er fleire røykjarar. 29 % av dei vaksne rogalendingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 10,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, dei aller fleste i andre kristne kyrkjesamfunn (landsgjennomsnittet er 11,5 %).

Næringsliv

Rogaland er eit viktig jordbruksfylke, og Jæren er det dominerande jordbruksdistriktet. Her gir både klimaet, geografien, jordsmonnet og tradisjonane særleg gode føresetnader for stor og effektiv produksjon. Jæren har eit stort innslag av fjørfe og svin, men òg omfattande grønsakdyrking og mjølkeproduksjon. Elles i fylket er sauehald utbreidd, ikkje minst i Dalane, Ryfylke, på Høg-Jæren og enkelte delar av Haugalandet. På Finnøy og Rennesøy er det stor produksjon av tomatar i drivhus. Fylket har mykje havbruk, medan fiske etter villfisk er viktigast i distrikta kring Haugesund og Egersund. Det er likevel ikkje spesielt mange sysselsette i primærnæringane i fylket (2,5 %, mot 2,4 % i heile landet).

Rogaland er utan samanlikning det viktigaste fylket innanfor olje- og gassnæringa. 26 000 personar – nesten halvparten av alle som er sysselsette i denne industrien i Noreg – arbeider i Rogaland. Stavanger har lenge vore rekna som oljehovudstaden i Noreg, og Nord-Jæren er eit kjerneområde, med administrasjon av fleire olje- og gassfelt, ein omfattande verkstadindustri og andre offshoreretta aktivitetar. Her ligg Statoil sitt hovudkontor, og fleire internasjonale oljeselskap har dei norske hovudkontora sine her. Dei offentlege styringsorgana Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet er lokaliserte til Stavanger. Også Haugalandet har eit stort innslag av petroleumsretta verksemd, mellom anna med eit anlegg for ilandføring, transport og behandling av gass og kondensat (lettolje) på Kårstø.

Av annan industri har fylket ein stor og variert næringsmiddelindustri, med mellom anna meieri, slakteri og fiskeforedling. Sauda og Karmøy har smelteverk, høvesvis med produksjon av ferrolegeringar og aluminium, men begge verksemdene har redusert aktiviteten mykje dei seinare åra. I Sokndal ligg ilmenittprodusenten Titania, som driv dagbrot på den største førekomsten av titanjernstein i verda.

Tenesteytande næringar sysselset relativt få av dei yrkesaktive i Rogaland, 67 % (mot 77 % i heile landet). Reiselivet har relativt lite å seie samanlikna med dei andre vestlandsfylka. Fylket har likevel fleire viktige turistmål med stor trafikk, mellom andre Kongeparken i Ålgård og utsiktspunktet Preikestolen og basehopparstaden Kjerag ved Lysefjorden.

Preikestolen. Foto: Ronel Reyes, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Preikestolen. Foto: Ronel Reyes, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Rogaland har éi jernbane, Sørlandsbana, som går frå Stavanger via Indre Agder og Telemark til Drammen. Det er dobbelspor mellom Stavanger og Sandnes. Fylket har to flyplassar, Stavanger og Haugesund, begge med ei rekkje ruter både innanlands og til utlandet, og dessutan charterflygingar. Stavanger lufthamn på Sola har òg stor offshoretrafikk og er den tredje største flyplassen i landet. Rogaland har eit godt utbygd vegnett, med to europavegar: E39, som går frå grensa mot Vest-Agder via Indre Jæren, Stavanger, Bokn og Haugalandet til grensa mot Hordaland, og E134 mellom Haugesund og grensa mot Hordaland. I indre delar av fylket er riksveg 13, Ryfylkevegen, eit viktig samband. Rogaland har dei siste åra fått ei rekkje undersjøiske tunnelar, og nye tunnelar under Boknafjorden (Rogfast) og Hidlefjorden (Ryfast) er under planlegging eller bygging. Berre to kommunar, Kvitsøy og Utsira, er heilt utan fastlandssamband. Frå Stavanger går det båtrute til Hirtshals og ekspressbåtruter til Ryfylke.

