Hopp til innhold
X
Innhald

Troms fylke

Troms er det midtre av dei tre nordnorske fylka. Her ligg den største og viktigaste byen i landsdelen, Tromsø, som populært blir kalla «Nordens Paris», og den tredje største, Harstad. Kysten har mange og små fiskevær, medan det i innlandet er store og tynt folkesette dalføre og alpine landskap.

Troms har vore eige fylke sidan 1866. Historisk har den norske busetnaden dei eldste røtene sine i kystdistrikta. I nyare tid er byane nokså dominerande – to tredelar av folket i fylket bur i dei tre bykommunane Tromsø, Harstad og Finnsnes. Her finst òg store delar av dei tenesteytande næringane og industrien i Troms, medan berebjelken i dei elles grisgrendte kystdistrikta er fiske og litt jordbruk.

Innlandet med elvedalane Bardu og Målselv fekk først nemnande fast busetnad etter ei storstilt innvandring frå indre delar av Austlandet på slutten av 1700-talet og utetter. Under den kalde krigen sette militærleirar sitt preg på indre Troms, då Brigaden i Nord-Noreg hadde store troppestyrkar stasjonerte i distriktet som landforsvar mot Sovjetunionen.

I 2006 fekk Troms også eit offisielt samisk namn, Romssa, som er likestilt med det norske namnet.

Miljø og klima

På Lyngenhalvøya ligg Lyngsalpane, med ei rekkje spisse tindar og det høgaste fjellet i fylket, Jiehkkevárri (1834 moh.). Fjellmassivet er sterkt kupert på grunn av kraftig iserosjon i hard berggrunn og er mykje brukt av fjellklatrarar. Også kystlandskapet i Troms er til dels sterkt opprive, medan innlandet elles ber preg av meir moderate landformer, med breie dalføre, store vidder og slakare stigningar.

Fjellfarar på veg opp Tommastind i Lyngsalpene. Foto: Håkon Kvåle Bakke, Flickr.com CC BY-SA 3.0.

Fjellfarar på veg opp Tommastind i Lyngsalpene. Foto: Håkon Kvåle Bakke, Flickr.com CC BY-SA 3.0.

Berggrunnen i Troms er næringsrik og nedbørstilhøva gunstige, slik at fylket har eit frodig planteliv. Den dominerande skogtypen er engbjørkeskog med gras, urter og bregnar, som dekkjer 27 prosent av arealet under skoggrensa.

Det finst faste bestandar av både gaupe og jerv i Troms. Bjørn vandrar årleg mellom Noreg og Sverige i områda rundt Bardu og Målselv, og finst òg lenger nord, i Storfjord, Kåfjord og Nordreisa. Ulv streifar tidvis gjennom fylket. Langs kysten finst fleire fuglefjell, blant dei største er fuglefjella på Nord-Fugløy og Sørfugløy. Målselva har eit rikt laksefiske.

Berggrunnen i Troms er prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Langs kysten finst det mykje grunnfjell, hovudsakleg granitt. Det er store skilnader i klimaet mellom indre og ytre strok. Medan temperaturar ned i –30 °C om vinteren ikkje er uvanlege i innlandet, finst det mange stader langs kysten som sjeldan kjem under –10 °C. Troms har midnattssol frå midten av mai til midten av juli. Fylket er mindre utsett for harde vindar enn kysten av Nordland og Finnmark.

Historie

Busetnadshistoria i Troms strekkjer seg tilbake til steinalderen. Fylket har ei rekkje lokalitetar med bergkunst, der motiva peikar mot den eldste fangst- og veidekulturen, til dømes på Skavberg på Kvaløya og på Tennes i Balsfjord.

Troms fylke har ei rekkje lokalitetar med bergkunst, der motiva peikar mot den eldste fangst- og veidekulturen. Fotoet viser nokre av helleristningane på Skavberg på Kvaløya. Foto: Knut Dyvik, 1959. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Troms fylke har ei rekkje lokalitetar med bergkunst, der motiva peikar mot den eldste fangst- og veidekulturen. Fotoet viser nokre av helleristningane på Skavberg på Kvaløya. Foto: Knut Dyvik, 1959. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Troms var lenge yttergrensa for den norrøne busetnaden i Nord-Noreg. Fylket utgjorde den nordlege delen av det gamle landskapet Hålogaland. Sjøfararen og handelsmannen Ottar segla kring 890 frå Hålogaland til England, der den engelske kongen fekk skrive ned forteljinga hans om landsdelen og ei ferd han hadde gjort til Kvitsjøen.

