Hopp til innhold
X
Innhald

Sør-Trøndelag fylke

Sør-Trøndelag var fram til 31.12.2017 eit eige fylke. No utgjer området den minste delen i areal og mesteparten av folketalet i Trøndelag fylke.

Sør-Trøndelag har vore eige fylke sidan 1804. Lengst i vest har fylket ei lang kyststrekning, både nord og sør for Trondheimsfjorden, med ei mengde små øyar, men òg dei større øyane Hitra og Frøya. Medan kyststroka er generelt skrinne, ligg det grøderike jordbruksbygder langs Trondheimsfjorden og i dei breie dalføra mot sør. Fleire stader i fylket har lange tradisjonar for bergverksdrift.

Fylkeshovudstaden Trondheim har historiske røter tilbake til vikingtida. Den gongen heitte byen Nidaros, og i mellomalderen var dette eit kyrkjeleg midtpunkt, med den mektige Nidarosdomen, det viktigaste kyrkjebygget i Noreg enno i vår tid. Byen har i nyare tid vakse raskt. Her ligg ei rekkje senterfunksjonar og nokre av det fremste forskings- og teknologimiljøa i landet, i tilknyting til universitetet NTNU. Av kommunane elles i fylket er det dei som ligg nærmast Trondheim, som har hatt sterkast vekst, medan dei meir fjerntliggjande stroka er prega av stagnasjon.

galleri

Miljø og klima

Dei indre stroka av fylket har innlandsklima, med strenge vintrar og varme somrar. Røros har kulderekorden for Sør-Noreg, med –50,4 °C. Kysten har eit langt mildare klima, med middeltemperatur kring 0 °C i januar. Mykje av fylket ligg ope mot nordvest og er utsett for uvêr frå denne retninga.

Vinterbilete frå Røros. Foto: Aslak Raanes, Flickr.com CC BY 2.0.

Vinterbilete frå Røros. Foto: Aslak Raanes, Flickr.com CC BY 2.0.

I sør og aust har fylket høgfjell, med Storskrymten som den høgaste toppen (1985 moh.). Store dalføre med grøderik morenejord skjer seg ned i landskapet, som blir lågare utover mot kysten. Langs Trondheimsfjorden ligg det store område med marin leire, som er utsette for skred. I ytre strok er det førekomstar av kystlynghei og kystgranskog. I Trondheimsfjorden og utanfor kysten av fylket finst det ei rekkje korallrev.

Sør-Trøndelag har store bestandar av elg, hjort og rådyr. På Dovrefjell lever villrein og eit par hundre moskusar. Av rovdyr finst jerv og gaupe fleire stader i fylket, medan bjørn og ulv er meir sjeldne. Det finst òg ein del kongeørn. Dei vanlegaste ferskvassfiskane er aure og røye. I austlege delar av fylket finst det òg sik, harr, åbor og gjedde. Sør-Trøndelag har 60 stammar av vill-laks.

Berggrunnen i Sør-Trøndelag kan grovt sett delast i to: Fosenhalvøya og kystområda sør for Trondheimsfjorden består hovudsakleg av deformerte eldre grunnfjellsområde og yngre bergartar frå devontida, medan det indre området blir kalla Trondheimsfeltet og inneheld sedimentære bergartar frå kambrosilur.

Historie

Dei eldste spora etter menneske i Sør-Trøndelag finst på kysten. Ved Dolmsundet i Hitra og fleire andre stader er det funne flintreiskapar og buplassar som er opp til 10 000–11 000 år gamle. I jernalderen spreidde busetnaden seg til dei indre stroka av fylket, der det finst mykje godt jordbruksland. Blant funn frå denne perioden kan nemnast gravfeltet på Vang i Oppdal, som er eit av dei største i Nord-Europa. Her finst over 900 store og små gravrøyser frå folkevandringstida og fram til vikingtida.