Administrativ og historisk inndeling

Rogaland fylke har desse 26 kommunane: Bjerkreim, Bokn, Eigersund, Finnøy, Forsand, Gjesdal, Haugesund, Hjelmeland, Hå, Karmøy, Klepp, Kvitsøy, Lund, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sauda, Sokndal, Sola, Stavanger, Strand, Suldal, Time, Tysvær, Utsira og Vindafjord. Eigersund, Haugesund, Sandnes og Stavanger er historiske byar. Kopervik og Skudeneshavn (begge i Karmøy) er tidlegare byar som miste bystatusen ved kommunereguleringar i 1964, men dei fekk statusen tilbake etter 1995. Også Bryne (i Time), Jørpeland (i Strand), Sauda og Åkrehamn (i Karmøy) har fått bystatus etter 1995, slik at fylket no har ti byar.

Rogaland hadde på det meste, frå 1930 til 1944, 55 kommunar. I 1944 blei Sogndal ladestad slått saman med Sokndal. I 1958 gjekk Skåre inn i Haugesund. I 1964 gjekk så Ogna, Varhaug og Nærbø saman i den nye kommunen Hå. Året etter blei Helleland, Egersund og mindre delar av Heskestad slått saman med Eigersund. Høle og Høyland gjekk inn i Sandnes, Madla og storparten av Hetland i Stavanger og størstedelen av Heskestad gjekk til Lund. Det meste av Årdal og Fister blei slått saman med Hjelmeland, medan Sand, Erfjord og delar av Jelsa gjekk inn i Suldal. Sjernarøy gjekk inn i Finnøy, Mosterøy i Rennesøy, Nedstrand i Tysvær og Vats, Imsland, Vikedal og Sandeid i Vindafjord. Skudeneshavn, Kopervik, Stangaland, Åkra, Skudenes og Torvastad blei slått saman til den nye storkommunen Karmøy. Avaldsnes blei delt mellom Karmøy og Tysvær, og Skjold blei delt mellom Tysvær og Vindafjord. Ølen blei i 2002 overført frå Hordaland fylke. Kommunen blei i 2006 slått saman med Vindafjord.

Frå 1.1.2020 slår Stavanger seg saman med Finnøy og Rennesøy. Sandnes og Forsand slår seg saman frå den same datoen. Då vil Rogaland ha 23 kommunar mot 26 i dag.

Stavanger len var på 1600-talet eit av hovudlena i landet. I 1662 blei det eit eige amt, som låg under Kristiansand stiftamt. Stavanger amt blei i 1919 døypt om til Rogaland fylke. Fylket blir i mange samanhengar delt i desse regionane: Haugalandet, Ryfylke og Jæren.

Demografi

Rogaland er det fylket utanfor det sentrale Austlandsområdet som har størst folketettleik. Særleg på Nord-Jæren, Karmøy og kring Haugesund bur folk tett. Det er samstundes eit av dei mest urbaniserte fylka i landet. 87,8 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % i gjennomsnitt for heile landet. Fylket har det tredje største samanhengande tettbygde området i landet, Stavanger/Sandnes, der det bur 220 943 menneske. Kvar for seg er dei to byane den fjerde største og den åttande største av kommunane i landet (Sandnes med 73 624 innbyggjarar). Dei største byane og tettstadene i fylket elles er Haugesund (44 830 innbyggjarar i det tettbygde området), Egersund (11 519 innb.), Bryne (11 961 innb.), Ålgård/Figgjo (11 308 innb.). Innbyggjartala er frå 2017.

Folketalet i Rogaland har auka kraftig i heile etterkrigstida. Frå 1957 til 2014 fordobla det seg. Fylket har heile tida hatt solide fødselsoverskot, og nedgangen i overskotet frå 1970-åra og utetter var mindre enn i mange andre fylke. I 1950-åra og først i 1960-åra hadde Rogaland netto utflytting dei fleste åra, sjølv om tala ikkje var så høge. Frå 1965 har fylket derimot hatt netto innflytting dei fleste åra. Etter år 2000 har innflyttinga auka på grunn av innvandring. I 2015 var 15,7 % av innbyggjarane i Rogaland fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjon til Rogaland fylkeskommune ligg i Stavanger, med eigne avdelingar for kultur, næring, opplæring, regionalplan, tannhelse og samferdsel. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Bryne, Egersund, Haugesund, Kleppe, Kopervik, Randaberg, Sandnes, Sauda, Sola, Stavanger, Tau, Ølen og Åkrehamn. Fagskular ligg i Haugesund og Stavanger. Fylket har fire folkehøgskular.