Bjarkøya var truleg eit makt- og handelssentrum i Troms alt i folkevandringstida. Seinast frå 1100-talet har vi omgrepet Bjarkøyretten, som hadde rettsreglar om handel og sjøfart. I vikingtida budde stormannen Tore Hund på Bjarkøya, og herifrå gjekk ferdene mot aust til Bjarmeland. Erling Vidkunsson av Bjarkøyætta var drottsete – den høgaste sivile embetsmannen i Noreg – i åra 1323–33.

Den norrøne busetnaden var opphavleg først og fremst knytt til kysten, medan samane i større grad flytta frå stad til stad innanfor visse område. Frå 1600-talet og framover blei sjøsamane i kyst- og fjordbygdene utsette for eit stadig sterkare fornorskingspress, og dei gjekk over frå å vere halvnomadar til å bli fastbuande. Samstundes oppstod den noverande samiske reinnomadismen, med større flokkar av tamrein og fast flyttemønster mellom kysten og innlandet.

Gruppebilete av samisk familie. Truleg er fotoet tatt i 1894 i samband med jubileumsutstillinga ved Tromsø Museum i høve hundreårsjubileet for Tromsø by. Foto: Hedley With. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Gruppebilete av samisk familie. Truleg er fotoet tatt i 1894 i samband med jubileumsutstillinga ved Tromsø Museum i høve hundreårsjubileet for Tromsø by. Foto: Hedley With. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

På slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet skjedde det ei omfattande innvandring frå Gudbrandsdalen og Østerdalen til bygdene Målselv og Bardu. Bakgrunnen var den store flaumen på Austlandet i 1789, Storofsen, som øydela store jordbruksområde i dei store dalføra på Austlandet. Det var etter initiativ av futen Jens Holmboe, som sjølv hadde røter i Lesja, at mange gudbrandsdølar og østerdølar som hadde mist gardane sine, blei oppmoda til å reise nordover. Denne migrasjonen syner framleis att i språk og tradisjonar i indre Troms.

Fram til 1800-talet hadde byane monopol på handelen. I Troms fanst det lenge ingen byar, men på 1600- og 1700-talet etablerte byborgarar ei rekkje handelsstader langs kysten, til dømes Røkenes og Elgsnes ved Harstad, Hamnvik i Ibestad, Kløven ved Finnsnes, Lyngseidet, Havnnes og Sørkjosen. I 1794 fekk Tromsø kjøpstadrettar. Byen utvikla seg snart til eit sentrum i fylket og voks raskt på 1800-talet på grunn av pomorhandel – handel med russarar frå Kvitsjøområdet – og ishavsfangst. I 1904 fekk fylket sin by nummer to, då Harstad blei ladestad.

Under andre verdskrigen var Troms oppmarsjområde for norske og allierte styrkar som kjempa mot tyskarane ved Narvik. Etter at regjeringa, kongen og kronprinsen rømde frå Sør-Noreg, blei Tromsø hovudstaden i landet ein periode våren 1940. Kommunane i Troms aust for Lyngen var omfatta av den tyske okkupasjonsmakta si øydelegging og tvangsevakuering hausten 1944.

Hurtigruteskipet D/S Lofoten kjem til Tromsø 12. mai 1945. Ombord i båten var polititroppar fra Sverige og andre tenestemenn og -kvinner. Ukjent fotograf, men mogleg Olav Aasegg. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Hurtigruteskipet D/S Lofoten kjem til Tromsø 12. mai 1945. Ombord i båten var polititroppar fra Sverige og andre tenestemenn og -kvinner. Ukjent fotograf, men mogleg Olav Aasegg. Kredit: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sosiale forhold

Troms ligg litt bak resten av landet i inntektsutvikling. Fylket har ein større prosentdel av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 21 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Fylket har det høgaste utdanningsnivået i Nord-Noreg, men ligg likevel litt bak landsgjennomsnittet. 29 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i heile landet. Det same gjeld den forventa levealderen, som er 78 år for menn og 82,7 år for kvinner, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i Noreg totalt. Når det gjeld skilsmisserate og prosentdelen av folket som røykjer, ligg fylket på linje med landsgjennomsnittet, medan talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg godt under. 6,2 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, langt under landsgjennomsnittet (11,5 %).