Under rikssamlinga blei Lade etablert som sete for dei mektige ladejarlane. Med dette voks Trondheim/Nidaros fram som ein strategisk maktbase ikkje berre i Trøndelag, men for heile landet. Mot slutten av 1000-talet grunnla Olav Kyrre erkebispesetet i Nidaros, og bygginga av Nidarosdomen ved grava til Heilag-Olav tok til. Byen blei eit viktig pilegrimsmål for heile Nord-Europa, og makta til erkebispen strekte seg i mellomalderen ut over heile Noregsveldet, inkludert Vesterhavsøyane.

Under reformasjonen blei den mektige adelsfrua Inger Ottesdotter, som budde på herregarden Austrått på Ørlandet, dregen over på kongemakta si side. Hovudmotstandaren var Olav Engelbrektsson, den siste erkebiskopen i Noreg, som representerte den siste motstanden mot protestantismen. Då han måtte rømme landet i 1537, var det slutt for den katolske kyrkja si makt i Noreg.

I tidleg nytid rivaliserte dansk og svensk kongemakt om Trøndelag, Jemtland og Herjedalen. Ein kort periode (1658–60) låg Trøndelag saman med Nordmøre, Romsdal og Bohuslän under svensk kontroll. I 1718 gjorde svenske troppar innfall i Trøndelag under leiing av Carl Gustav Armfeldt, men angrepet enda i eit tragisk tilbaketog, der fleire tusen soldatar miste livet i fjella aust for Tydal.

På 1600-talet fekk Sør-Trøndelag fleire gruvebyar. Røros koparverk blei grunnlagt i 1644 og Løkken gruve ti år seinare. Det sistnemnde blei i 1904 overteke av Orkla Grube-Aktiebolag, med Christian M. Thams som initiativtakar, og utvikla seg på 1900-talet til å bli det største gruveselskapet i Noreg.

I 1910 blei Norges Tekniske Høyskole etablert i Trondheim, med utdanning av sivilingeniørar og sivilarkitektar. Høgskulen, i dag ein del av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), har gjort sitt til at Trondheim i nyare tid er ein av dei viktigaste teknologibyane i landet, med fleire vitskaplege forskingsmiljø, mellom anna SINTEF.

Edvard og May-Britt Moser studerer ei menneskehjerne. Foto: Geir Mogen/NTNU, Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Edvard og May-Britt Moser fekk nobelprisen i medisin i 2014 for oppdaginga av gittercellene, også kalla hjernens navigasjonssystem. Begge er professorar i nevrovitskap ved NTNU. Foto: Geir Mogen/NTNU, Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Sosiale forhold

Sør-Trøndelag ligg omtrent på linje med landsgjennomsnittet når det gjeld inntektsnivå. I 2013 tente 24 % av hushalda under 350 000 og 22 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået er rimeleg høgt – 32,6 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen ligg på landsgjennomsnittet for kvinner og i overkant av landsgjennomsnittet for menn. Kvinnene i Sør-Trøndelag kan rekne med å bli 82,9 år gamle og mennene 79 år, mot høvesvis 82,9 og 78,4 år for landet totalt. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar er lågare enn elles i landet, og det er litt færre røykjarar. 23 % av dei vaksne sørtrønderane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 7,8 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, langt under landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Sør-Trøndelag har mykje godt jordbruksland, særleg i leirjordområda kring Trondheimsfjorden og i dei flate dalbotnane i fylket. Her blir det drive mykje kornproduksjon, medan husdyrhald og mjølkeproduksjon er den vanlegaste driftsforma i fjell- og kystbygdene. Langs kysten er fiske og fiskeopprett viktig. Fylket har noko større sysselsetjing i primærnæringane enn landsgjennomsnittet (2,9 %, mot 2,4 %).