Rogaland har fire regionråd: Jærrådet (kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time), Dalanerådet (Eigersund, Lund, Sokndal og Bjerkreim), Haugaland Vekst (Haugesund, Utsira, Tysvær, Sveio, Bokn, Karmøy, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal) og Ryfylke interkommunalt samarbeid (Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda).

Fylket ligg under Gulating lagmannsrett og er delt i fire tingrettsdistrikt: Dalane, Jæren, Stavanger og Haugesund. Det er omfatta av eitt politidistrikt: Sør-vest. Fylket høyrer til Helseregion Vest og ligg under to helseføretak, Helse Stavanger og Helse Fonna. Det sistnemnde dekkjer òg Sunnhordland. Det er sjukehus i Haugesund og Stavanger, med avdelingar i Sauda, Sandnes og Egersund. Fylket ligg under Vegregion Vest og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det utgjer Stavanger bispedøme og er delt i ni prosti: Dalane, Jæren, Sandnes, Stavanger domprosti, Ytre Stavanger, Tungenes, Ryfylke, Haugesund og Karmøy.

Rogaland fylkeskommune er medlem av Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. I Stavanger ligg Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet.

Politikk

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Rogaland sidan 2003. Tidlegare var òg Kristeleg Folkeparti eit stort parti i fylket, men i dei seinare åra har dette partiet gått mykje tilbake. Fylkestinget har alltid hatt eit stort borgarleg fleirtal, og sidan 1983 har Høgre, FrP og KrF hatt fleirtal åleine. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå KrF, H, Sp og Ap. I perioden 2011–15 er Janne Johnsen (H) fylkesordførar og Terje Halleland (FrP) fylkesvaraordførar.

Dei borgarlege partia har alltid hatt eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Rogaland, og forspranget til den sosialistiske sida har auka dei siste åra. Fylket har fostra fleire politikarar på nasjonalt nivå. Arne Rettedal (H) hadde bakgrunn som ordførar i Stavanger og var kommunal- og arbeidsminister i 1981–86. Jan Simonsen var lenge ein av dei mest markante FrP-politikarane, men i 2001 blei han ekskludert frå partiet.

At Rogaland er eit politisk blått fylke viser seg mellom anna på den måten at det har fleire statsrådar enn noko anna fylke i den norske regjeringa som har sete sidan 2013. Bent Høie (H) er helse- og omsorgsminister, Ketil Solvik-Olsen (FrP) er samferdselsminister, Solveig Horne (FrP) er barne-, familie- og inkluderingsminister og Thorhild Widvey (H) er kulturminister. Widvey har tidlegare vore olje- og energiminister. Ein annan profilert politikar frå fylket er Hadia Tajik, som frå 2015 er nestleiar i Ap. I 2012–13 var ho kulturminister og den første statsråden her i landet med innvandrarbakgrunn.

Hadia Tajik er ein profilert politikar frå Rogaland fylke. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Hadia Tajik er ein profilert politikar frå Rogaland fylke. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Språk

Rogaland fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, medan fylkesmannsembetet har nynorsk som tenestemål. Tolv av kommunane i fylket er språkleg nøytrale, elleve nyttar nynorsk, medan tre kommunar nyttar bokmål (Eigersund, Stavanger og Haugesund).

77 % av elevane i grunnskulen i Rogaland har bokmål som opplæringsmål, medan 23 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er polsk, arabisk, somalisk, litauisk og thai dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Rogaland høyrer til dei sørvestnorske målføra. Fylket høyrer til a‑målsområdet (å visa, ei visa). Storparten av Rogaland har endingar av både sterke og svake hokjønnsord på ‑o eller ‑å (solo/solå, viso/viså), men Dalane har ‑æ (solæ) og Utsira ‑e (sole). Nordre Ryfylke har ‑r i ubestemt form fleirtal av substantiv og i presens av svake verb (hestar, kastar). Sør for Boknafjorden og i eit smalt belte på nordsida av fjorden, seier rogalendingane b, d og g i staden for p, t og k (hop = hob, mat = mad og tak = tag).