Næringsliv

Fiskeria er viktige for næringslivet i Troms, det gjeld både fiske etter villfisk og oppdrettsnæringa. På grunn av fiskeria er det relativt mange sysselsette i primærnæringane i fylket (3,5 %, mot 2,4 % i heile landet). Troms er det tredje største havbruksfylket i landet målt etter verdien av seld matfisk. Også fiskeforedling spelar ei sentral rolle, sjølv om lønsemda i denne sektoren har gått tilbake dei seinare åra. Næringsmiddelindustrien er den industrigreina i fylket som har flest sysselsette.

Av mineral finst det større førekomstar av grafitt på Senja, og her ligg grafittverket Skaland Graphite. I Lenvik ligg Finnfjordbotn smelteverk, ein av dei største produsentane i Europa av ferrosilisium og microsilica. Smelteverket baserer seg på kvarts frå Tana som råstoff.

Jordbruket i Troms er først og fremst prega av grasproduksjon knytt til sau- og storfehald. Av reisemål er Tromsø den største destinasjonen. Byen er ei viktig cruisehamn og ein konferanseby. Fylket trekkjer elles til seg mellom anna fritidsfiskarar og fjellvandrarar, og nordlysturistar om vinteren.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 81 % av dei yrkesaktive i Troms (mot 77 % i heile landet). Byane er dei store motorane i dei tenesteytande næringane, ikkje minst Tromsø, som har stor detaljhandel og det største universitetet og sjukehuset i landsdelen. Tidlegare hadde Forsvaret store leirar i indre Troms og mange arbeidsplassar knytt til desse leirane, men denne aktiviteten er no redusert.

Samferdsel og kommunikasjon

Troms har ingen jernbaner, men tre sivile lufthamner: Sørkjosen, Bardufoss og Tromsø. Dei to sistnemnde inngår i stamrutenettet og har direkte flyruter til Sør-Noreg, medan Sørkjosen er kortbaneflyplass. Den sørlegaste delen av Troms soknar til Harstad/Narvik lufthamn på Evenes, som ligg i Nordland, rett over fylkesgrensa. Evenes og Tromsø lufthamner har òg ruter til utlandet og charterflygingar. Troms har to europavegar: E6, som går frå grensa mot Finnmark via Nordkjosbotn og Bardufoss til grensa mot Nordland, og E8, som går mellom Tromsø og grensa mot Finland. Mange av dei større øyane er knytte til fastlandet med bruer eller undersjøiske tunnelar, men framleis er eit tjuetals øysamfunn i Troms avhengige av ferje eller båt.

Foto av hus på Sommarøy utanfor Tromsø. Øya i bakgrunnen er Håja. Foto: Alf Sullund, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Foto av hus på Sommarøy utanfor Tromsø. Øya i bakgrunnen er Håja. Foto: Alf Sullund, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Administrativ og historisk inndeling

Troms fylke har desse 24 kommunane (norsk/samisk/kvensk namn): Balsfjord, Bardu, Berg, Dyrøy, Gratangen, Harstad, Ibestad, Karlsøy, Kvæfjord, Kvænangen, Kåfjord/Gáivuotna, Lavangen/Loabága, Lenvik, Lyngen, Målselv, Nordreisa, Salangen, Skjervøy, Skånland, Storfjord/Omasvuona/Omasvuonon, Sørreisa, Torsken, Tranøy og Tromsø. Harstad og Tromsø er historiske byar, medan Finnsnes (i Lenvik) fekk bystatus i 2000.

Troms hadde på det meste, frå 1929 til 1964, 35 kommunar. I 1964 blei Sandtorg og Trondenes slått saman med Harstad. Tromsøysund og Ullsfjord gjekk inn i Tromsø, medan Hillesøy blei delt mellom Tromsø og Lenvik. Astafjord blei slått saman med Skånland, Andørja gjekk inn i Ibestad og Øverbygd blei slått saman med Målselv, medan Malangen gjekk inn i Balsfjord. Karlsøy fekk lagt Helgøy under seg, men miste fastlandsområdet til Lyngen. Lavangen blei slått saman med Salangen, men i 1977 blei dei delte i to kommunar att. I 2013 gjekk Bjarkøy inn i Harstad kommune.