Av kraftkrevjande tungindustri har fylket større fabrikkar for produksjon av silisium i Orkdal og Kyrksæterøra. Orkdal har òg ein industripark, Grønøra, med fleire større firma som leverer produkt og tenester til olje- og gassindustrien. Elles er mykje av industrien samla i og omkring Trondheim. Næringsmiddelindustrien er den største industrigreina i fylket, mellom anna med sjokoladefabrikken Nidar-Bergene og Tine meierier i Trondheim, og Nortura Malvik, det største slakteriet i landet.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 78 % av dei yrkesaktive i Sør-Trøndelag, omtrent som landsgjennomsnittet (77 %). Særleg Trondheim har hatt stor vekst i tenesteproduksjonen – byen har ein stor del av detaljhandelen i landsdelen og eit stort sjukehus og universitet. Trondheim er òg base for storselskapet Reitangruppen, som mellom anna eig ei av dei fire store daglegvarekjedene i Noreg, medan Orkdal er utgangspunktet for Orkla, det største privateigde industrikonsernet i Noreg. Trondheim er det viktigaste turistmålet i fylket, med domkyrkja Nidarosdomen som den største attraksjonen. Oppdal er ein stor vinterdestinasjon, med mange overnattingsstader og eit breitt tilbod innanfor alpinsport.

Samferdsel og kommunikasjon

Sør-Trøndelag har tre jernbaner: Dovrebana, som går frå Eidsvoll over Dovrefjell til Trondheim, Nordlandsbana mellom Trondheim og Bodø, og Rørosbana, som går frå Hamar gjennom Østerdalen over Røros til Støren. På Værnes i Nord-Trøndelag ligg Trondheim lufthamn, som har ei rekkje flyruter både innanlands og til utlandet, og dessutan charterflygingar. Fylket har to andre flyplassar med faste ruter i avgrensa omfang, Røros og Ørland. Sør-Trøndelag har to europavegar: E6, som går frå grensa mot Oppland via Oppdal, Støren og Trondheim til grensa mot Nord-Trøndelag, og E39 frå Klett sør for Trondheim via Orkanger til grensa mot Møre og Romsdal. Andre viktige gjennomfartsvegar er riksveg 3 frå Ulsberg til fylkesgrensa ved Kvikne, som er ein mykje brukt veg mellom Oslo og Trondheim, og fylkesveg 30 frå Støren gjennom Gauldalen til Røros og grensa mot Hedmark. Hitra og Frøya har undersjøisk vegsamband til fastlandet, slik at det berre er nokre mindre øyar i fylket som ikkje er knytte til vegnettet.

Administrativ og historisk inndeling

Sør-Trøndelag fylke har desse 25 kommunane: Agdenes, Bjugn, Frøya, Hemne, Hitra, Holtålen, Klæbu, Malvik, Meldal, Melhus, Midtre Gauldal, Oppdal, Orkdal, Osen, Rennebu, Rissa, Roan, Røros, Selbu, Skaun, Snillfjord, Trondheim, Tydal, Ørland og Åfjord. Trondheim er den einaste historiske byen i fylket. Brekstad (i Ørlandet) fekk bystatus i 2005. Røros har status som bergstad.

Sør-Trøndelag hadde på det meste, frå 1926 til 1963, 56 kommunar. I 1963 blei Orkland, Orkanger og Geitastrand slått saman med Orkdal. Året etter gjekk Leinstrand, Byneset, Strinda og Tiller inn i Trondheim. Hemne tok opp i seg Vinje og halvparten av Heim, medan andre halvparten av Heim gjekk inn i Snillfjord. Sandstad, Fillan og Kvenvær gjekk inn i Hitra, medan Sør-Frøya og Nord-Frøya slo seg saman til den nye kommunen Frøya. Agdenes tok opp i seg Lensvik, og storparten av Stadsbygd og Stjørna gjekk inn i Rissa. Bjugn tok opp i seg Nes og Jøssund, og Stoksund gjekk inn i Åfjord. Røros landsokn, Brekken og Glåmos blei slått saman med Røros, og Singsås, Budal, Støren og Soknedal slo seg saman til den nye storkommunen Midtre Gauldal. Horg, Hølonda og Flå gjekk inn i Melhus. I 1965 blei Børsa og storparten av Buvik slått saman med Skaun. I 1972 slo Ålen og Haltdalen seg saman til den nye kommunen Holtålen.

