Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane fylke

Sogn og Fjordane har store naturressursar, men er tynt folkesett og har få og små byar og tettstader. Naturen i fylket er særprega, med fjordar, høge fjell og den største isbreen i Noreg, Jostedalsbreen. Her ligg Sognefjorden, den nest lengste fjorden i verda, og Nærøyfjorden, ein del av UNESCO-landskapet «Vestnorske fjordar».

Sogn og Fjordane har vore eige fylke sidan 1763. Det er eit distriktsfylke utan storbyar, men det har i fleire hundreår lege under Bergen sitt dominansområde. Mykje av matvarene, elektrisiteten og andre varer som blir produserte her, blir eksportert til andre fylke eller til utlandet. Utanfor kysten er det olje og gass, men petroleumsnæringa er relativt lite synleg på land i Sogn og Fjordane.

Det rurale preget slår inn også i kultur- og samfunnslivet. Fylket har utvikla seg til å bli eit kjerneområde for nynorsken, med berre mindre tilløp til bymål i Florø og Måløy. Sogn og Fjordane har i mange år kome godt ut på levekårstatistikken, med mellom anna høg levealder, låg skilsmisserate, gode skuleprestasjonar og lite kriminalitet. Samstundes har store delar av fylket vore prega av stagnasjon i folketal, arbeidsplassar og næringsliv.

Miljø og klima

Kyststroka i fylket har eit mildt klima, med ein middeltemperatur kring 1–2 °C i februar og 14 °C i august. Dei indre stroka har strengare vintrar, men varmare somrar. Halvøya Stadlandet lengst i nordvest er spesielt utsett for vind og vêr. Ytre og midtre strok har mykje nedbør, medan dei inste dalføra, til dømes Lærdal, høyrer til blant dei tørraste stadene i landet.

Ruskevêr på Stadlandet. Foto: Thomas Bjørkan, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Ruskevêr på Stadlandet. Foto: Thomas Bjørkan, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Fylket har eit svært variert plante- og dyreliv, frå ekstremt kuldesterke artar ved breane i høgfjellet til varmekjære artar i sørvende edellauvskogslier langs fjordarmane. I Sogn og Fjordane er heile 22 av dei 26 norske vegetasjonsgeografiske regionane representerte, fleire enn i noko anna fylke. Fleire sjeldne plantar i Noreg er berre kjende i Sogn og Fjordane, til dømes stilkvasshår og stormarihand. Det finst rådyr og elg, og hjort og villrein finst det større bestandar av. Jerv og gaupe finst det mest av i indre strok, medan bjørn og ulv opptrer som streifdyr.

Berggrunnen i Sogn og Fjordane består for ein stor del av grunnfjellsbergartar, mellom anna gneis, som er blitt kraftig omdanna under den kaledonske fjellkjedefaldinga. Langs kysten, i Solund, Askvoll, Flora og Bremanger, finst det store felt med konglomerat og sandstein som er blitt danna ved avleiringar i devontida (for 416–359 millionar år sidan). Fylket har den største isbreen i landet, Jostedalsbreen, og den lengste og djupaste fjorden, Sognefjorden.

Sognefjorden sett frå Aurlandsfjellet, panoramafoto. Foto: Michel van den Bogaard, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sognefjorden sett frå Aurlandsfjellet, panoramafoto. Foto: Michel van den Bogaard, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Historie

Ei rekkje spor vitnar om tidleg busetnad langs kysten av Sogn og Fjordane. Vingen, Ausevika og Staveneset har store felt med bergkunst. Stakalleneset i Flora var frå ca. 6000 til 2500 f.Kr. eit viktig steinbrot for bergarten diabas, som blei brukt til råstoff for øksar, og øksar herifrå er funne frå Jæren i sør til Helgeland i nord. I mellomalderen blei Hyllestad eit kjerneområde for utvinning og eksport av kvernstein.