Lenvik og Tranøy slår seg saman 1.1.2020. Skånland blir slått saman med Tjeldsund i Nordland. Troms blir redusert frå 24 til 23 kommunar sidan den nye kommunen blir ein del av Troms.

Dei to futedøma Tromsø og Senja, som utgjer same området som Troms fylke i dag, låg frå 1671 under Nordlandene amt, saman med Nordland. I 1789 blei dei to futedøma flytta over til Vardøhus amt (Finnmark), men i 1866 blei Troms skilt ut og fekk namnet Tromsø amt. Det noverande namnet fekk fylket i 1919.

Frå 1.1.2020 blir dei tre nordlegaste fylka slått saman til ein eller to regionar.

galleri

Demografi

Troms er eit tynt folkesett fylke, liksom dei andre fylka i Nord-Noreg. 70,6 % av folket i Troms bur i tettbygde strok, godt under landsgjennomsnittet (81,4 %). Sjølv om vi finn den største og den tredje største byen i landsdelen her – Tromsø (60 759 innbyggjarar i det tettbygde området, inkludert Tromsdalen, Kvaløysletta og Hamna) og Harstad (20 429 innb.), er urbaniseringsgraden låg. Det er få store tettstader utanom desse byane, størst er Finnsnes (4371 innb.) og Setermoen (2393 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Troms har auka svakt gjennom det meste av etterkrigstida, med unntak av kortare stagnasjonsperiodar i andre halvdel av 1980-åra og i slutten av 1990-åra. I 1950- og 60-åra hadde fylket eit høgt fødselsoverskot, som sikra folkevekst trass i stor utflytting. I 1970-åra minka fødselsoverskotet, men samstundes minka òg flyttestraumen ut av Troms. Frå 1972 og 2013 hadde fylket netto utflytting i 25 av åra og netto innflytting i 17 av åra. Størst har innflyttinga vore dei siste åra, på grunn av innvandring. I 2015 var 10,2 % av innbyggjarane i Troms innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Troms fylkeskommune ligg i Tromsø. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Kvæfjord, Harstad, Bardufoss, Sjøvegan, Finnfjordbotn, Gibostad, Sørreisa, Tromsø, Nordkjosbotn, Skjervøy og Nordreisa, og fagskular i Harstad og Tromsø. Det er dessutan tre folkehøgskular i fylket. Tidlegare dreiv fylkeskommunen båtruter og ferjeruter gjennom Troms Fylkes Dampskibsselskap, som òg eigde partar i rutebilselskap i fylket og i Hurtigruta. I 2006 blei selskapet slått saman med Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab til Hurtigruten Group ASA.

Troms har fire regionråd: Sør-Troms (kommunane Gratangen, Harstad, Ibestad, Kvæfjord, Lavangen , Salangen og Skånland), Midt-Troms (Bardu, Berg, Dyrøy, Lenvik, Målselv, Sørreisa, Torsken og Tranøy), Tromsø-området (Balsfjord, Karlsøy og Tromsø) og Nord-Troms (Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord).

Fylket ligg under Hålogaland lagmannsrett, som har sete i Tromsø og omfattar fire tingrettsdistrikt: Nord-Troms, Senja, Trondenes og Ofoten. Troms er samla i Troms politidsitrikt. Troms ligg under Helseregion Nord og helseføretaket Universitetssjukehuset Nord-Noreg, som har to sjukehus i fylket, i Harstad og Tromsø. Fylket ligg under Vegregion Nord, Troms høyrer til Nord-Hålogaland bispedøme og er delt i fem prosti: Nord-Troms, Tromsø domprosti, Senja, Indre Troms og Trondenes.

Troms fylke er ein del av Barentsregionen, som omfattar tre fylke i Noreg, to len i Sverige, tre landskap i Finland og fem provinsar i Russland.