Kunst, kultur og idrett

Rogaland har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Stavanger Aftenblad (Stavanger, 58 544), Haugesunds Avis (Haugesund, 22 797), Jærbladet (Bryne, 12 930), Dalane Tidende (Egersund, 7928), Rogalands Avis (Stavanger, 5953), Strandbuen (Jørpeland, 5069), Sandnesposten (Sandnes, 3999), Solabladet (Sola, 3663), Bygdebladet – lokalavis for Randaberg og Rennesøy (Randaberg, 3456), Gjesdalbuen (Ålgård, 3294), Ryfylke (Sauda, 2564), Suldalsposten (Sand, 2392), Tysvær Bygdeblad (Tysvær, 2215) og Øyposten (Finnøy, 1391).

Sør-Rogaland har éin lokal fjernsynsstasjon, TV Vest, som dekkjer området frå Egersund til Rennesøy. Distriktskontoret NRK Rogaland har hovudkontor i Stavanger. Byen har hatt kringkastingssendar sidan 1930.

Universitetet i Stavanger blei oppretta i 2004, då den tidlegare Høgskolen i Stavanger fekk universitetsstatus. Universitetet har fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og teknikk/naturvitskap. Høgskolen Stord/Haugesund, som har studium i pedagogikk, ingeniørfag, nautikk, sjukepleie og økonomiske/administrative fag, har den eine studiestaden sin i Haugesund.

I Rogaland ligg fleire mindre forlag, mellom dei Commentum, Wigestrand, Pelikanen og Hertevig. Musea i Rogaland er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under fem einingar: Haugalandmuseene, Dalane Folkemuseum, Jærmuseet, Ryfylkemuseet og Museum Stavanger. Under det sistnemnde ligg mellom anna Norsk hermetikkmuseum og Utstein kloster. I Stavanger ligg òg Norsk Oljemuseum, teikna av Lunde & Løvseth Arkitekter.

Frå utstillinga på Garborgsenteret, som ligg under Jærmuseet. Foto: Siv Magnhild Bjelland, Flivcr.com CC BY-NC 2.0.

Frå utstillinga på Garborgsenteret, som ligg under Jærmuseet. Foto: Siv Magnhild Bjelland, Flikcr.com CC BY-NC 2.0.

I Rogaland blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk. Nokre av dei viktigaste er Den norske filmfestivalen og Sildajazz, begge i Haugesund, og Den internasjonale kammermusikkfestivalen og Kapittelfestivalen (litteratur) i Stavanger. Regionteateret i fylket heiter Rogaland Teater og har base i Stavanger. I byen sitt kulturhus på Sølvberget ligg mellom anna Norsk barnemuseum og hovudkontoret til ICORN – Det internasjonale fribynettverket for forfølgde forfattarar.

I Stavanger er det sidan 1990-åra bygd opp eit filmmiljø med fleire produksjonsselskap, noko som har resultert i ei rekkje spelefilmar og fleire profilerte skodespelarar, mellom dei Kristoffer Joner og Pia Tjelta. Frå fylket kjem fleire framståande musikarar, mellom dei Leif Ove Andsnes, Sigvart Dagsland, Susanne Sundfør og gruppa Vamp, forfattarar som Kolbein Falkeid, Kjartan Fløgstad, Helge Torvund, Tore Renberg og Agnes Ravatn, og komikarar som Kristian Valen og Per Inge Torkelsen. Rogaland har fleire fotballklubbar som har hevda seg på norsk toppnivå – Viking, Haugesund og Sandnes Ulf.

Kjelder

Alf Aadnøy (red.): Bygd og by i Norge. Rogaland. Oslo 1979

Jernbaneverket: «Sørlandsbanen», publisert 30.4.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Sorlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Rogaland fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_11 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Rogaland», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/rogaland/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Rogaland», snl.no, sist oppdatert 24.9.2014: https://snl.no/Rogaland [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Rogaland fylkeskommune

Først publisert: 23.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018