I jordbrukstida (frå ca. 2500 f.Kr.) kom midtre og indre delar av fylket til å spele ei viktigare rolle enn kysten. I fleire av fjordbygdene i Nordfjord og Sogn er det funne rike spor etter mektige storgardar. Til dømes på Eide i Gloppen har arkeologar grave ut ein stor gravhaug frå 400-talet, der ein hovding låg gravlagd i sine finaste klede, med våpen og eit rikt gravgods. Ein relativt stor del av utvandrarane til Island i landnåmstida kom truleg frå Sogn og Fjordane. Den første landnåmsmannen, Ingolf Arnarson, skal ifølgje sagaene ha kome frå Dalsfjorden.

Måleriet Alværa (1936) av Karl Straume. På slutten av 1930-talet kom Anders Skaasheim med ideen om ei «frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin (Bergen)». Gåva var eit uttrykk for takksemd overfor islendingane for vern om norrøn kulturarv. Kunstnar og norskdomsmannen Karl Straume fekk oppdraget. Motivet som vart valt til måleriet, var av garden Alværa ved Lavik. Grunnen var at landnámsmannen Tord Vikingsson kom frå Alværa til Island, og at han der gav garden sin namnet Alvidru. Det er usikkert om det var Alværa i Lavik Vikingsson kom frå, men Skaasheim ønskte likevel å gje eit bilete av ein storgard i Sogn til minne om stadene dei første landnámsmennene kom frå. På grunn av krigen vart oppdraget utsett. I 1954 reiste Skaasheim til Island og leverte gåva personleg. Måleriet heng i dag i Alltinget på Island. (Kjelde: Stina Aasen Lødemel: «Karl Straume – kunstnar og kulturberar» i Rønning, Roar (red.): Kunstmålaren Karl Straume (1877—1968). Hovdebygda soge- og velferdslag 2010).

Måleriet Alværa (1936) av Karl Straume. På slutten av 1930-talet kom Anders Skaasheim med ideen om ei «frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin (Bergen)». Gåva var eit uttrykk for takksemd overfor islendingane for vern om norrøn kulturarv. Kunstnar og norskdomsmann Karl Straume fekk oppdraget. Motivet som vart valt til måleriet, var av garden Alværa ved Lavik. Grunnen var at landnámsmannen Tord Vikingsson kom frå Alværa til Island, og at han der gav garden sin namnet Alvidru. Det er usikkert om det var Alværa i Lavik Vikingsson kom frå, men Skaasheim ønskte likevel å gje eit bilete av ein storgard i Sogn til minne om stadene dei første landnámsmennene kom frå. På grunn av krigen vart oppdraget utsett. I 1954 reiste Skaasheim til Island og leverte gåva personleg. Måleriet heng i dag i Alltinget på Island. (Kjelde: Stina Aasen Lødemel: «Karl Straume – kunstnar og kulturberar» i Rønning, Roar (red.): Kunstmålaren Karl Straume (1877—1968). Hovdebygda soge- og velferdslag 2010).

I Gulen lengst sør i fylket låg den opphavlege tingstaden for Gulatinget, eit lagting som på det meste omfatta kysten frå Sunnmøre til Agder og dessutan innlandsregionane Valdres og Hallingdal. Nord i fylket ligg Selje kloster, som var det første vestnorske bispesetet, fram til relikviane av Sankta Sunniva blei overførte til Bergen i 1170.

Selje kloster. Foto: Lars Gustavsen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Selje kloster. Foto: Lars Gustavsen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sogn og Fjordane var lenge utan eigne byar. Handelen skjedde gjennom lokale handelsstader oppretta av byborgarar og ved at bøndene reiste på jekteferder til Bergen. Midt på 1800-talet opplevde kysten eit rikt sildefiske, og Florø fekk ladestadsrettar i 1860. Ved sida av Florø bygde Måløy seg opp som eit senter for fiskerinæringa mot slutten av 1800-talet. Fylket fekk òg betre kommunikasjonar etter at eit dampskipsselskap eigd av fylket blei oppretta i 1858. Trass i dette hadde Sogn og Fjordane framleis eit sterkt ruralt preg. Mange flytta til byar i andre fylke eller drog til USA, og folketalet stagnerte. Særleg ein del bygder i Indre Sogn hadde sterk utvandring til Amerika på slutten av 1800-talet.

