Askvoll kommune, Sogn og Fjordane
Askvoll kommune, Sogn og Fjordane
Christen Jensøn, som i 1646 gav ut den første norske ordboka, Den Norske Dictionarium eller Glosebog, var sokneprest i Askvoll 1636–53.
Askøy kommune, Hordaland
Askøy kommune, Hordaland
I Askøy kommune på vestlandskysten ligg moreneøya Herdla, som blei skapt på slutten av siste istid, då innlandsisen smelta. Kommunen er omkransa av fjordar, og fiske var tidlegare ein svært viktig leveveg for askøyværingane. I dag har nær halvparten av innbyggjarane arbeidet sitt utanfor kommunegrensene.
Audnedal kommune, Vest-Agder
Audnedal kommune, Vest-Agder
Meistertjuven Ole Høiland, som i 1836 vart dømd for å ha brote seg inn i Noregs Bank og stole 64 000 spesidalar, var fødd og oppvaksen i Audnedal.
Aukra kommune, Møre og Romsdal
Aukra kommune, Møre og Romsdal
Dei eldste spora av menneske i Noreg er frå rundt 9200 f.Kr., og dei vart funne i noverande Aukra kommune.
Aure kommune, Møre og Romsdal
Aure kommune, Møre og Romsdal
Aurland kommune, Sogn og Fjordane
Aurland kommune, Sogn og Fjordane
I Aurland kommune ligg Flåmsbana, ei av dei brattaste jernbanestrekningane på normalspor i verda.
Austevoll kommune, Hordaland
Austevoll kommune, Hordaland
Austevoll kommune er ein viktig fiskerikommune og har den største notflåten i landet.
Austrheim kommune, Hordaland
Austrheim kommune, Hordaland
Det vestlegaste punktet på det norske fastlandet, Vardetangen, ligg i Austrheim kommune.
Averøy kommune, Møre og Romsdal
Averøy kommune, Møre og Romsdal
For å kome til Averøy kommune på nordmørskysten kan ein køyre den verdskjende Atlanterhavsvegen. Det er denne vegen som knyter den vesle øykommunen til fastlandet i sør.
Balestrand kommune, Sogn og Fjordane
Balestrand kommune, Sogn og Fjordane
Kviknes Hotel i Balestrand er ein av dei største trebygningane i Skandinavia.
Bergen kommune, Hordaland
Bergen kommune, Hordaland
Bergen er den nest største kommunen i Noreg etter folketal og har gjennom heile si historie vore eit viktig sentrum for internasjonal handel og sjøfart. Byen er kjend for regnet.
Bjerkreim kommune, Rogaland
Bjerkreim kommune, Rogaland
Bjerkreim kommune er den nest største sauekommunen i landet og har ei av dei beste lakseelvane i Noreg.
Bokn kommune, Rogaland
Bokn kommune, Rogaland
Skipsleia går gjennom Boknasundet, mellom Vestre og Austre Bokn, og restane etter gravrøyser i området vitnar om at leia har vore brukt lenge.
Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
Bremanger kommune, Sogn og Fjordane
Firebandsverket Kringla, som kom i 1911 og som er det nynorske bokverket som har selt mest, vart utgitt av forleggaren Gudveig Høyem, som var frå Bremanger.
Bygland kommune, Aust-Agder
Bygland kommune, Aust-Agder
Bygland kommune var i 1890 ein av dei to første kommunane som tok i bruk nynorsk som opplæringsspråk i skulen.
Bykle kommune, Aust-Agder
Bykle kommune, Aust-Agder
Bykle er den største kommunen i Aust-Agder.
Bø kommune, Telemark
Bø kommune, Telemark
I Bø kommune ligg aktivitetsparken Bø Sommarland, som opna i 1985 og har rundt 200 000 gjester kvart år.
Bømlo kommune, Hordaland
Bømlo kommune, Hordaland
I 1024, på det første riksmøtet i landet, grunnla Olav Tryggvason den norske kyrkja på rikstinget på Moster, som ligg i Bømlo kommune.
Dovre kommune, Oppland
Dovre kommune, Oppland
I Dovre kommune ligg delar av tre nasjonalparkar, mellom anna Rondane, som i 1962 vart den første nasjonalparken i Noreg.
Drangedal kommune, Telemark
Skogskommunen Drangedal i Telemark er heimkommunen
til den folkekjære artisten Sputnik.
