Hopp til innhold
X
Innhald

Vest-Agder fylke

Vest-Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Agder-kysten er for mange knytt til sol og sommar. Her ligg Dyreparken – den nest mest besøkte turistattraksjonen i landet – og Lindesnes, med det eldste fyret i Noreg og det sørlegaste fastlandspunkt i landet. Men fylket er meir enn eit ferieparadis.

Vest-Agder har vore eige fylke sidan 1685. Det er størst i folketal av dei to Agder-fylka, men minst i areal. Kristiansand, den største byen på Sørlandet, har nesten halvparten av innbyggjarane i fylket. Både Kristiansand og småbyane langs kysten lenger vest har røter i handel og skipsfart. Ytst i skjergarden ligg ei rekkje gamle uthamner, der skip i seglskutetida kunne vente på gunstigar vind for vidare seglas. Dei indre stroka av fylket er tynnare folkesette.

Kulturelt har lekmannskristendomen hatt sterkt fotfeste i fylket, noko som har gitt Kristeleg Folkeparti høg oppslutning. Mange av vestegdene er pinsevener, og i Kvinesdal ligg Sarons Dal, som er hovudkvarteret for misjonsstiftinga Troens Bevis, skipa i 1965 av predikanten Aril Edvardsen.

Leverandørar til oljeindustrien utgjer ein viktig del av næringslivet i fylket, med Norwegian Offshore & Drilling Engineering (NODE) som den største næringsklyngja i landsdelen.

Fyret på Lindesnes. Dette er det eldste fyret i Noreg og det sørlegaste fastlandspunkt i landet. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Fyret på Lindesnes. Dette er det eldste fyret i Noreg og det sørlegaste fastlandspunkt i landet. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Miljø og klima

Februar er den kaldaste månaden i Vest-Agder, med ein middeltemperatur litt over 0 °C i kystområda, og –3 til –5 °C i innlandet. August er varmast, med ein middeltemperatur kring 15–16 °C ved kysten og noko lågare i dei indre stroka. Kyststroka er relativt solrike og nedbørfattige, men enkelte vintrar med mykje austavind kan det kome store mengder snø aust for Lindesnes.

Vest-Agder har mange ulike naturtypar, frå artsrike edellauvskogar langs kysten til skrinne fjellområde. Også innanfor kystsona finst det næringsfattige høgdedrag med få artar. Alle dei store hjortedyra er representerte i fylket, og her er ein stor bestand av elg. Villreinstamma i Setesdalsheiane er den sørlegaste og ei av dei største i landet. Av rovdyr finst det bestandar av gaupe, medan ulv, jerv og bjørn berre er registrerte som streifdyr. Det er òg ein del havørn i fylket. Vassdraga er sure og har få fiskeartar. Det finst mest aure. Laksebestanden i dei ni lakseelvane blir rekna som utdøydd.

Fylket ligg innanfor det sørnorske grunnfjellsområdet. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis og granitt. Det er lite lausmassar i fylket, noko som set grenser for jordbruket mange stader. Frå kysten strekkjer det seg fleire dalar innover i landet i nord-sørgåande retning. Mellom dalane ligg heiar og fjellområde som er skogkledde opp til omkring 600 moh. Kysten har få fjordar, men ein omfattande skjergard.

Historie

I Vest-Agder har ein funne dei eldste leivningane av menneske i Noreg. I skjergarden utanfor Søgne fann arkeologar beinrestar frå ei kvinne i slutten av 30-åra som levde for kring 9000 år sidan. Kvinna, som populært blir kalla «Fruen fra havet» eller «Sol», var 155 cm høg og hadde ein svært robust hovudskalle. Kristiansand og Lista er blant dei områda i landet der ein først tok til med åkerbruk og korndyrking, nemleg ved byrjinga av yngre steinalder.

I Søgne i Vest-Agder har ein funne dei eldste leivningane av menneske i Noreg. I skjergarden utanfor fann arkeologar beinrestar frå ei kvinne i slutten av 30-åra som levde for kring 9000 år sidan. Kvinna blir populært kalla «Fruen fra havet» eller «Sol», og også «Søgnekvinna». Fotoet viser hovudskallen til kvinna, lår-og skinnbein og rekonstruksjon av ansiktet. Foto: Åse Kari Hammer, kjelde: Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0.

I Søgne i Vest-Agder har ein funne dei eldste leivningane av menneske i Noreg. I skjergarden utanfor fann arkeologar beinrestar frå ei kvinne i slutten av 30-åra som levde for kring 9000 år sidan. Kvinna blir populært kalla «Fruen fra havet» eller «Sol», og også «Søgnekvinna». Fotoet viser hovudskallen til kvinna, lår-og skinnbein og rekonstruksjon av ansiktet. Foto: Åse Kari Hammer, kjelde: Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0.

Fylket kom tidleg med i den eksportretta trelasthandelen, som var dominert av hollandske skip. Handelen førte til at Vest-Agder frå og med 1600-talet hadde stor utvandring til Nederland. Kristiansand blei grunnlagd som den første byen i fylket i 1641, etter at kong Kristian 4. hadde besøkt staden nokre år tidlegare. Byen fekk ein meir sentral posisjon etter at bispesetet blei flytta frå Stavanger i 1682. Dei andre byane langs kysten – Flekkefjord, Farsund og Mandal – voks òg fram på grunnlag av stor tømmereksport.

Under napoleonskrigane i 1807–14 var Vest-Agder blant dei fylka som var mest involvert i kaperfarten. I byane skipa dei eigne kaperaksjeselskap som utrusta kaperskip, alt frå opne båtar der mannskapet berre hadde handvåpen, til tremastarar væpna med fleire titals kanonar. Dei kapra framande handelsskip, som dei så førte til lands. Samstundes leid fylket hardt under at den viktige trelastutførselen til England stoppa opp i lange periodar, og at kornfarten frå Danmark blei sterkt hindra av krigen.

I seglskutene sin gullalder på 1800-talet var byane i Agder blant dei leiande sjøfartsbyane i Noreg, med ein stor skipsflåte. Men overgangen til dampskip, og seinare motorskip, gjorde at sjøfartsnæringa etter kvart fekk mindre å seie i heile landsdelen. Fylket hadde stor utvandring til USA.

Forfattaren Vilhelm Krag introduserte omgrepet Sørlandet i 1902, og etter den tid har omgrepet breidd om seg. Dei to Agder-fylka har mykje til felles, men samtidig har forholdet mellom dei to største byane, Kristiansand og Arendal, vore prega av sterk rivalisering. Fylkestinget i Vest-Agder har med klart fleirtal gått inn for ei samanslåing av dei to fylka.

Sosiale forhold

Vest-Agder ligg omtrent på linje med landsgjennomsnittet når det gjeld inntektsnivå. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 22 % over 1 million kroner (mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt). Utdanningsnivået er relativt lågt – 27,3 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Også den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet. Mennene i fylket kan rekne med å bli 78,2 år gamle og kvinnene 82,6 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten og talet på melde lovbrot per innbyggjar er blant dei høgaste i landet. Sørlandet er kjent som ein religiøs landsdel, og 15,9 % av folket i Vest-Agder er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja – den høgaste prosentdelen i landet etter Oslo (landsgjennomsnittet er 11,5 %). Dei aller fleste av dei er medlemer av andre kristne kyrkjesamfunn.

Vest-Agder har fleire personar på uføretrygd og arbeidsavklaringspengar enn gjennomsnittet i Noreg, og sjukefråveret på grunn av psykiske lidingar ligg i landstoppen. Fylket låg konstant på dårlegaste plass på SSB sin likestillingsindeks 1999–2008 (seinare er ikkje fylka rangerte).

Næringsliv

Jordbruket i Vest-Agder er prega av små bruk og ein topografi som gjer stordrift vanskeleg. Mjølkeproduksjon og sauehald er dei viktigaste driftsformene. Fiske blir drive i liten skala, av dei ulike fiskeria er rekefisket det viktigaste. Primærnæringane i fylket sysselset berre 1,7 % av dei yrkesaktive (mot 2,4 % i gjennomsnitt for heile landet).

Vest-Agder har ein variert industri. Den største sektoren er maskinindustrien, som omfattar ei rekkje verksemder med omtrent 3500 tilsette. Metallindustrien er representert med bedrifter som Glencore Nikkelverk (tidlegare Falconbridge Nikkelverk), som produserer nikkel, kopar og kobolt, og Elkem Solar (silisium) i Kristiansand, Alcoa Lista i Farsund (aluminium) og Eramet Norway i Kvinesdal (silikonmangan). Næringsklyngja Norwegian Offshore & Drilling Engineering (NODE) omfattar 70 verksemder i heile Agder, med fleire tusen tilsette. Dei leverer utstyr til oljenæringa, særleg boreutstyr. Industrien i fylket er særleg lokalisert i området kring Kristiansand og elles langs kysten.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 72 % av dei yrkesaktive i Vest-Agder (mot 77 % i heile landet). Kristiansand er dominerande innanfor handel og andre tenesteytande næringar. Byen har mellom anna det største sjukehuset og det einaste universitetet i landsdelen. Reiselivet er òg ein viktig sektor. Agder er særleg kjent for sommarturisme, og langs kysten ligg det tett med hytter og ferieanlegg. Av dei større reisemåla er Dyreparken i Kristiansand, som mellom anna er kjend for apekatten Julius og piratfiguren kaptein Sabeltann, og fyret på Lindesnes. Samtidig har indre strok ein del vinterturisme, med Sirdal som ein viktig destinasjon.

Foto frå Kardemomme by i Dyreparken i Kristiansand. Foto: Eirik Mykland, Flickr.com CC BY 2.0.

Foto frå Kardemomme by i Dyreparken i Kristiansand. Foto: Eirik Mykland, Flickr.com CC BY 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Vest-Agder har éi jernbane, Sørlandsbana, som går frå Stavanger via dei indre delane av fylket til Kristiansand og vidare til Drammen. Fylket har ei lufthamn med fast rutetrafikk – Kristiansand lufthamn på Kjevik. Flyplassen har ei rekkje ruter både innanlands og til utlandet, og dessutan chartertrafikk. Vegnettet i Vest-Agder er godt utbygd. Dei tre hovudårane i fylket startar alle i Kristiansand og går i kvar si retning: E18 går austover til fylkesgrensa mot Aust-Agder og vidare mot Austlandet, E39 går vestover via Mandal og Flekkefjord og vidare til fylkesgrensa mot Rogaland, og riksveg 9 går nordover til fylkesgrensa mot Aust-Agder og vidare gjennom Setesdalen til Haukeligrend. Hidra utanfor Flekkefjord er den største øya utan fastlandssamband. Color Line og Fjord Line har ferjer som går mellom Kristiansand og Hirtshals.

Administrativ og historisk inndeling

Vest-Agder fylke har desse 15 kommunane: Audnedal, Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kristiansand, Kvinesdal, Lindesnes, Lyngdal, Mandal, Marnardal, Sirdal, Songdalen, Søgne, Vennesla og Åseral. Farsund, Flekkefjord, Kristiansand og Mandal er historiske byar, medan Lyngdal fekk bystatus i 2002.

Vest-Agder hadde på det meste, frå 1916 til 1960, 41 kommunar. I 1960 blei Tonstad og Øvre Sirdal slått saman til nye Sirdal kommune. Tre år seinare gjekk Austad og Kvås inn i Lyngdal, medan Eiken gjekk til Hægebostad og Fjotland og Feda til Kvinesdal. Mandal fekk i 1964 teke opp i seg Halse og Harkmark og størsteparten av Holum, medan Hægeland og Øvrebø blei slått saman med Vennesla. Greipstad og størsteparten av Finsland gjekk inn i nye Songdalen kommune, og Øyslebø, Laudal og storparten av Bjelland slo seg saman til Marnardal. Grindheim og Konsmo blei til nye Audnedal kommune, medan Vigmostad, Sør-Audnedal og Spangereid slo seg saman til Lindesnes. I 1965 blei Randesund, Oddernes og Tveit slått saman med Kristiansand. Herad, Spind og Lista gjekk inn i Farsund, og Hidra, Nes, Gyland og Bakke i Flekkefjord.

Frå 1.1.2020 blir Mandal, Marnardal og Lindesnes slått saman. Det blir òg Lyngdal og Audnedal, samt Kristiansand, Songdalen og Søgne.

Vest-Agder låg opphavleg under Kristiansands stiftamt, men blei i 1685 frådelt som eige amt, med namnet Lister og Mandal. I 1919 fekk fylket det noverande namnet.

1.1.2020 blir Aust-Agder og Vest-Agder eitt fylke.

Demografi

Vest-Agder har noko høgare folketettleik enn landet samla sett. Urbaniseringsgraden er omtrent som landsgjennomsnittet – 82,2 % av folket bur i tettbygde strok, mot 81,4 % for Noreg som heilskap. Tettast bur folket langs kysten, medan innlandet er meir grisgrendt. Fylket har den største byen på Sørlandet, Kristiansand, med 61 536 innbyggjarar innanfor det tettbygde området. Byane og tettstadene elles er gjennomgåande små.

Folketalet i Vest-Agder har vakse ubrote gjennom heile etterkrigstida. Frå 1946 til 2014 auka det med 90 %. I 1950- og 60-åra hadde fylket store fødselsoverskot. Overskotet minka noko frå 1970-åra og utetter. Samstundes har Vest-Agder jamt hatt stor tilflytting. Berre i fire av åra etter 1950 har ein hatt netto utflytting, elles har flyttestraumen gått inn til fylket. Sidan 2007 har innflyttinga auka, på grunn av innvandring. I 2015 var 13,5 % av innbyggjarane i Vest-Agder fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Vest-Agder fylkeskommune ligg i Kristiansand,. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Kristiansand, Vennesla, Søgne, Mandal, Byremo, Flekkefjord, Kvinesdal, Lyngdal, Farsund, Lista og Sirdal. Fylket har fagskule i Kristiansand og to folkehøgskular.

Vest-Agder er omfatta av tre regionråd: Knutepunkt Sørlandet (kommunane Kristiansand, Songdalen, Søgne og Vennesla, og dessutan Birkenes, Iveland og Lillesand i Aust-Agder), Lindenesrådet (Audnedal, Mandal, Lindesnes, Marnardal og Åseral) og Listerrådet (Sirdal, Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal og Lyngdal).

Fylket ligg under Agder lagmannsrett og er delt i to tingrettsdistrikt, Kristiansand og Lister. Sirdal kommune soknar til Dalane tingrett i Rogaland, medan Kristiansand tingrett òg omfattar kommunane Birkenes, Bygland, Bykle, Evje og Hornnes, Iveland, Lillesand og Valle i Aust-Agder. Vest-Agder og Aust-Agder er samla i Agder politidistrikt, med unntak av Sirdal kommune, som soknar til Sør-vest politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Sør-Aust og utgjer saman med Aust-Agder eitt helseføretak, Sørlandet sjukehus. Det er sjukehus i Flekkefjord og Kristiansand. Fylket ligg under Vegregion Sør og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Agder og Telemark bispedøme og er delt i tre prosti: Kristiansand domprosti, Mandal prosti og Lister prosti. Vennesla kommune høyrer til Otredal prosti i Aust-Agder.

Skotteholmen, Søgne kommune. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Skotteholmen, Søgne kommune. Foto: Giuseppe Milo, Flickr.com CC BY 2.0.

Politikk

Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Vest-Agder sidan 1987. Fylkestinget har alltid hatt borgarleg fleirtal. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå KrF og Høgre. I perioden 2015–19 er Terje Damman (H) fylkesordførar og Tore Askildsen (KrF) fylkesvaraordførar.

Dei borgarlege partia har alltid hatt eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Vest-Agder, og den sterke religiøsiteten i fylket har gjort Kristeleg Folkeparti til eit relativt stort parti. Blant dei mest markante KrF-politikarane frå Vest-Agder var Jon Lilletun, som var kyrkje- og utdanningsminister i 1997–2000 og parlamentarisk leiar for KrF i 2001–05. Ein annan er Dagrunn Eriksen, som er første nestleiar i KrF sidan 2004, og som var fast møtande stortingsrepresentant i 2006–13.

Fleire parti knytte til kristeleg-konservative miljø har hatt ei viss støtte i fylket. Etter av Vidar Kleppe blei suspendert frå Framstegspartiet i 2001, blei han leiar for det nyskipa partiet Demokratane, med tre av fem styremedlemer frå Vest-Agder. Partiet har likevel aldri fått meir enn nokre få hundre røyster i fylket. Partiet Dei Kristne (PDK) hadde ved stortingsvalet i 2013 Vest-Agder som sitt beste fylke, men oppslutninga var ikkje større enn 2 %.

Språk

Vest-Agder fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, medan fylkesmannsembetet har bokmål som tenestemål. Seks av kommunane i fylket er språkleg nøytrale, sju nyttar bokmål, medan tre kommunar nyttar nynorsk (Hægebostad, Åseral og Sirdal).

97 % av elevane i grunnskulen i Vest-Agder har bokmål som opplæringsmål, medan 3 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er arabisk, somalisk, polsk, tsjetsjensk og vietnamesisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Vest-Agder er delt mellom sørvestlandsk a‑mål i vest og sørlege e‑mål i aust. Også grensa for «den bløde kyststribe» går rett gjennom fylket. I dei ytre stroka seier dei b, d og g i staden for p, t og k (hop = hob, mat = mad og tak = tag), medan dei indre bygdene manglar dette målmerket. Skarre‑r er vanleg i byane og i kystbygdene, men spreier seg òg oppover i innlandet hos dei yngre generasjonane. I Vest-Agder er vestnorsk høgtone vanleg, medan Aust-Agder helst har austnorsk lågtone.

Kunst, kultur og idrett

Vest-Agder har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Fædrelandsvennen (Kristiansand, 34 065), Agder Flekkefjords Tidende (Flekkefjord, 7710), Lindesnes (Mandal, 5789), Lister (tidlegare Farsunds Avis) (Farsund, 5405), Søgne og Songdalen Budstikke (Søgne, 3012), Vennesla Tidende (Vennesla, 2916) og Lyngdals Avis (Lyngdal, 1077).

Distriktskontoret NRK Sørlandet har hovudkontoret sitt i Kristiansand. Byen har hatt kringkastingssendar sidan 1930.

Universitetet i Agder blei oppretta i 2007, då den tidlegare Høgskolen i Agder fekk universitetsstatus. Universitetet har fakultet for helse- og idrettsvitskap, humaniora og pedagogikk, kunstfag, teknologi og realfag, og samfunnsvitskap. I tillegg kjem Handelshøyskolen ved UiA, som er eige fakultet, og Avdeling for lærarutdanning. Universitetet har studiestad i Kristiansand, og dessutan i Grimstad i Aust-Agder.

I Vest-Agder ligg fleire mindre forlag, mellom dei Pedagogisk Forlag og Portal Forlag. Musea i fylket er etter museumsreforma på 2000-talet blitt samla under paraplyselskapet Vest-Agder-museet, som i tillegg til fleire museum og kulturhistoriske bygningar òg omfattar museumsjernbana Setesdalsbana.

Setesdalsbana, museumsjernbane som går på den åtte kilometer lange strekninga mellom Grovane og Røyknes stasjonar i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke. Foto: J Donohoe, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Setesdalsbana, museumsjernbane som går på den åtte kilometer lange strekninga mellom Grovane og Røyknes stasjonar i Vennesla kommune, Vest-Agder fylke. Foto: J Donohoe, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Fylket hadde tidlegare ein av dei største musikkfestivalane her i landet, Quartfestivalen, men festivalen gjekk konkurs i 2008 og på nytt i 2009. Blant dei andre festivalane i Vest-Agder kan nemnast Laksefestivalen i Flekkefjord, Nordsjøfestivalen i Farsund (tradisjonsmusikk), Utvandrarfestivalen i Kvinesdal og Barnefilmfestivalen og Protestfestivalen i Kristiansand. Agder Teater er regionteater for begge Agder-fylka og har base i Kristiansand. I byen ligg kulturhuset Kilden, opna i 2012, og her held mellom anna Opera Sør til.

Frå Vest-Agder kjem fleire framståande forfattarar, mellom dei Karen Sundt, Marta Steinsvik, Kjell Askildsen, Jens Bjørneboe og Øystein Lønn, kunstnarar som Kjell Nupen og musikarar som Rolf Løvland og Sigurd Køhn. Ein av dei mest profilerte journalistane frå fylket var Kåre Valebrokk, som var redaktør i Dagens Næringsliv og seinare redaktør og direktør i TV2.

Start (Kristiansand) er den einaste fotballklubben i fylket som har hevda seg i norsk toppfotball. Blant dei fremste spelarane i klubben gjennom tidene er Erik Mykland, populært kalla «Myggen», Trond Pedersen og Svein Mathisen («Matta»).

Kjelder

Dag Ellingsen og Ulla-Britt Lilleaas: «Noen vil ha det slik». Tradisjonelle kjønnsroller og svake levekår på Sørlandet. Kristiansand 2014

Alv Kristiansen (red.): Bygd og by i Norge. Agder. Oslo 1977

Jernbaneverket: «Sørlandsbanen», publisert 30.4.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Sorlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Vest-Agder fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_10 - KAPITTEL_10 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Vest-Agder», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/vest-agder/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Vest-Agder», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Vest-Agder [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Vest-Agder fylkeskommune

Først publisert: 18.12.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018