Fylket har mykje vasskraft, og tidleg på 1900-talet var det fleire stader ei sterk industriutbygging, basert på nærleik til vasskrafta, mellom anna i Vadheim, Høyanger, Stongfjorden og Svelgen. Den tyske okkupasjonsmakta starta utbygging i Årdal, som blei fullført etter krigen med eit av dei største aluminiumsverka i landet.

Mot slutten av 1900-talet og først på 2000-talet har fylket fått betre vegsamband, og aksen Florø–Førde–Sogndal har sterkast vekst. Førde blei etablert som statleg vekstsenter i 1960-åra og har sidan den tid hatt ei sterk utvikling innanfor ulike servicenæringar, mellom anna med sentralsjukehus og stor handel i høve til folketalet.

18. januar 2014 braut det ut ein brann på Lærdalsøyri som øydela eller gjorde skade på minst 60 bygningar. Dette er den verste tettstadbrannen i Noreg på over 90 år.

Sosiale forhold

Sogn og Fjordane ligg omtrent på linje med landsgjennomsnittet når det gjeld inntektsnivå. I 2013 tente 24 % av hushalda under 350 000 og 24 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Elles peikar mange av dei sosiale indikatorane mot den relativt spreidde busetnaden vi finn i fylket. Utdanningsnivået er lågt – 24,9 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen ligg godt over landsgjennomsnittet for begge kjønn. Mennene i Sogn og Fjordane kan rekne med å bli 79,7 år gamle og kvinnene 84,2 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar er dei lågaste i landet. Berre 4,9 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, den lågaste prosentdelen i landet (landsgjennomsnittet er 11,5 %).

Bilete av Huldefossen, som ligg ved Mo og Jølster vidaregåande skule i utkanten av Førde. Foto: Philippe Teuwen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Bilete av Huldefossen, som ligg ved Mo og Jølster vidaregåande skule i utkanten av Førde. Foto: Philippe Teuwen, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Næringsliv

Sogn og Fjordane har relativt mange sysselsette i primærnæringane (6 %, mot eit landsgjennomsnitt på 2,4 %). Jordbruket er prega av relativt mange og små bruk, sidan geografien gjer det problematisk med stordrift. Den dominerande driftsforma er grasproduksjon med storfe- og sauehald, men i indre delar av Sogn og Nordfjord er det òg noko produksjon av bær og frukt. Fiske er viktig for kystsamfunna, der både fiske etter villfisk og oppdrettsnæringa gir mange arbeidsplassar. Det finst òg ein del fiskeforedlingsbedrifter, og Florø har ein større fabrikk som produserer fiskefôr.

Industrien i fylket er tradisjonelt særleg knytt til einsidige industristader som Høyanger og Årdal, begge med store aluminiumsverk. På 2000-talet er dei eldre delane av anlegga blitt nedlagde, og kommunane har gått igjennom krevjande omstillingsprosessar, med tap av mange arbeidsplassar. Også verftsindustrien i fylket er blitt redusert – dei største attverande verfta ligg i Hyllestad og Florø. Olje- og gassindustrien har ikkje etablert ilandføringsanlegg i fylket, men Florø har ein viktig forsyningsbase. Ved smelteverket i Svelgen blir det produsert silisiummetall for eksport.

Tenesteytande næringar sysselset relativt få av dei yrkesaktive i Sogn og Fjordane, 69 % (mot eit landsgjennomsnitt på 77 %). Førde er eit viktig handelssentrum. Reiselivet er særleg viktig i indre delar av fylket, med Jostedalsbreen, Nærøyfjorden, Flåmsbana og stavkyrkjene i Sogn som store turistattraksjonar. Men kysten tek òg imot mange turistar og kan lokke med surfing på Stadlandet, Selje Kloster, idylliske fiskevær, til dømes Bulandet, og fleire andre reisemål.

Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn. Foto: Richard, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Borgund stavkyrkje i Lærdal i Sogn. Foto: Richard, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Sogn og Fjordane er eit grisgrendt fylke, som lenge var prega av vanskelege kommunikasjonar. I dei seinare åra har fylket likevel fått ei rekkje gode gjennomfartsvegar og ikkje minst lange tunnelar. Det går to europavegar gjennom Sogn og Fjordane: E39 frå grensa mot Hordaland via Lavik, Førde og Byrkjelo til grensa mot Møre og Romsdal, og E16 frå grensa mot Oppland på Filefjell via Lærdal og Aurland til grensa mot Hordaland. Fylket har fleire andre høgfjellsvegar over til Austlandet, men E16 blir rekna som den sikraste vinterstid. Sogn og Fjordane har fire kortbaneflyplassar: Førde, Florø, Sandane og Sogndal. Lufthamna i Florø er òg base for offshoretransport. Fylket har ei kort jernbane, Flåmsbana, som er eit viktig turistmål. Ho er knytt til Bergensbana på Myrdal. Den største samfunnet som ikkje er knytt til vegnettet, er Solund, som har ferjesamband til fastlandet. Det går ekspressbåtruter frå Bergen til Sogn og langs kysten til Nordfjord. I 2013 kom Stad skipstunnel inn i Nasjonal transportplan, etter mange tiår med utgreiingar og politisk arbeid. Tunnelen, som vil bli den første i verda i sitt slag, gir skipstrafikken høve til å unngå det vêrutsette Stadhavet.

Utsiktplattforma på Stegastein med utsikt over Aurlandsfjorden. Stegastein er ein del av Nasjonale turistveger. Foto: Lewis Martin, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Utsiktplattforma på Stegastein med utsikt over Aurlandsfjorden. Stegastein er ein del av Nasjonale turistveger. Foto: Lewis Martin, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Sogn og Fjordane fylke har desse 26 kommunane: Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Stryn, Vik, Vågsøy og Årdal. Flora er den einaste historiske byen i fylket (tidlegare Florø), medan Førde og Måløy (i Vågsøy) har fått bystatus etter 1995.

Sogn og Fjordane hadde på det meste, frå 1923 til 1963, 39 kommunar. I 1963 blei Hafslo og Jostedal slått saman med Luster. Året etter gjekk Florø, Kinn, Eikefjord og storparten av Bru saman i den nye storkommunen Flora. Brekke gjekk inn i Gulen, medan Lavik og Kyrkjebø slo seg saman til Høyanger kommune. Borgund gjekk inn i Lærdal, medan Vevring blei delt mellom Askvoll og Naustdal. Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy slo seg saman til den nye kommunen Vågsøy, og Breim gjekk inn i Gloppen. Davik blei delt mellom Vågsøy, Bremanger og Eid. I 1965 gjekk Hornindal og Innvik inn i Stryn, men Hornindal blei frådelt som eigen kommune att i 1977.

Frå 1.1.2020 blir talet på kommunar i fylket redusert frå 26 til 19. I Sogn blir Leikanger, Balestrand og Sogndal slått saman med tvangsvedtak i Stortinget. I Sunnfjord slår Førde, Jølster, Gaular og Naustdal seg saman. I Nordfjord blir Eid og Selje slått saman. Hornindal slår seg saman med Volda i Møre og Romsdal, og byter fylke.

Sogn og Fjordane høyrde opphavleg til Bergenhus stiftamt. I 1763 blei fylket oppretta som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Fylket fekk det noverande namnet i 1919. Sogn og Fjordane blir i mange samanhengar delt etter dei gamle futedøma: Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

1.1.2020 blir Sogn og Fjordane og Hordaland ein region, slik dei var før 1763.

Demografi

Etter Finnmark er Sogn og Fjordane både det minste fylket rekna i folketal og det tynnast folkesette fylket. Også urbaniseringsgraden er låg – berre 61,1 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % i landet totalt. Byane og tettstadene er små. Størst er Førde (10 099 innbyggjarar i det tettbygde området), Florø (8677 innb.), Sogndalsfjøra (3547 innb.), Måløy (3242 innb.) og Øvre Årdal (3206 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Sogn og Fjordane auka svakt dei fleste åra frå 1950 fram til 1996. I ein periode på slutten av 1990-åra og dei første åra av 2000-talet gjekk folketalet nedover, men etter 2007 har det vore ny vekst. Fylket hadde høgt fødselsoverskot i 1950-åra, men dette minka i 1960-og 70-åra og er framleis lågt. Samstundes minka òg flyttestraumen ut av fylket, og i perioden 1975–80 hadde fylket netto innflytting. Etter 1980 snudde denne trenden, og fram til 2008 var det med få unntak netto utflytting. Folkeauken dei siste åra kjem av stor innvandring. I 2015 var 9,9 % av innbyggjarane i Sogn og Fjordane fødde i utlandet.

Bygda Undredal i Aurland, sett frå båt på Aurlandsfjorden. Foto: Harvey Barrison, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Bygda Undredal i Aurland, sett frå båt på Aurlandsfjorden. Foto: Harvey Barrison, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune ligg på Leikanger. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Aurland, Dale, Eid, Florø, Førde, Høyanger, Måløy, Sandane, Sogndal, Stryn og Årdal, og fagskular i Førde og Måløy. Fylket har fire folkehøgskular. Tidlegare dreiv fylkeskommunen dei fleste lokale båtrutene og alle ferjerutene i fylket gjennom Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, men dette selskapet gjekk i 2001 inn i Fjord1-konsernet.

Sogn og Fjordane har fire regionråd: Nordfjordrådet (kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy), Samarbeidsforum i Sunnfjord (Flora, Førde, Naustdal, Jølster og Gaular), HAFS regionråd (Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund) og Sogn regionråd (Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal). Gulen er òg med i Region Nordhordland.

Fylket ligg under Gulating lagmannsrett og er eitt tingrettsdistrikt: Sogn og Fjordane. Gulen kommune soknar til Nordhordland tingrett i Hordaland. Fylket utgjer saman med størsteparten av Hordaland og Vanylven i Møre og Romsdal Vest politidistrikt. Sogn og Fjordane høyrer til Helseregion Vest og utgjer eitt helseføretak, Helse Førde, med sjukehus i Førde, i Lærdal og på Nordfjordeid. Fylket ligg under Vegregion Vest og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Bjørgvin bispedøme og er delt i fire prosti: Indre Sogn, Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er medlem av Vestlandsrådet, som er eit politisk samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Politikk

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Sogn og Fjordane sidan 1975. Dei to partia har saman heile tida hatt fleirtal i fylkestinget, og har bytt på å ha fylkesordføraren, med unntak av éin periode. I perioden 2011–15 er Åshild Kjelsnes (Ap) fylkesordførar og Jenny Følling (Sp) fylkesvaraordførar.

Dei borgarlege partia har hatt eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane. Samferdsel har vore eit viktig politisk saksfelt i fylket, og fleire profilerte samferdselsministrar har kome herifrå: Lars Gunnar Lie (1989–90, KrF), Kjell Opseth (1990–96, Ap) og Liv Signe Navarsete (2005–09, Sp). Den sistnemnde var òg partileiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014, kommunal- og regionalminister i 2009–13 og dessutan medlem av underutvalet i den andre raudgrøne regjeringa.

Spørsmålet om fjorddeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet har vore ei av dei mest omstridde sakene i fylket dei seinare åra. Motstandarane har lagt vekt på at dei negative følgjene for miljøet, og fleire faginstansar og næringsorganisasjonar har vendt tommelen ned for planane.

Frå Aksjon Førdefjorden i 2015, som aksjonerer mot fjorddeponi i Førdefjorden. Foto: Natur og Ungdom, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Frå «Aksjon Førdefjorden» i 2015, som aksjonerte mot fjorddeponi i Førdefjorden. Foto: Natur og Ungdom, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Språk

Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesmannsembetet i fylket har nynorsk som tenestemål. Det same har alle kommunane.

98 % av elevane i grunnskulen har nynorsk som opplæringsmål. Sogn og Fjordane er såleis det fylket i landet der nynorsken står sterkast. Av innvandrarspråk er polsk, somalisk, arabisk, nederlandsk og litauisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dei nordlege områda av Sogn og Fjordane, med Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn, høyrer til dei nordvestlandske målføra, som har e‑mål, medan Indre Sogn høyrer til dei sørvestlandske målføra, med a‑mål. Sogn har, liksom Voss og Hardanger, diftongen ao (båt = baot). I Nordfjord, og ofte i Sunnfjord, fell sl og tl saman i ustemd l (hassel = ha(h)l). I indre Sogn får mange substantiv endingar på dn og dl (korn = kådn, hestane = hestadn, fjell = fjedl). Palatalisering finst opphavleg i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn, både i trykksterke og trykksvake stavingar (bajllajnne), men er i tilbakegang.