Eid kommune, Sogn og Fjordane
Eid kommune, Sogn og Fjordane
I april 2009 opna Operahuset Nordfjord, eit kulturhus for Eid kommune, der mellom anna Opera Nordfjord held til.
Eide kommune, Møre og Romsdal
Eide kommune, Møre og Romsdal
Eide kommune har lange tradisjonar når det gjeld bergverks- og steinindustri, og her har det vore produsert gravsteinar sidan 1910. Slik fekk kommunesenteret Eide kallenamnet «Bygda som lever av dei døde».
Eidfjord kommune, Hordaland
Eidfjord kommune, Hordaland
Etne kommune, Hordaland
Etne kommune, Hordaland
Langfoss ved Åkrafjorden har eit fall på 612 meter. Fossen er den femte høgaste i landet og er av ei internasjonal nettside kåra til den vakraste fossen i verda.
Etnedal kommune, Oppland
Etnedal kommune, Oppland
I Etnedal kommune i Oppland finn vi den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa.
Evje og Hornnes kommune, Aust-Agder
Evje og Hornnes kommune, Aust-Agder
Evje og Hornnes er regionssenteret for Setesdal, og den særskilte geologien i området gjer kommunen til eit populært reisemål for geologar og mineralsamlarar.
Fedje kommune, Hordaland
Fedje kommune, Hordaland
Fedje er den vestlegaste kommunen i landet, og av kommunane med nynorsk som administrasjonsspråk er han den minste, både i flatevidd og folketal.
Finnøy kommune, Rogaland
Fitjar kommune, Hordaland
Fitjar kommune, Hordaland
Både Harald Hårfagre og son hans, Håkon den gode, hadde kongsgard i Fitjar.
Fjaler kommune, Sogn og Fjordane
Fjaler har ein sterk skuletradisjon, frå Nikka Vonens pikeskole (1861–97) fram til United World College, som opna i 1995.
Fjell kommune, Hordaland
Fjell kommune, Hordaland
Nær halvparten av dei yrkesaktive i Fjell arbeider i Bergen.
Flora kommune, Sogn og Fjordane
Flora kommune, Sogn og Fjordane
Flora er den vestlegaste byen i landet, og administrasjonssenteret ligg i Florø.
Forsand kommune, Rogaland
Forsand kommune, Rogaland
Den største arkeologiske utgravinga i Noreg vart utført på Forsandmoen i Forsand kommune.
Fræna kommune, Møre og Romsdal
Fræna kommune, Møre og Romsdal
Fræna kommune, som er ein av dei største landbrukskommunane på Vestlandet, særmerkjer seg også med fleire nasjonalt og internasjonalt leiande industribedrifter.
Fusa kommune, Hordaland
Fusa kommune, Hordaland
Liv Grete Skjelbreid Poirée, den einaste kvinnelege skiskyttaren som har teke fire gull i eitt og same VM, er busett i Hålandsdalen i Fusa.
Fyresdal kommune, Telemark
Fyresdal kommune, Telemark
Fyresdal har hatt uendra kommunegrenser sidan 1838. Fram til 1879 heitte kommunen Moland.
Førde kommune, Sogn og Fjordane
Førde kommune, Sogn og Fjordane
Nynorsk mediesenter har frå 2004 utdanna ti nynorskbrukande journalistar kvart år. Senteret er ått av NRK og held til i Førde.
Gaular kommune, Sogn og Fjordane
Det verna Gaularvassdraget går gjennom heile Gaular kommune, frå kommunegrensa mot Balestrand på Gaularfjell til Bygstad ved Dalsfjorden.
Giske kommune, Møre og Romsdal
Giske kommune, Møre og Romsdal
Alle medlemmane i popgruppa The Margarets kjem frå Giske, og der har dei bygd opp sitt eige studio.
Gjemnes kommune, Møre og Romsdal
Gjemnes kommune, Møre og Romsdal
Den første bussruta i landet opna i 1908, og gjekk mellom Molde og Batnfjordsøra i Gjemnes kommune.
Gjesdal kommune, Rogaland
Gjesdal kommune, Rogaland
Fjell- og innlandskommunen Gjesdal har ei rik tekstil- og kraftindustrihistorie. Kommunen har den yngste befolkninga i landet.
Gloppen kommune, Sogn og Fjordane
Gloppen kommune, Sogn og Fjordane
I Gloppen vert det arrangert fleire musikkfestivalar, innanfor ulike sjangrar som rock, klassisk, country og blues.
