Hopp til innhold
X
Innhald

Vestfold fylke

Vestfold er det minste landfylket i Noreg, rekna i areal, men det er tett folkesett og har fleire mindre og mellomstore byar. Fylket har både rikt jordbruksland og ein variert industri. I Vestfold grov dei i si tid ut Osebergskipet og Gokstadskipet, dei fremste symbola på norsk vikingtid.

Vestfold har vore eige fylke sidan 1821. Fylket høyrer til det sentrale, låglendte austlandsområdet, med Oslofjorden som nærmaste nabo. Småbykulturen pregar fylket. Avstandane er små, og her finst ingen fjerntliggjande rurale strok. Pressområda ligg likevel først og fremst langs kysten, som òg har mange attraktive ferieområde om sommaren, særleg på Tjøme og i Stavern. Fylket har godt med eigne arbeidsplassar, men det finst likevel ein del arbeidstakarar som pendlar til Oslo.

Det er lite natur att i Vestfold som ikkje er påverka av menneskehand, og friareala er avgrensa. Privatisering av kystområda har vore mykje omdiskutert. I 2004 skulle Bolærne fort, eit tidlegare kystfort, seljast til private, men etter mykje debatt overtok i staden fylkeskommunen fortet og opna det som friluftsområde.

Vestfold er ikkje noko utprega religiøst fylke, men frikyrkjelyden Smiths Venner har senteret sitt, Oslofjord Convention Center, på Brunstad i Stokke. Dette er det største konferansesenteret i landet, med plass til inntil 6000 menneske.

Miljø og klima

Vestfoldkysten har ein middeltemperatur i februar på ca. –1 °C, lenger inne går han ned i ca. –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C. Fylket har relativt lite nedbør, mellom 700 og 1200 mm i året.

Vestfold har ingen inngrepsfrie område, det vil seie område som ligg meir enn fem kilometer frå tyngre tekniske inngrep, til dømes vegar, skogsbilvegar eller kraftlinjer. Særmerkt for fylket er dei varmekjære edellauvskogane, som har eit stort mangfald av artar, særleg sopp og insekt. Vestfold har den største førekomsten av bøkeskog i landet, og denne skogen er i vekst. I fylket finst rådyr, hjort og elg, og i dei store elvane er det sjøaure og laks.

Fylket høyrer til det geologiske området Oslofeltet. Dette er ei gamal rift i jordskorpa som strekkjer seg frå Langesund til Brumunddal, og som inneheld ei rekkje særmerkte bergartar danna i permtida.

Gjennom Vestfold går Raet, ein morenerygg av sand og leire som isen la att etter seg i yngre dryas. På utsida av Raet er landskapet relativt flatt, med mykje sandjord, medan topografien på innsida er meir kupert, med låge åsar og fjell. Store delar av fylket låg under havnivået etter den siste istida. Etter at landet heva seg, er mykje av den gamle havbotnen blitt grøderikt jordbruksland. Kysten er sterkt oppskoren av fjordar og har ei mengd større og mindre øyar.

Historie

I Vestfold finst det ei rekkje fortidsminne som syner at fylket tidleg var eit lagdelt samfunn, med ei sterk hovdingmakt. På Mølen ved Larvik finst det store gravrøyser frå bronsealderen, og Borrehaugane er den største samlinga av gravhaugar frå vikingtida i heile Nord-Europa.

Dei to mest berømte vikingskipsfunna i Noreg, Osebergskipet og Gokstadskipet, blei gravne ut i Vestfold høvesvis i 1880 og 1904 utanfor Tønsberg og Sandefjord. Osebergskipet er bygd kring 820 og blei sett i grava til ei eldre kvinne av kongeleg byrd i 834, medan Gokstadskipet blei haugsett på byrjinga av 900-talet. Gravkammera inneheldt svært mykje og verdfullt gravgods. Av begge skipa er det bygd fleire kopiar i moderne tid. Originalane er no utstilte på Vikingskipsmuseet på Bygdøy i Oslo.

Osebergskipet. Foto: Eivind Lindseth, Flickr.com CC BY 2.0.