1.1.2018 slår Rissa seg saman med Leksvik i Nord-Trøndelag. To år seinare slår Klæbu og Trondheim seg saman. Det gjer òg Hemne og Snillfjord, Meldal, Orkdal og Agdenes. Snillfjord blir delt mellom dei to nye einingane, samt Hitra. Då har talet på kommunar blitt redusert frå 25 til 20.

Sør-Trøndelag var opphavleg ein del av Trondhjems amt, som omfatta heile Trøndelag. I 1804 blei amtet delt i to, ein nordleg og ein sørleg del. I mange samanhengar blir fylket delt i desse regionane: Trondheimsregionen, Gauldal, Orkdal og Fosen. 1.1.2018 blir Trøndelag igjen eitt fylke.

Demografi

I Sør-Trøndelag er folketettleiken og urbaniseringsgraden omtrent som landsgjennomsnittet. 80,3 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % i heile landet. Fylket har den fjerde største byen i landet, Trondheim, rekna etter folketalet innanfor det tettbygde området (180 557 innbyggjarar). Her bur drygt halvparten av folket i fylket. 

Med unntak av eitt år har Sør-Trøndelag hatt uavbroten vekst i folketalet sidan 1950. Fram til midten av 1970-åra kom veksten hovudsakleg av høge fødselsoverskot. Seinare gjekk fødselstala ned, men dei tok seg opp att frå slutten av 1980-åra. Fylket hadde for det meste større utflytting enn innflytting i 1950-åra, men dette snudde i 1960-åra. Frå 1972 og 2013 hadde fylket netto utflytting i 17 av åra og netto innflytting i 28 av åra. Innflyttinga har auka på 2000-talet på grunn av innvandring. I 2015 var 10,7 % av innbyggjarane i Sør-Trøndelag fødde i utlandet.

Oversiktsbilete av Nidelva og Trondheim. Foto: Åge Hojem/Trondheim Hamn, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Oversiktsbilete av Nidelva og Trondheim. Foto: Åge Hojem/Trondheim Hamn, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Sør-Trøndelag fylkeskommune ligg i Trondheim, med eigne avdelingar for vidaregåande opplæring, regionalutvikling, tannhelse og samferdsel. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Fosen, Frøya, Gauldal, Hemne, Hitra, Malvik, Meldal, Melhus, Oppdal, Orkdal, Rissa, Røros, Selbu, Trondheim og Åfjord, og fagskular i Gauldal, Orkdal/Meldal og Trondheim. Fylket har seks folkehøgskular.

Sør-Trøndelag er omfatta av fem regionråd: Fosen (kommunane Bjugn, Osen, Rissa, Roan, Ørland og Åfjord, og i tillegg Leksvik i Nord-Trøndelag), Trondheimsregionen (Malvik, Trondheim, Klæbu, Melhus, Skaun, Orkdal, Midtre Gauldal og Rissa, i tillegg til Stjørdal og Leksvik i Nord-Trøndelag), Værnesregionen (Tydal, Selbu og Malvik, i tillegg til Frosta, Meråker og Stjørdal i Nord-Trøndelag), Orkdalsregionen (Agdenes, Hemne, Hitra, Frøya, Meldal, Orkdal, Skaun, Snillfjord og Rennebu, i tillegg til Rindal i Møre og Romsdal) og Fjellregionen (Røros og Holtålen, i tillegg til Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Tolga og Tynset i Hedmark).