Gol kommune, Buskerud
Gol kommune, Buskerud
Gol stavkyrkje vart i 1884 flytta til det som i dag er Norsk Folkemuseum i Oslo. I 1994 vart det sett opp ein kopi i Gol sentrum
Granvin herad, Hordaland
Granvin herad, Hordaland
Granvin herad har rike folkemusikktradisjonar, og her bur mellom anna felespelaren Knut Hamre, som har vunne landskappleiken seks gonger.
Gulen kommune, Sogn og Fjordane
Gulen kommune, Sogn og Fjordane
I Eivindvik i Gulen kommune låg Gulatinget, den eldste tingstaden i Norden, og der vart Gulatingslova til, den eldste kjende nedskrivne lova i Noreg.
Halsa kommune, Møre og Romsdal
Halsa kommune, Møre og Romsdal
Halsa kommune på Nordmøre er omkransa av vakre fjordar. Her finn vi Geitbåtmuseet, med tradisjonelle trebåtar og eige båtbyggjeri, der gamle båtbyggjarteknikkar blir haldne i hevd.
Haram kommune, Møre og Romsdal
Haram kommune, Møre og Romsdal
Haram vart i 1893 den første kommunen i Møre og Romsdal som tok i bruk nynorsk som opplæringsmål i skulen.
Hareid kommune, Møre og Romsdal
Hareid kommune, Møre og Romsdal
Hareid kommune var sentrum for selfangst frå Vestlandet dei første tiåra av 1900-talet, og på det meste dreiv 47 skuter frå Brandal fangst i polarstrøka.
Hemsedal kommune, Buskerud
Hemsedal kommune, Buskerud
I Hemsedal ligg fleire store alpinanlegg, og der er rundt femti ulike nedfartar.
Herøy kommune, Møre og Romsdal
Herøy kommune, Møre og Romsdal
Øya Runde i Herøy kommune har det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia.
Hjartdal kommune, Telemark
Hjartdal kommune, Telemark
I Hjartdal kommune står det fleire gamle loft, mellom anna det freda Risvolloftet frå 1471.
Hjelmeland kommune, Rogaland
Hjelmeland kommune, Rogaland
Hjelmeland kommune er den største bær- og fruktkommunen i Rogaland, og det vert særleg dyrka mykje eple.
Hornindal kommune, Sogn og Fjordane
Hornindal kommune, Sogn og Fjordane
Hornindalsvatnet, den djupaste innsjøen i Europa (514 moh.), ligg delvis i Hornindal kommune.
Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane
Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane
I Hyllestad vart det frå 700-talet og fram til 1930-åra produsert kvernsteinar, som mellom anna vart eksporterte til Danmark og Baltikum.
Hægebostad kommune, Vest-Agder
I 1933 vart Snartemosverdet frå 500 e.Kr. funne på garden Snartemo i Hægebostad kommune, og det er laga ein eigen bautapark nær funnstaden.
Høyanger kommune, Sogn og Fjordane
Høyanger kommune, Sogn og Fjordane
Aluminiumsverket, som tok til med full drift i 1919, er kjerneverksemda i Høyanger. Høyanger ligg på begge sider av dei midtre delane av Sognefjorden.
Hå kommune, Rogaland
Hå kommune, Rogaland
Ingen kommunar har fleire nynorskelevar enn Hå.
Jondal kommune, Hordaland
Jondal kommune, Hordaland
Jondal kyrkje er frå 1888 og er den største i Hardanger.
Jølster kommune, Sogn og Fjordane
Jølster kommune, Sogn og Fjordane
Jølster kommune i Sogn og Fjordane er den einaste kommunen i Sunnfjord utan kystlinje. Kunstnaren Nikolai Astrup var busett på sørsida av Jølstravatnet.
Karmøy kommune, Rogaland
Karmøy kommune, Rogaland
Kinn kommune, Vestland
Kinn kommune, Vestland
For å reise mellom nord- og sørdelen av Kinn må ein gjennom nabokommunen. Kommunesenteret Florø er den vestlegaste byen i Noreg og har oljeindustri og mikrobryggjeri.
Klepp kommune, Rogaland
Klepp kommune, Rogaland
Klepp kommune, der over 70 % av arealet er dyrka mark, er ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet.