Kunst, kultur og idrett

Sogn og Fjordane har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Firda (Førde, 11 634), Sogn Avis (Leikanger, 9055), Firdaposten (Florø, 4871), Fjordenes Tidende (Måløy, 4648), Fjordingen (Stryn, 3863), Firda Tidend (Sandane, 2977), Fjordabladet (Nordfjordeid, 2579) og Ytre Sogn Avis (1556).

NRK Sogn og Fjordane har hovudkontor i Førde. Nynorsk Mediesenter, eit nasjonalt kurs- og kompetansesenter for bruk av nynorsk i radio, fjernsyn og på nett er knytt til dette distriktskontoret. Avisa Firda driv eit tilsvarande senter for avisjournalistikk: Nynorsk avissenter.

I fylket ligg Høgskulen i Sogn og Fjordane, med studiestader i Sogndal og Førde. Høgskulen gir tilbod om studium innanfor pedagogikk, ingeniør- og naturfag, helse- og sosialfag, samfunnsfag, idrett og friluftsliv, og økonomi og leiing.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Foto: Harald Groven, Flickr.com CC BY-SA 2.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Foto: Harald Groven, Flickr.com CC BY-SA 2.

Fylket har to forlag, Selja Forlag i Førde og Skald Forlag på Leikanger. I Fjærland ligg Den norske bokbyen. Musea i fylket er etter museumsreforma på 2000-talet blitt samla under paraplyorganisasjonen Musea i Sogn og Fjordane. Blant avdelingane er det arkitektonisk særprega Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som ligg i Førde, og som blei opna i 2012. Under kunstmuseet ligg Astruptunet og Eikaasgalleriet, begge i Jølster. I Fjærland ligg Norsk Bremuseum, teikna av Sverre Fehn.

Norsk Bremuseum i Fjærland, teikna av Sverre Fehn. Foto: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

Norsk Bremuseum i Fjærland, teikna av Sverre Fehn. Foto: Stina Aasen Lødemel/Allkunne.

Dei fremste festivalane i fylket er Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Norsk Country Treff på Breim, som begge er knutepunktfestivalar. Av andre arrangement kan nemnast Fjellsportfestivalen i Sogndal, Vevringutstillinga, Nynorske litteraturdagar i Flåm og musikkfestivalen Malakoff på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane Teater er regionteater i fylket, med base i Førde. På Nordfjordeid ligg Opera Nordfjord og på Dalsåsen i Fjaler Nordisk Kunstnarsenter. I fylket blir det sett opp fleire historiske spel, blant dei er Kinnaspelet i Flora det eldste.

Sogn og Fjordane har fostra fleire framståande kulturpersonar, blant dei er bilethoggaren Anders Svor, multikunstnaren Oddvar Torsheim, diktarane Jakob Sande og Kjartan Hatløy, musikarane Olav Stedje, Karl Seglem, Sigrid Moldestad og Thea Hjelmeland, forfattarane Erna Osland og Olaug Nilssen og journalistane Erling Lægreid, Henning Rivedal og Finn Tokvam. Den omstridde biletkunstnaren Stig Eikaas har i dei seinare åra fått sett opp skulpturar ei rekkje stader i fylket.

Sogndal IL er det einaste laget i fylket som har nådd toppnivået i norsk fotball. Den vesle bygda Flo i Stryn har fostra tre spelarar som har vore innom klubben, og som seinare alle har spela i internasjonal fotball: Jostein Flo, Tore André Flo og Håvard Flo.

Kjelder

Nikolai Schei (red.): Bygd og by i Norge. Sogn og Fjordane. Oslo 1980

Svein Askheim: «Sogn og Fjordane», snl.no, sist oppdatert 3.4.2014: https://snl.no/Sogn_og_Fjordane [lesedato 12.6.2015]

Jernbaneverket: «Flåmsbana», publisert 30.4.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Flamsbana [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Sogn og Fjordane fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_13 - KAPITTEL_13 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Sogn og Fjordane», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/sogn-og-fjordane/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A... [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune

Først publisert: 26.10.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018