Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Ål kommune. Motivet er åkle-mønsterrå Ål, og symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna i kommunen.
Kommunevåpenet til Ål kommune. Motivet er åkle-mønsterrå Ål, og symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna i kommunen.
X
Innhald

Ål kommune, Buskerud

Ål er den største husdyrkommunen i Buskerud.

Ål kommune, 1173 km2, ligg i Buskerud, har om lag 4700 innbyggjarar og grensar i vest til Hol, i sør til Nore og Uvdal, i aust til Gol og Nes og i nord til Hemsedal og til Lærdal i Sogn og Fjordane.

I 1979 vart eit mindre område overført til Hemsedal, og i 2005 vart eit mindre område overført frå Hol.

Ål kommune er ein fjellkommune i øvre Hallingdal. Over 80 % av kommunen ligg meir enn 900 moh, og det høgaste fjellet er Raubergnuten, 1818 moh. Administrasjonssenteret i kommunen, Sundre, ligg ved den austlege enden av Strandafjorden. Kommunen femner òg om sidedalen Votnadalføret, med fjellgrendene Leveld og Vats, og fjellområde på begge sider av dalføret Hallingdal. Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule, Lien landbruksskule og Ål folkehøgskule og kurssenter for døve. Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.

Den største næringa i kommunen er bygg- og anleggsnæringa, og store delar av industrien er samla i industriområdet ved Kleivi i vestenden av Strandafjorden. Jord- og skogbruk er framleis ei viktig næring. Dei store fjellviddene dreg til seg turistar, men der fleire av nabokommunane har store turistverksemder med høg aktivitet i utelivet også på kveldstid, har Ål kommune ein meir familieretta reiselivsprofil, med om lag 2500 hytter.

Ål Nedre sundre i 1911 Foto Neupert, Herman Christian Kjelde Norsk Folkemuseum CC BY SA 3.jpg?w=600

Nedre Sundre, Ål i 1911. Foto: Herman Christian Neupert. Kjelde: Norsk Folkemuseum. CC BY SA 3.0

Ål kulturhus vart bygd i 1992 og kan mellom anna by på kunstutstillingar og verdas største samling kunstverk av Rolf Nesch. Ål bygdamuseum er ei avdeling av Hallingdal museum. På Torpo, aust i kommunen, står framleis Torpo stavkyrkje frå midten av 1100-talet, medan delar av Ål stavkyrkje, riven i 1880, er utstilte i Stavkyrkjemuseet i Prestegarsdslåven i Ål. Kvar vår vert Den norske folkemusikkveka skipa til på Ål, og i juni vert den årlege Ålutstillinga arrangert.

Hallingdølen er lokalavis for heile Hallingdal og kom med det første nummeret i 1936. Avisa har hovudkontor på Ål, kjem ut tre dagar i veka og er redigert på nynorsk.

I Ål kommune tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919, nynorsk liturgi vart røysta inn i 1934, og nynorsk vart tenestemål i kommunen i 1947. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/18 hadde 86 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det har auka noko sidan byrjinga av 2000-talet.

Solveig Vestenfor (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 19.10.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017