Kristiansund kommune, Møre og Romsdal
Kristiansund kommune, Møre og Romsdal
Omkransa av hav og fjordar dekkjer Kristiansund kommune ei rekkje øyar. Her er klippfisk blitt tilverka gjennom fleire hundreår.
Kvam herad, Hordaland
Kvam herad, Hordaland
Norheimsund i Kvam herad er utgivingsstaden for Hordaland Folkeblad, den eldste lokalavisa i landet.
Kvinesdal kommune, Vest-Agder
Kvinesdal kommune, Vest-Agder
Kvinesdal er ein sørlandskommune med tette band til USA. Kvart år blir det arrangert ein årleg utvandrarfestival i kommunen.
Kvinnherad kommune, Hordaland
Kvinnherad kommune, Hordaland
I Kvinnherad kommune ligg Baroniet Rosendal, som var det einaste baroniet i Noreg.
Kviteseid kommune, Telemark
Kviteseid kommune, Telemark
I Kviteseid ligg Morgedal, der Sondre Norheim utvikla nytt skiutstyr som gjorde det lettare å svinge i stor fart, og dermed la grunnlaget for moderne skisport.
Leikanger kommune, Sogn og Fjordane
Leikanger kommune, Sogn og Fjordane
Aust for Hermansverk går det eit 4889 meter langt kraftleidningsspenn over Sognefjorden, og dette skal vera det lengste spennet i verda.
Lesja kommune, Oppland
Lesja kommune, Oppland
Lindås kommune, Hordaland
Lindås kommune, Hordaland
I Lindås ligg Lyngheisenteret, som i 2001 fekk UNESCO sin globale kulturlandskapspris for arbeidet sitt.
Lom kommune, Oppland
Lom kommune, Oppland
Begge dei to høgaste fjelltoppane i landet, Galdhøpiggen (2469 moh.) og Glittertind (fast fjell på 2452 moh., med ein isbre på toppen), ligg i Lom kommune.
Luster kommune, Sogn og Fjordane
Luster kommune, Sogn og Fjordane
På Ornes i Luster kommune ligg Urnes stavkyrkje frå 1130–40. Kyrkja er den eldste stavkyrkja som framleis står, og er på UNESCO-lista.
Lærdal kommune, Sogn og Fjordane
Lærdal kommune, Sogn og Fjordane
Lærdalsøyri har eit av Noregs best bevarte trehusområde. I januar 2014 vart store delar av sentrum rasert av brann.
Masfjorden kommune, Hordaland
I Storsetehilleren er det gjort funn frå eldre jernalder som tyder på at helleren var brukt som fangststasjon.
Meland kommune, Hordaland
Meland kommune, Hordaland
Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug i Meland kommune er med sine 160 elevar den største folkehøgskulen i landet.
Midsund kommune, Møre og Romsdal
Midsund kommune, Møre og Romsdal
Modalen kommune, Hordaland
I 1890 vart Modalen den første bygda i landet som tok i bruk nynorsk som opplæringsmål i skulen.
Naustdal kommune, Sogn og Fjordane
Naustdal kommune, Sogn og Fjordane
Det største flyslaget som har vore i Noreg, stod i 1945 over Slettefjorden i Naustdal kommune.
Nesset kommune, Møre og Romsdal
Nesset kommune, Møre og Romsdal
Mardøla-aksjonen i 1970, ein protest mot utbygginga av elva Mardøla i Nesset kommune, var første gong ein tok i bruk sivil ulydnad under ein miljøaksjon i Noreg.
Nissedal kommune, Telemark
Nissedal kommune, Telemark
Sentralt i Nissedal ligg Nisser, som er den største innsjøen i Telemark.
Nord-Aurdal kommune, Oppland
Nord-Aurdal kommune, Oppland
Norddal kommune, Møre og Romsdal
Norddal kommune, Møre og Romsdal
I Norddal ligg Puttegga, som med sine 1999 moh. er det høgaste punktet i Møre og Romsdal.
Nord-Fron kommune, Oppland
Nord-Fron kommune, Oppland
Det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra er i dag ein tolv dagar lang kulturfestival og vart første gong arrangert i 1928.
Odda kommune, Hordaland
Odda kommune, Hordaland
Sentralt i Odda ligg Murboligen, som er ramma rundt handlinga i romanen Bikubesong av Frode Grytten.
Os kommune, Hordaland
Os kommune, Hordaland
Os vart i 1999 den første kommunen i landet med ordførar frå Framstegspartiet, då Terje Søviknes vart vald til ordførar.