Fylket ligg under Frostating lagmannsrett og er delt i to tingrettsdistrikt: Fosen og Sør-Trøndelag. Det ligg under Trøndelag politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Midt-Noreg og utgjer eitt helseføretak, St. Olavs Hospital, med sjukehus i Orkanger, Røros og Trondheim. Fylket ligg under Vegregion Midt og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Sør-Trøndelag høyrer til Nidaros bispedøme og er delt i åtte prosti: Fosen, Orkdal, Gauldal, Byåsen, Heimdal, Nidaros domprosti, Strinda og Stjørdal.

Politikk

Sør-Trøndelag er eit fylke der både arbeidarrørsla og bonderørsla tradisjonelt har stått sterkt. To sentrale statsministrar i norsk historie, ein frå kvar leir, har røtene sine i fylket: Johan Nygaardsvold, sjef for den første stabile norske Arbeidarparti-regjeringa (1935–45), og Per Borten (Sp), leiar for den første varige borgarlege regjeringa etter andre verdskrigen (1965–71).

Arbeidarpartiet har vore det største partiet ved alle fylkestingsvala i Sør-Trøndelag sidan 1975. Fylkestinget hadde borgarleg fleirtal fram til 2003, med fylkesordførarar frå KrF, H og Sp. Etter det hadde Ap fleirtal saman med SV og Raudt fram til valet i 2015. Etter fylkestingvalet i 2015 består fleirtalet av eit sentrum-venstre-samarbeid med Ap, SV, Sp, MDG og KrF. Fylkesordførar sidan 2003 er Tore O. Sandvik (Ap) og fylkesvaraordførar sidan 2015 er Gunn Iversen Stokke (Sp).

Sør-Trøndelag har sidan 1977 hatt ei jamn fordeling av stortingsrepresentantane mellom den sosialistiske og den borgarlege sida. Også i nyare tid kjem fleire topp-politikarar av nasjonalt format frå fylket. Mellom dei er Trond Giske, som har vore ein sentral person i Arbeidarpartiet sidan 1990-åra og har vore både utdanningsminister, kulturminister og nærings- og handelsminister. Han blir rekna som ein leiande strateg på venstresida i partiet. På den borgarlege sida finn vi mellom anna Børge Brende (H), som har vore miljøvernminister og nærings- og handelsminister, og som frå 2013 er utanriksminister. Fylket har ein statsråd til frå 2013, Tord Lien (FrP), som er olje- og energiminister.

Språk

Sør-Trøndelag fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Også Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og 16 av kommunane i fylket er nøytrale når det gjeld tenestemål, medan ni kommunar nyttar bokmål.

0,1 % av elevane i grunnskulen i Sør-Trøndelag har nynorsk som opplæringsmål, resten bokmål. Den siste nynorske skulekrinsen i Trøndelag, Jåren-Råbygda i Skaun, gjekk etter ei avrøysting i 2014 over til bokmål. Av innvandrarspråk er kurdisk, somalisk, polsk, arabisk og tigrinja dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Sør-Trøndelag høyrer til dei trøndske målføra, og har tjukk l, kløyvd infinitiv (til dømes kast, men tålå) og apokope (bortfall av endingsvokal, til dømes gryt og trudd). Sørvest i fylket er det tjukk l berre av gamal l (sol), ikkje av gamal rð (bor). Det går eit skilje mellom inntrøndersk (vite = våttå, veke = vukku) og uttrøndersk (vite = vætta, veke = vækka). Det personlege pronomenet i første person fleirtal er i sørvest åss, i søraust me/vi, og i Trondheim og i uttrøndersk vi. Palatalisering både i trykksterke og trykksvake stavingar (bajllajnn) er vanleg i store delar av fylket.