Osebergskipet utstilt på Vikingskipsmuseet på Bygdøy i Oslo. Foto: Eivind Lindseth, Flickr.com CC BY 2.0.

I Viksfjord utanfor Larvik låg Kaupang, ein by som hadde si stordomstid på 800- og 900-talet. Utgravingar syner at Kaupang har hatt eit livleg handelssamband med resten av Vest-Europa, og at byen hadde ei eiga handverkarnæring. Kaupang er nemnt som Skiringssal i Alfred den store si omsetjing av Orosius si verdshistorie. Byen blei seinare lagd øyde. I mellomalderen voks i staden Tønsberg fram som ein av dei viktigaste byane i landet, med si eiga festning og ein koloni av hanseatiske handelsmenn.

Ved Stavern blei flåtestasjonen Frederiksvern, med galeiverft for marinen, bygd opp frå midten av 1700-talet. I 1818 blei det bestemt at hovudbasen for den norske marinen skulle flyttast til Horten. Basen låg her fram til han i 1963 blei flytta til Håkonsvern utanfor Bergen.

På slutten av 1800-talet voks vestfoldbyane fram som industri- og sjøfartsbyar, ikkje minst etter at Vestfoldbana stod ferdig i 1882. I Sandefjord og Tønsberg blei det på byrjinga av 1900-talet bygd opp ein stor flåte av kvalfangstfartøy som dreiv fangst i Antarktis. Dette la grunnlaget for ein sterk økonomisk vekst i dei to byane. Kvalfangsten gjekk føre seg fram til 1960-åra, då fleire kvalartar nærmast var utrydda.

Ein av pionerane innanfor kvalfangsten var sandefjordingen Anders Jahre, som òg bygde opp ei omfattande reiarverksemd, med tank- og kjemikalietransport og passasjertrafikk. Frå 1980-åra dreiv skattestyresmaktene i mange år granskingar basert på mistanke om skjulte formuar i utlandet. Saka mot buet etter Jahre blei avslutta først i 2012, 30 år etter at han døydde.

Sosiale forhold

Vestfold ligg litt bak resten av landet i inntektsutvikling. Fylket har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 25 % av hushalda under 350 000 og 20 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er relativt lågt – 27,4 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Den forventa levealderen for menn er omtrent som landsgjennomsnittet, medan kvinnene ligg litt under. Mennene i Vestfold kan rekne med å bli 78,3 år gamle og kvinnene 82,2 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år i heile landet. Skilsmisseraten er den høgaste i landet. Når det gjeld røykjarar, er det litt fleire i fylket enn elles i landet. 27 % av dei vaksne vestfoldingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 11,6 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, dei fleste i andre kristne kyrkjesamfunn.

Næringsliv

Sjølv om Vestfold er lite i areal, er jordbruket omfattande. Heile 20 % av arealet er matjord, meir enn i noko anna fylke. Vestfold er det største hagebruksfylket målt i areal, med ein omfattande produksjon av poteter og grønsaker på friland. Her er òg eit vesentleg innslag av korndyrking, medan husdyrhaldet er meir avgrensa. Det er relativt få sysselsette i primærnæringane i fylket (1,5 %, mot 2,4 % i heile landet).

Vestfold har ein mangfaldig industri. Den største industrigreina i fylket, målt i sysselsetjing, er næringsmiddelindustrien, med mellom anna bryggjeri og mineralvassprodusentar, som særleg er konsentrert om byane Tønsberg, Sandefjord og Larvik. Nest størst er dataindustri og elektronisk industri, men òg kjemisk industri er viktig, med til dømes Jotungruppen i Sandefjord (måling og lakk) og oljeraffineriet på Slagentangen ved Tønsberg. Fylket har ein omfattande metallvareindustri. Norsk Hydro sitt valseverk i Holmestrand har kring 400 tilsette og lagar valsa aluminiumsprodukt, som seinare blir til alt frå bygningsplater til aluminiumsfolie.

Tenesteytande næringar sysselset ca. 77 % av dei yrkesaktive i Vestfold, det same som landsgjennomsnittet. Reiselivet omfattar hovudsakleg sommarturisme, og kysten er tettbygd med hytter og ferieanlegg. Attraksjonane i fylket omfattar mellom anna Midgardsenteret i Borre (konsentrert om vikingtida), dei gamle marinebyane Horten og Stavern, og ruinane av borga Tunsberghus i Tønsberg.

Midgardsenteret i Borre. Foto Helen Simonsson, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Midgardsenteret i Borre. Foto: Helen Simonsson, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Samferdsel og kommunikasjon

Det går éi jernbane gjennom Vestfold, Vestfoldbana mellom Drammen og Skien. Bana har stor trafikk med intercitytog og blir bygd ut med dobbelspor for å få høgare fart og større kapasitet i framtida. Fylket har ein flyplass med rutetrafikk, Sandefjord lufthamn på Torp. Lufthamna er den femte største i landet når det gjeld trafikk til og frå utlandet, og har dessutan ein del innanlandsruter. Hovudvegen gjennom fylket er E18, som går frå fylkesgrensa mot Buskerud i nord forbi Tønsberg, Sandefjord og Larvik til fylkesgrensa mot Telemark. Vegen har motorvegstandard. Larvik har ferjesamband til Hirtshals, og frå Sandefjord går det ferje til Strömstad.

Administrativ og historisk inndeling

Vestfold fylke har desse 12 kommunane: Hof, Holmestrand, Horten, Lardal, Larvik, Nøtterøy, Re, Sande, Sandefjord, Svelvik, Tjøme og Tønsberg. Holmestrand, Horten, Larvik, Sandefjord og Tønsberg er historiske byar. Svelvik, Stavern og Åsgårdstrand (i Horten) er tidlegare byar som miste bystatusen ved kommunereguleringar i 1960- og 1980-åra, men dei fekk han att etter 1995, slik at fylket no har åtte byar.

Vestfold hadde på det meste, frå 1858 til 1964, 26 kommunar. I 1964 blei Skoger slått saman med Drammen og blei dermed flytta over til Buskerud. Holmestrand tok opp i seg Botne, og Strømm gjekk inn i Svelvik. Året etter blei Åsgårdstrand slått saman med Borre, og i 1968 gjekk Sandar inn i Sandefjord. I 1988 kom det så ei stor kommuneregulering i fylket. Då gjekk Borre inn i Horten, Sem inn i Tønsberg og Stavern, Tjølling, Brunlanes og Hedrum inn i Larvik. I 2002 slo Våle og Ramnes seg saman, og den nye kommunen fekk namnet Re. 1.1.2017 slo Sandefjord, Stokke og Andebu seg saman. 1.1.2018 slo Nøtterøy og Tjøme, Larvi og Lardal, Holmestrand og Hof seg saman til høvesvis Færder, Larvik og Holmestrand.

Vestfold er det fylket som blir mest endra av kommunereforma i 2018 og 2020. Fylket blir redusert frå 9 til seks kommunar. Bare Horten kommune blir verande som no. Holmestrand, Hof og Sande blir ein ny kommune. Svelvik blir flytta frå Vestfold til Buskerud, og blir ein del av Drammen kommune. Vidare blir Re og Tønsbergslått saman. Alle vedtaka er frivillige.

Storparten av Vestfold høyrde tidleg på 1600-talet til Tønsberg len, som seinare blei omgjort til amt. I 1671 blei Laurvig grevskap oppretta, som bestod av noverande Larvik, Sandefjord og Tjøme kommunar, i tillegg til deler av Andebu. To år seinare kom Jarlsberg grevskap, som strekte seg frå Drammen i nord til Tassebekk i Stokke i sør. Dei to grevskapa bestod til 1821, då adelslova blei oppheva, og området blei då til Jarlsberg og Larvik amt. I 1919 fekk fylket det noverande namnet.

1.1.2020 blir Vestfold og Telemark slått saman.

Foto frå Borre. Foto: Astrid Westvang, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Foto frå Borre. Foto: Astrid Westvang, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Demografi

Vestfold er det fylket etter Oslo og Akershus som har høgast folketettleik. Det er samstundes eit av dei mest urbaniserte fylka i landet. 84,6 % av folket bur i tettbygde strok, mot 80 % i gjennomsnitt for heile landet. Dei største byane og tettstadene er Tønsberg (49 735 innbyggjarar i det tettbygde området), Sandefjord (41 934 innb.), Larvik (23 523 innb.), Horten (18 907 innb.), Holmestrand (6823 innb.), Stavern (5659 innb.), Svelvik (3916 innb.) og Vear (3578 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Vestfold har auka gjennom heile etterkrigstida. Frå 1946 til 2014 steig det med 63 %, og då er det ikkje rekna med at fylket på grunn av grenseendringar i 1964 tapte kring 15 000 innbyggjarar. Fylket hadde stort fødselsoverskot i 1950- og 60-åra, men i 1970-åra skrumpa overskotet inn og har seinare halde seg lågt. Vestfold har hatt netto innflytting i alle år sidan 1965. På 2000-talet har innflyttinga auka, på grunn av innvandring. I 2015 var 12,4 % av innbyggjarane i Vestfold fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Vestfold fylkeskommune ligg i Tønsberg, med eigne avdelingar for tannhelse, regionalplanlegging, kultur og utdanning. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Sande, Holmestrand, Horten, Revetal, Tønsberg, Nøtterøy, Stokke, Sandefjord og Larvik. Fylket har fagskule i Horten og tre folkehøgskular.

Fylket har eitt regionråd, Kommunesamarbeidet i Vestfold, som omfattar alle dei 14 kommunane. Svelvik og Sande er dessutan med i Vestregionen, der fleire kommunar i Buskerud og Akershus er med.

Vestfold ligg under Agder lagmannsrett og er delt i fem tingrettsdistrikt: Drammen (Sande og Svelvik saman med fleire kommunar i Buskerud), Nordre Vestfold, Tønsberg, Sandefjord og Larvik. Vestfold ligg i Sør-øst politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Sør-Aust. Med unntak av Sande og Svelvik utgjer det eitt helseføretak, Sjukehuset Vestfold, med sjukehus i Tønsberg og Larvik og avdelingar mellom anna i Stavern. Fylket ligg under Vegregion Sør og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Det høyrer til Tunsberg bispedøme og er delt i fire prosti: Tønsberg domprosti, Nord-Jarlsberg prost, Sandefjord prosti og Larvik prosti.

Vestfold fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet har vore dei største partia ved fylkestingsvala i Vestfold sidan 1995. Fylkestinget har heile tida hatt borgarleg fleirtal. Fylkesordførarane har kome skiftevis frå Høgre og Arbeidarpartiet. I perioden 2015–19 er Rune Hogsnes (H) fylkesordførar og Kåre Pettersen (V) fylkesvaraordførar.

Den sosialistiske og den borgarlege sida har veksla mellom å ha flest stortingsrepresentantar frå Vestfold gjennom dei siste tiåra. Justisministeren i Noreg sidan 2013, Anders Anundsen (FrP), kjem frå Vestfold. Andre profilerte politikarar frå Vestfold er Inga Marthe Thorkildsen (SV), som har vore barne-, likestillings- og inkluderingsminister, og Dag Terje Andersen (Ap), som har vore landbruksminister, næringsminister, arbeids- og inkluderingsminister og stortingspresident.

Sjukehuspolitikk har vore ei viktig sak i Vestfold, liksom i andre fylke, men berre i Vestfold har protestane mot strukturendringar resultert i ei eiga fylkestingsliste. I 1997 gjorde fylkestinget eit vedtak som innebar nedbygging av sjukehusa i Sandefjord og Horten. Ved fylkestingsvalet to år seinare stilte ei eiga sjukehusliste og fekk heile 14,9 % av røystene og sju representantar i fylkestinget. Eit anna sentralt politisk spørsmål har vore innkrevjing av bompengar på vegnettet. I 2003 stilte ei eiga liste mot bomring til val til fylkestinget og fekk inn to representantar.