Osterøy kommune, Hordaland
Osterøy kommune, Hordaland
I Osterøy kommune ligg Havråtunet, eit av dei best bevarte klyngjetuna på Vestlandet.
Radøy kommune, Hordaland
Manger skulemusikklag frå Radøy kommune har vunne NM for brassband ti gonger, og i 1990 gjekk dei heilt til topps i EM.
Rauma kommune, Møre og Romsdal
Rauma kommune, Møre og Romsdal
Rennesøy kommune, Rogaland
Rennesøy kommune, Rogaland
Samnanger kommune, Hordaland
Samnanger kommune, Hordaland
Samnanger har om lag dobbelt så mykje nedbør som Bergen. Fleire av elvane i kommunen er utbygde.
Sande kommune, Møre og Romsdal
Sande kommune, Møre og Romsdal
Sandnes kommune, Rogaland
Sandnes kommune, Rogaland
Sandøy kommune, Møre og Romsdal
Sandøy kommune, Møre og Romsdal
I Sandøy kommune ligg øya Ona, som var det sørlegaste fiskeværet i landet.
Sauda kommune, Rogaland
Sauda kommune, Rogaland
Forfattaren Kjartan Fløgstad er frå Sauda, og handlinga i fleire av bøkene hans er lagd til den oppdikta industristaden Lovra, ein stad som minner mykje om Sauda.
Sauherad kommune, Telemark
Sauherad kommune, Telemark
Sauherad kommune er den største fruktkommunen i Telemark, med 80 prosent av fruktarealet i fylket.
Sel kommune, Oppland
Sel kommune, Oppland
I Heidal i Sel kommune er der rundt hundre freda hus frå mellomalderen.
Selje kommune, Sogn og Fjordane
Selje kommune, Sogn og Fjordane
På øya Selja i Selje kommune vart det tidleg på 1100-talet etablert eit benediktinarkloster, som var det første bispesetet på Vestlandet.
Seljord kommune, Telemark
Seljord kommune, Telemark
Dyrsku’n i Seljord er eit fesjå som første gong vart arrangert i 1866, og som i dag er det største fesjået i landet med rundt 80 000 besøkjande kvart år.
Sirdal kommune, Vest-Agder
Sirdal kommune, Vest-Agder
Tonstad kraftstasjon i Sirdal er den kraftstasjonen i landet som produserer mest straum.
Skjåk kommune, Oppland
Skjåk kommune, Oppland
Skjåk er den bygda i landet med minst nedbør, med ei rekordnotering på berre 278 mm nedbør på eitt år.
Skodje kommune, Møre og Romsdal
Skodje kommune, Møre og Romsdal
Ved Solnør, garden der Ivar Aasen var huslærar 1835–42, ligg den einaste golfbana med 18 hol mellom Bergen og Trondheim.
Sogndal kommune, Sogn og Fjordane (historisk artikkel)
Sogndal kommune, Sogn og Fjordane (historisk artikkel)
På Idrettssenteret i Sogndal ligg ”The Wall”, ein 750 m2 stor klatrevegg som vert rekna for å vera den beste innandørs klatreveggen i landet.
Sogndal kommune, Vestland
Sogndal kommune, Vestland
Slaget ved Fimreite, eit av dei blodigaste i norsk historie, stod i Sogndalsfjorden i 1184.
Sola kommune, Rogaland
Sola kommune, Rogaland
Solund kommune, Sogn og Fjordane
Solund kommune, Sogn og Fjordane
Holmebåen, sørvest for Utvær fyr i Solund kommune, er det vestlegaste punktet i Noreg.
Stad kommune, Vestland
Stad kommune, Vestland
På øya Selja vart det på 1100-talet etablert eit kloster, som var det første bispesetet på Vestlandet. Den første skipstunnelen i verda er planlagd gjennom Stadlandet.
Stavanger kommune
Stavanger kommune
Stord kommune, Hordaland
Stord kommune, Hordaland
Stord har hatt bystatus sidan 1997 og er den største byen med nynorsk som administrasjonsspråk.
Stordal kommune, Møre og Romsdal
Stordal kommune, Møre og Romsdal
I Stordal ligg Rosekyrkja, ei særmerkt åttekanta kyrkje frå 1789, som innvendig er dekorert med rosemåling og treskurd.
Strand kommune, Rogaland
Strand kommune, Rogaland
Strand er den kommunen i landet som produserer flest juletre.