Kunst, kultur og idrett

Sør-Trøndelag har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Adresseavisen (Trondheim, 63 981), Arbeidets Rett (Røros, 7039), Sør-Trøndelag (Orkanger, 6553), Fosna-Folket (Ørland, 6358), Trønderbladet (Melhus, 4858), Hitra-Frøya (Fillan, 4105), Selbyggen (Selbu, 2981), Malvik-Bladet (Malvik, 2965), Fjell-Ljom (Røros, 2421), Opp (Oppdal, 2366), Opdalingen (Oppdal, 2117), Gauldalsposten (Støren, 1730), Gaula (Melhus, 1521), Søvesten (Kyrksæterøra, 1317) og Klæbuposten (Klæbu, 1105).

Hovudkontora for to av dei viktigaste nasjonale radiokanalane til NRK, P1 og P3, ligg på Tyholt i Trondheim. Her ligg òg distriktskontoret for begge trønderfylka, NRK Trøndelag.

Noregs teknisk-naturvitskapelige universitet (NTNU) ligg i Trondheim. Det blei etablert i 1996 etter ei samanslåing av fleire institusjonar for forsking og utdanning, og har fakultet for humanistiske fag, medisin, arkitektur/biletkunst, informasjonsteknologi/matematikk/ elektroteknikk, ingeniørvitskap/teknologi, naturvitskap/teknologi og samfunnsvitskap/ teknologileiing. I Trondheim ligg òg Høgskolen i Sør-Trøndelag, med utdanningstilbod innanfor helse- og sosialfag, informatikk/data, pedagogikk, teknologi og økonomi/leiing.

Musea i fylket er etter museumsreforma på 2000-talet blitt samla under paraplyselskapet Museene i Sør-Trøndelag. Dei fleste musea i Sør-Trøndelag ligg i Trondheim, mellom dei Rockheim, Trondheim Kunstmuseum og Trøndelag Folkemuseum.

I Sør-Trøndelag blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk, mellom anna Olavsfestdagene i Trondheim, Trøndersk Matfestival og studentfestivalen UKA. I fylket blir det framført fleire historiske spel, mellom dei Karolinerspelet i Tydal, det einaste utespelet i landet midtvinters. I Trondheim ligg fleire viktige kulturinstitusjonar, mellom dei Trøndelag Teater, Teaterhuset Avantgarden, Midtnorsk Jazzsenter og Studentersamfundet.

Frå Sør-Trøndelag kjem fleire framståande forfattarar, mellom anna Johan Falkberget, Agnar Mykle, Anne B. Ragde og Erlend Loe. Fylket har òg fostra klassiske musikarar som Arve Tellefsen, skodespelarar som Liv Ullmann og Anne Krigsvoll, og populære rockeband som Tre Små Kinesere, Dum Dum Boys, Stage Dolls og Motorpsycho. Blant fylket sine fremste idrettsutøvarar gjennom tidene er langdistanseløparen Ingrid Kristiansen og skiløparen Marit Bjørgen. Trondheim har fotballaget Rosenborg Ballklub (RBK), som gjennom ei årrekkje har vore det fremste laget i norsk toppfotball. Laget har òg nådd langt internasjonalt og har spela i Meisterligaen fleire gonger. Blant toppscorarane i RBK er Odd Iversen, Harald Martin Brattbakk, Sigurd Rushfeldt, Frode Johnsen og Steffen Iversen. Nils Arne Eggen var i mange år trenar for RBK.

Kjelder

Gerd Søraa (red.): Bygd og by i Norge. Trøndelag. Oslo 1976

Jernbaneverket: «Dovrebanen», publisert 30.4.2015: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Dovrebanen [lesedato 12.6.2015]

Jernbaneverket: «Rørosbanen», publisert 20.8.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Rorosbanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Sør-Trøndelag fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_15 - KAPITTEL_15 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Sør-Trøndelag», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/sor-trondelag/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Sør-Trøndelag», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Sør-Trøndelag [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Sør-Trøndelag fylkeskommune

Først publisert: 02.11.2015
Sist oppdatert: 09.08.2019