Panoramafoto av Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN. Kredit: Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Panoramafoto av Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN. Kredit: Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største partiet ved alle fylkestingsvala i Troms sidan 1975, men fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal sidan 1995. Senterpartiet hadde fylkesordføraren i 1995–2007 og Høgre i 2007–11. Etter valet i 2015 held Knut Werner Hansen (Ap) fram som fylkesordførar i sin andre periode, og fylkesvaraordførar i perioden 2015–19 er Irene Dahl (V). Troms har eit parlamentarisk system, med eit fylkesråd som har den utøvande politiske makta i fylkeskommunen. Leiaren av fylkesrådet er Line Fusdahl (H).

Blant stortingsrepresentantane frå Troms har det dei siste tiåra vore ei nokså jamn fordeling mellom den sosialistiske og den borgarlege sida. Elisabeth Aspaker (H) frå Harstad har sidan 2013 vore fiskeri- og kystminister. Fiskeripolitikk har vore ei viktig politisk sak i Troms, og fylket har også tidlegare hatt fleire fiskeriministrar. Ein av dei mest profilerte var Jan Henry T. Olsen (1992–96, Ap), som hadde vervet då Noreg forhandla med EU om medlemskap. Olsen fekk tilnamnet «no fish Olsen», då han sa at Noreg ikkje hadde noko fisk å gi bort i forhandlingane. Ein annan fiskeriminister var Svein Ludvigsen (2001–05, H), som gav fiskebåtreiarane høve til å kjøpe seg evigvarande kvotar. Dette førte til sterke protestar frå opposisjonen og på lengre sikt skarpare skiljelinjer i norsk fiskeripolitikk.

Ei anna stor sak i Troms på 2000-talet var arbeidet for å søkje om å arrangere vinter-OL i Tromsø i 2014. I 2007 vedtok styret i Idrettsforbundet at Tromsø skulle vere Noreg sin kandidat, men året etter blei søknaden trekt, noko som førte til stor forbitring både i Troms og elles i Nord-Noreg. Med bakgrunn i dette var motstanden i Nord-Noreg større enn elles i landet då Oslo ville søkje om å arrangere vinter-OL i 2022.

Språk

Troms fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform. Også Fylkesmannen i Troms og femten av kommunane i fylket er nøytrale når det gjeld tenestemål, medan ni kommunar nyttar bokmål.

To av kommunane i Troms ligg innanfor forvaltningsområdet for samisk språk: Kåfjord/Gáivuotna og Lavangen/Loabága. Her er samisk (nordsamisk) og norsk likestilte språk. Desse språkreglane gjeld òg for Troms fylkeskommune.

0,3 % av elevane i grunnskulen i fylket har samisk som opplæringsmå, resten har bokmål. Av innvandrarspråk er somalisk, tigrinja, arabisk, engelsk, russisk og polsk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Bardu og Målselv har eit blandingsmål, med både nordnorske og austnorske innslag. I resten av fylket høyrer dialektane til dei nordnorske målføra. Sør-Troms har e‑/a‑mål (å vise, men ei visa), medan Nord-Troms har e‑mål (å vise, ei vise). Målet i Troms har palatalisering i trykktunge stavingar (bajllan), men mindre apokope (bortfall av endingsvokal) enn i Nordland.

Kunst, kultur og idrett

Troms har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Nordlys (Tromsø, 20 555), Harstad Tidende (Harstad, 10 083), iTromsø (Tromsø, 6533), Troms Folkeblad (Finnsnes, 6110), Nye Troms (Målselv, 4271), Framtid i Nord (Storslett, 3632) og Hålogaland Avis (Harstad, 1462).

NRK Troms har hovudkontor i Tromsø. Dei to distriktskontora i Troms og Finnmark blei slått saman i 2003, men skilt frå kvarandre att i 2015. Tromsø har hatt kringkastar sidan 1926.

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet blei grunnlagt i 1968. Det er det fjerde største universitetet i landet og det nordlegaste i verda, med fakultet for biovitskap/fiskeri/økonomi, jus, naturvitskap/teknologi, helse, humaniora/samfunnsvitskap/lærarutdanning og kunstfag. I tillegg kjem Finnmarksfakultet etter at Universitetet fusjonerte med Høgskolen i Finnmark i 2013. I Tromsø ligg òg Norsk Polarinstitutt. Høgskolen i Harstad tilbyr studium innanfor barnevern, helsefag, pedagogikk, økonomi og leiing.