Stranda kommune, Møre og Romsdal
Stranda kommune, Møre og Romsdal
I Stranda produserer Stabburet Grandiosa-pizzaer, og sidan starten i 1980 har fabrikken produsert over 500 millionar pizzaer. Geiranger er også ein del av Stranda.
Stryn kommune, Sogn og Fjordane
Stryn kommune, Sogn og Fjordane
Klesprodusenten Moods of Norway, som har butikkar i fem land, har hovudkontor i Stryn.
Sula kommune, Møre og Romsdal
Sula kommune, Møre og Romsdal
Sula kommune vart oppretta i 1977 og er den yngste kommunen i Møre og Romsdal.
Suldal kommune, Rogaland
Suldal kommune, Rogaland
Suldal kommune er ein av dei store kraftkommunane og står for over 70 % av kraftproduksjonen i Rogaland.
Sund kommune, Hordaland
Sund kommune, Hordaland
I Tælavåg i Sund kommune vart to tyske offiserar drepne i 1942, noko som førte til at alle husa i bygda vart brende ned.
Sunndal kommune, Møre og Romsdal
Sunndal kommune, Møre og Romsdal
Med sine 800 tilsette er aluminiumsverket på Sunndalsøra det største i Europa.
Sunnfjord kommune, Vestland
Sunnfjord kommune, Vestland
Førde i Sunnfjord er eit viktig sentrum for nynorsk kultur og nynorske medium, med institusjonar som Teater Vestland og Nynorsk mediesenter.
Surnadal kommune, Møre og Romsdal
Surnadal kommune, Møre og Romsdal
I Surnadal ligg hovudkontoret for Amfi, som er engasjert i 51 kjøpesenter frå Kirkenes til Mandal.
Sveio kommune, Hordaland
Sveio kommune, Hordaland
Komponisten Fartein Valen var frå Valevåg i Sveio kommune, og på grava hans er det reist ein bautastein.
Sykkylven kommune, Møre og Romsdal
Sykkylven kommune, Møre og Romsdal
Sykkylven er ein stor møbelkommune, og rundt ein tredjedel av dei yrkesaktive i kommunen arbeider på møbelfabrikkar.
Sør-Aurdal kommune
Sør-Aurdal kommune
Sør-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Time kommune, Rogaland
Time kommune, Rogaland
Forfattaren Arne Garborg var fødd i Time, og både Garborgheimen, der han voks opp, og Knudaheio, der han budde dei fleste somrane frå 1899, er opne for publikum.
Tinn kommune, Telemark
Tinn kommune, Telemark
I Tinn ligg Vemork kraftstasjon, som norske motstandsfolk i 1943 sprengde for å stoppe den tyske produksjonen av tungtvatn, som vart brukt i utviklinga av atomvåpen.
Tokke kommune, Telemark
Tokke kommune, Telemark
Andre juledag 1884, åtte år før det var lov å bruke nynorske salmar i ei kyrkje, song Høydalsmo kyrkjelyd ”No koma Guds englar".
Tysnes kommune, Hordaland
Tysnes kommune, Hordaland
Tysnes var heimkommunen til forfattaren Johannes Heggland, som skreiv nær 70 bøker i mange ulike sjangrar.
Tysvær kommune, Rogaland
Tysvær kommune, Rogaland
Cleng Peerson, som var leiar for den første gruppa med norske utvandrarar i 1825, kom frå Hesthammar i Tysvær kommune.
Ullensvang herad, Hordaland
Ullensvang herad, Hordaland
Ullensvang kommune, Vestland
Ullensvang kommune, Vestland
Fjellformasjonen Trolltunga i Ullensvang er eit av dei mest populære turmåla i Noreg og trekkjer turistar frå heile verda.
Ulstein kommune, Møre og Romsdal
Ulstein kommune, Møre og Romsdal
I Ulstein ligg tre store skipsverft, Kleven Verft, Rolls Royce og Ulstein Verft. I 2012 vann fotballaget Hødd noregsmeisterskapen i fotball.
Ulvik herad, Hordaland
Ulvik herad, Hordaland
I fruktbygda Ulvik ligg Hjeltnes gartnarskule, på garden der Kristofer Hjeltnes tok til med potetdyrking alt i 1759. I september 2014 opna Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
Vaksdal kommune, Hordaland
I Vaksdal kommune ligg Skipshelleren, ein av dei best kjende steinalderbustadene i landet.