Språk

Vestfold fylkeskommune og fylkesmannsembetet i fylket har bokmål som tenestemål. Det same har alle kommunane.

99,3 % av elevane i grunnskulen i fylket har bokmål som opplæringsmål (0,7 % har ikkje oppgitt målform). Av innvandrarspråk er litauisk, arabisk, polsk, somalisk og kurdisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Dialektane i Vestfold høyrer til dei austnorske målføra og har jamvekt og tjukk l. Liksom i Østfold og Grenlandsområdet nyttar dei ein æ‑aktig lyd i presens (kastar = kastær) og fleirtal (ballane = ballæne). Partisipp av sterke verb har ‑i som endingsvokal: bryti, drekki, finni, gråti. Nektingsadverbet førekjem både som ikke, inte, itte og ikkje.

Kunst, kultur og idrett

Vestfold har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Tønsbergs Blad (Tønsberg, 23 401), Østlands-Posten (Larvik, 11 952), Sandefjords Blad (Sandefjord, 11 636), Gjengangeren (Horten, 6278), Jarlsberg (Holmestrand, 3381), Øyene (Nøtterøy, 3623), Sande Avis (Sande, 2252) og Svelviksposten (Svelvik, 2250).

NRK Vestfold var tidlegare eit eige distriktskontor. Det er no slått saman med distriktskontora i Buskerud og Telemark til NRK Østafjells, som har hovudkontor i Porsgrunn, men NRK i fylket har framleis sine eigne radiosendingar og nettsider.

Høgskolen i Buskerud og Vestfold (HBV) blei oppretta i 2014 gjennom ei samanslåing av høgskulane i dei to fylka. HBV har studiestad på Bakkenteigen mellom Horten og Tønsberg, og dessutan i Drammen, Kongsberg og Ringerike i Buskerud. Høgskulen har fakultet for helsevitskap, humaniora/utdanningsvitskap, teknologi/maritime fag og samfunnsvitskap. Til det sistnemnde fakultetet ligg òg avdelinga Handelshøyskolen.

Musea i Vestfold er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under Vestfoldmuseene. Under denne paraplyen ligg mellom anna Slottsfjellsmuseet i Tønsberg, Hvalfangstmuseet i Sandefjord og Midgard historisk senter i Borre. Fylket har dessutan Preus museum i Horten, som er det nasjonale fotomuseet i Noreg. Teater Ibsen er regionteater for Vestfold og Telemark, med base i Skien.

Vestfold Festspillene er det største kulturelle arrangementet i fylket. Festivalen omfattar eit mangfald av uttrykk, med særlege satsingsområde innanfor klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Av andre kulturelle arrangement kan nemnast Slottsfjellsfestivalen (rock/pop), Kanalrock, Pure Classic Musikkfest og Litteraturuka i Vestfold.

Frå Vestfold kjem fleire framståande forfattarar, mellom anna Odd Børretzen, Dag Solstad, Harald Rosenløw Eeg, Gro Dahle og Trude Marstein, filmskaparar som Bent Hamer, Espen Sandberg og Joachim Rønning, og ikkje sist, men ikkje minst, sjakkspelaren Magnus Carlsen og eventyraren og forskaren Thor Heyerdahl. Sandefjord Fotball er den einaste klubben i fylket som har hevda seg i norsk toppfotball dei siste åra.

Kjelder

Vilhelm Møller (red.): Bygd og by i Norge. Vestfold. Oslo 1980

D. Anthun: «Er det behov for 'sykehuslister'?», Tidsskrift for Den norske Lægeforening: http://tidsskriftet.no/article/139370/ [lesedato 14.6.2015]

Jernbaneverket: «Vestfoldbanen», publisert 15.4.2013:

http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Vestfoldbanen [lesedato 14.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Vestfold fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_7 - KAPITTEL_7 [lesedato 14.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Vestfold», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/vestfold/ [lesedato 14.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A5l%20i%20fylkesmannsembeta%20190609.pdf [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 14.6.2015]

Store norske leksikon: «Vestfold», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Vestfold [lesedato 14.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Vestfold fylkeskommune

Først publisert: 23.11.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018