Musea i Troms er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte i tre einingar: Nord-Troms Museum, Midt-Troms Museum og Sør-Troms Museum. I tillegg kjem Samtidsmuseet for nordlige folk i Kåfjord, Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen og desse musea i Tromsø: Nordnorsk Kunstmuseum, Perspektivet Museum, Tromsø Forsvarsmuseum, Polarmuseet og Tromsø Museum (Universitetsmuseet).

Rekonstruert finstove slik den kan ha sett ut mot slutten av 1800-talet på ein nordnorsk handelsstad. Stova er i Kvitnesgården i Folkeparken (tidlegare Troms Folkemuseum) i Tromsø, som er ein del av Perspektivet Museum. Foto: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Rekonstruert finstove slik den kan ha sett ut mot slutten av 1800-talet på ein nordnorsk handelsstad. Stova er i Kvitnesgården i Folkeparken (tidlegare Troms Folkemuseum) i Tromsø, som er ein del av Perspektivet Museum. Foto: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

I Troms blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk. Blant dei viktigaste er Tromsø Internasjonale Filmfestival, Festspillene i Nord-Norge (Harstad), Nordlysfestivalen i Tromsø (musikk og kunst) og Riddu Riđđu-festivalen i Kåfjord, som set søkjelys på samane og andre urfolk sin kultur og identitet. Tromsø er kjend for eit omfattande uteliv. I mange år blei humorprogrammet «Rorbua» sendt herifrå. I 2014 arrangerte byen sjakk-VM.

Foto av utøvarar på Festspillene i Nord-Norge i 2014, under vandringa til arrangementet «Festspillfinale» på Trondenes i Harstad. Foto: Trygve Selmer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Foto av utøvarar på Festspillene i Nord-Norge i 2014, under vandringa til arrangementet «Festspillfinale» på Trondenes i Harstad. Foto: Trygve Selmer, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Hålogaland Teater er regionteater for Troms og Finnmark. Nordnorsk Opera og Symfoniorkester har base i Tromsø og Bodø og dekkjer heile Nord-Noreg, med ei rekkje opera- og konsertproduksjonar med ulike ensembleformat.

Frå Troms kjem fleire framståande artistar, mellom anna Steinar Albrigtsen, Tove Karoline Knutsen, Bel Canto, Röyksopp, Jørn Hoel, Lene Marlin og Iren Reppen. Journalist og forfattar Arthur Arntzen skapte figuren Oluf, som sette nordnorsk humor på kartet og blei landskjend gjennom bøker, teateroppsetjingar og fjernsynsinnslag. Karl Erik Harr frå Harstad har sidan 1960-åra vore ein av dei fremste nyromantiske kunstnarane i Noreg. Arvid Hanssen var ein allsidig forfattar som skreiv både lyrikk, barnebøker og vaksenromanar med miljøskildringar frå Nord-Noreg.

Tromsø IL er det einaste laget i fylket som har nådd toppnivået i norsk fotball.

Kjelder

Ivan Kristoffersen (red.): Bygd og by i Norge. Troms. Oslo 1979

Lars Sandved Dalen: «Troms er frodigaste fylket», forskning.no, sist oppdatert 17.12.2012: http://forskning.no/landbruk-naturressursforvaltning-skog/2012/12/troms-er-frodigaste-fylket [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Troms fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_18 - KAPITTEL_18 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Troms», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/troms/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Samelovens språkregler og forvaltningsområdet for samisk språk», sist oppdatert 12.8.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/samelovens-sprakregler-og-forvaltningsom/id633281/ [lesedato 12.6.2015]

Regjeringa: «Fakta om samiske språk», sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/nb/tema/urfolk-og-minoriteter/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/#2 [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Troms fylkeskommune: «Byene i Troms», sist oppdatert 29.7.2014: http://www.tromsfylke.no/Om-Troms/Byene-i-Troms [lesedato 12.6.2015]

Troms fylkeskommune: «Historie i Troms», sist oppdatert 12.8.2014: http://www.tromsfylke.no/Historie-i-Troms [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Troms», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Troms [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Troms fylkeskommune

Først publisert: 08.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018