Valle kommune, Aust-Agder
Valle kommune, Aust-Agder
I Valle kommune ligg grenda Rygnestad, som i 2009 fekk status som eitt av tjue særskilt verneverdige og verdifulle kulturlandskap i Noreg.
Vang kommune, Oppland
Vang kommune, Oppland
Nesten 90 % av Vang kommune ligg høgare enn 900 moh.
Vanylven kommune, Møre og Romsdal
Vanylven kommune, Møre og Romsdal
North Cape Minerals, den største olivinprodusenten i verda, held til i Vanylven kommune.
Vestnes kommune, Møre og Romsdal
Vestnes kommune, Møre og Romsdal
Landbruksmuseet på Gjermundnes i Vestnes kommune dokumenterer landbruket i heile fylket og er i dag ein del av Stiftinga Sunnmøre museum.
Vestre Slidre kommune, Oppland
Vestre Slidre kommune, Oppland
På Gardbergfeltet i Vestre Slidre står Einangsteinen, med runeinnskrift på urnordisk.
Vik kommune, Sogn og Fjordane
Vik kommune, Sogn og Fjordane
Vik kommune er den einaste staden i landet der det vert produsert gamalost.
Vindafjord kommune, Rogaland
Vindafjord kommune, Rogaland
Kommunen vart oppretta 2006, då Vindafjord og Ølen, som tidlegare låg i Hordaland, vart slått saman til ein kommune.
Vinje kommune, Telemark
Vinje kommune, Telemark
Vinje kommune er den nest største kommunen i Sør-Noreg og er større enn heile Vestfold fylke.
Volda kommune, Møre og Romsdal
Volda kommune, Møre og Romsdal
Volda kommune har ei lang historie som skulestad, og ved Høgskulen i Volda er det kring 4000 studentar. Kommunen er òg eit viktig sentrum for nynorsk skriftkultur.
Voss herad, Vestland
Voss herad, Vestland
Etter kommunereforma i 2020 er Voss ein av tre norske kommunar som kallar seg herad. Voss herad vart kåra til årets nynorskkommune i 2020.
Voss kommune, Hordaland
Voss kommune, Hordaland
Voss vart i 1921 den første kommunen som kravde nynorsk mål i brevbyte med styresmaktene.
Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane
Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane
Ingen kommunar i Sogn og Fjordane dreg i land større mengder fisk enn Vågsøy.
Vågå kommune, Oppland
Vågå kommune, Oppland
Kvart år går meir enn 60 000 fotturistar over Besseggen, som ligg i Vågå kommune.
Ørskog kommune, Møre og Romsdal
Ørskog kommune, Møre og Romsdal
I 1802 opna klokkar Peter O. Strømme Ørschougs Almuebogsamling, som med sine femti bøker vart det andre utlånsbiblioteket på Sunnmøre.
Ørsta kommune, Møre og Romsdal
Ørsta kommune, Møre og Romsdal
Det var i Ørsta kommune at Ivar Aasen, far til nynorsken, blei fødd og voks opp. Her finn ein òg dei vakre Sunnmørsalpane, som byr på unike naturopplevingar.
Øygarden kommune, Hordaland
I Øygarden kommune er det funne rundt 100 buplassar som er over 4000 år gamle.
Øystre Slidre kommune, Oppland
Øystre Slidre kommune, Oppland
Øystre Slidre er heimkommunen til Ridderrennet, det første skirennet for blinde i verda.
Ål kommune, Viken
Ål kommune, Viken
Ål er den største husdyrkommunen i Buskerud.
Ålesund kommune, Møre og Romsdal
Ålesund kommune, Møre og Romsdal
Ålesund kommune utgjer saman med delar av nabokommunen Sula den største byregionen mellom Bergen og Trondheim. I Ålesund finn vi jugendstilbyen.
Åmli kommune, Aust-Agder
I Tovdal i Åmli kommune ligg Hillestad galleri, som kvart år har utstillingar med nasjonalt kjende kunstnar.
Årdal kommune, Sogn og Fjordane
Årdal kommune, Sogn og Fjordane
I Årdal kommune ligg Vettisfossen, den høgaste ikkje-regulerte fossen i landet, med eit fritt fall på 275 meter.
Åseral kommune, Vest-Agder
Åseral kommune, Vest-Agder
På Sostelid i Åseral kommune finst eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida.