Faktaboks

Etymologi

norrønt áll, ‘stripe, smal renne'

Administrasjonssenter
Ål
Fylke
Buskerud
Innbyggjartal
4 650 (2022)
Landareal
1 081 km²
Høgaste fjell
Raubergnuten (1819 moh.)
Innbyggjarnamn
åling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3328 (frå 2024, tidl. 3043 og 0619)

Kommunevåpen

Kart: Ål kommune i Buskerud
Ål kommune i Buskerud fylke.
Kart: Ål kommune i Buskerud
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Ål

Fjellbygda Leveld i Ål kommune

Ål
Av /NTB Scanpix ※.

Ål er ein kommune i øvre Hallingdal i Buskerud fylke, og omfattar hovuddalføret frå Trillhus til Kleiva med fjelltraktene på begge sider. Desse er klart størst på nordsida, og her har Hallingdal fleire sidedalar mot nordvest. Viktigast av desse er Votndalen som fører opp til fjellbygdene Leveld og Vats. I nord omfattar kommunen delar av fjellområdet Skarvheimen.

Kommunen grensar til Hemsedal i nordaust, Gol i aust, Nesbyen i søraust, Nore og Uvdal i sør, Hol i sørvest og vest, og Lærdal i Sogn i Vestland fylke i nord.

Ål vart oppretta som kommune i 1837 då det kommunale sjølvstyret vart innført. Hol vart utskilt frå kommunen i 1877, og sidan har Ål hatt uendra grenser. I 1979 vart eit mindre område overført til Hemsedal, og i 2005 vart eit mindre område overført frå Hol.

Natur

Hallingdalselva

Ål strekk seg i nordvest til fylkesgrensa mot Vestland fylke. Den er ein utprega fjellkommune, der 81 prosent av arealet er fjell og vidder over 900 meter over havet, og med nesten 1700 sjøar og vatn. Berggrunnen består av grunnfjell i sør, både i sjølve Hallingdal og i fjellet på sørsida. På nordsida av hovuddalføret er grunnfjellet dekt av omdanna kambrosiluriske sedimentslag (fyllitt), og over fyllitten er dei såkalla skyvedekka skyvd fram i kaledonsk tid. Mange av desse er til dels mykje eldre. Skyvedekka består av harde bergartar, mellom anna gabbro, og dei dannar dei høgaste partia i kommunen nord for Votndalen.

Høgaste fjell er Raudbergnuten (1819 meter over havet) på Raudebergskarvet i nordvest, på grensa til Lærdal og Hemsedal, og noko lengre sør Reineskarvet (1791 meter over havet). Sør for skyvedekka er fjellviddene mykje lågare, 1050–1250 meter over havet.

Hallingdal har retning vestsørvest–austnordaust gjennom kommunen, og Hallingdalselva dannar her den lange og smale Strandafjorden (445 meter over havet).

Kommunen har to naturvernområder:

Klima

Kaldaste månad er januar med normal på –6,2 °C, og varmaste månad er juli med normal på 12,4 °C. Mest nedbør er det i august med normal på 82,4 millimeter og minst er det i april med normal på 37,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Oldebråten målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er tettast i hovuddalføret, der ein finn rundt 3/4 av befolkninga til kommunen. Gardane ligg høgt, dei fleste på ein fruktbar sidemorene på nordsida av dalen (solsida). Det er òg ein del gardsbusetnad i sidedalane mot nord (frå vest): Kvindas dalføre med Kvinnegardslie, Votndalen og Lyas dalføre med Oppheimsgrenda. Tettstaden og administrasjonssenteret Ål (Sundre; 2317 innbyggjarar i 2019) ligg midt i hovuddalføret, ved den austlege enden av Strandafjorden. Lenger aust ligg den andre tettstaden til kommunen, Torpo (393 innbyggjarar i 2019). I alt budde 58 prosent av innbyggjarane i tettstadar i 2019, same del som i Hallingdal samla sett.

Folketalet i Ål var stabilt frå andre verdskrigen fram til 1970-åra, deretter har det vist svak vekst eller vore relativt stabilt. I tiårsperioden 2010–2020 hadde kommunen eit stabilt folketal, medan det auka med gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg i Hallingdal samla sett.

Kart over Ål kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Ser ein bort frå offentleg administrasjon og tenesteyting, er næringa byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon den største næringa i Ål med 22 prosent av arbeidsplassane, 29 prosent dersom ein inkluderer industri (2019). Den høge delen kjem av fleire entreprenørfirma med sete i kommunen, likeins ei rekkje handverksbedrifter. Til samanlikning har primærnæringane og varehandel/turisme høvesvis 3 og 12 prosent av arbeidsplassane i Ål (2019).

Jordbruket i Ål er i sterk grad prega av husdyrhald, både storfe, sau og geit. Ål er einaste kommune i fylket med geitehald av betydning. Ål har størst jordbruksareal blant hallingdalskommunane, med mykje eng og beitemark, og mange setrar som framleis er i drift. Det var fram til 2020 noko pelsdyravl (mink, rev) i kommunen.

Viktigaste industribransjar er trelast- og trevareindustri med 43 prosent av industriens sysselsette (2019). Andre viktige bransjar er bergverk, verkstadsindustri og næringsmiddelindustri med høvesvis 22, 13 og 5 prosent av dei tilsette i industrien. Kommunen har elles variert småindustri. Næringsområdet ved Kleiva på grensa til Hol har ein stor del av verksemdene i industrien.

Turistnæringa er av stor betydning for Ål, først og fremst nord for hovuddalføret, der ein finn ei rekkje hotell og pensjonat, leilegheitskompleks og store hytteområde. Relativt sett er viktigheita av turismen likevel mindre i Ål enn i dei andre hallingdalskommunane.

I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka.

Vassdraga er sterkt utnytta til kraftformål, men kommunen har berre seks kraftstasjonar innan grensene sine. Dette gjer Ål til ein mellomstor kraftkommune, med ein samla maskininstallasjon på 198 megawatt (MW) og ein årleg middelproduksjon på 936 gigawattimar (GWh) per 2019. I nordaust er Gyrinosvatn og Flævatn demde opp og utgjer hovudmagasin for Hemsil I i Hemsedal. I nordvest er innsjøane Djup, Stolsvatna, Olsennvatn, Buvatn med fleire demde opp til eit kjempemagasin i nesten 1100 meters høgd, kalla Stolsvannsmagasinet. Vatnet blir utnytta i kraftstasjonar i Hol kommune. Usta kraftstasjon (i drift frå 1965), som er det einaste større kraftverket innan grensene til kommunen, ligg i Sangelie og nyttar vatn frå mellom anna Ustevatnet i Hol. Lenger aust går vatnet i Hallingdalselva i tunnel i fjellet på sørsida av dalen heilt til Nes kraftverk ved tettstaden Nesbyen, sjå Usta–Nes-kraftverka.

Samferdsel

Bergensbanen går gjennom Ål på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo i kommunen. På nordsida av dalen går riksveg 7 (strekninga HønefossHardangerbrua på eit av hovudsambanda mellom Oslo og Bergen). Fylkesveg 2930 fører frå riksveg 7 nordover Votndalen til bygdene Leveld og Vats, likeins opp Kvindas dalføre til Myking.

Det er ei rekkje vegar i fjellet, nokre eldre knytt til seterdrifta, nokre i tilknyting til utviklinga av turisttrafikken i området, og mange i samband med kraftutbygginga. Ein av desse fører over fjellet til Holde bru i Hemsedal, to over til Holsdalføret til høvesvis Hol og Hovet.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Ål stasjon.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

I administrasjonssenteret ligg Ål vidaregåande skule, Ål folkehøgskule og kurssenter for døve, og på Torpo er det landbruksskule (Lien landbruksskule). Ål har lokalmedisinsk senter for Hallingdal. Torpomoen, som ligg på området til den tidlegare heimevernsskulen, er eit regionalt utdannings- og øvingssenter innan HMS.

Ål høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Buskerud tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Ål kommune svarer til dei tre sokna Leveld, Torpo og Ål i Hallingdal prosti (Tunsberg bispedømme) i Den norske kyrkja.

Kommunen er med i Hallingdal interkommunalt politisk råd saman med Flå, Gol, Hemsedal, Hol og Nesbyen.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Ål til Ringerike og Hallingdal fogderi i Buskerud amt.

Delområde og grunnkrinsar i Ål

For statistiske formål er Ål kommune (per 2024) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Sundre: Breie/Strand, Vestlia, Stave, Sundre, Øvre Ål, Kvinnegardslia
  • Torpo/Nordbygden: Uri, Torpo/Torpomoen, Opheim, Satakroken, Sando, Bergsgard, Tveito, Leveld, Søre Vats, Nordre Vats, Reine/Versjøen

Historikk og kultur

Torpo stavkyrkje

Torpo stavkyrkje, som er den eldste bevarte bygninga i Hallingdal, er truleg oppført på slutten av 1100-talet. Den har rik takdekorasjon frå siste del av 1200-talet. Delar av Ål stavkyrkje, riven i 1880, er utstilte i Stavkyrkjemuseet i Prestegarsdslåven i Ål. Både Torpo og Ål fekk nye kyrkjer i 1880, begge er trekyrkjer. Ål kyrkje er prostikyrkje for Hallingdal.

Ål kulturhus vart bygd i 1992 og kan mellom anna by på kunstutstillingar og verdas største samling kunstverk av Rolf Nesch. Ål bygdemuseum er ei avdeling av Hallingdal museum. Museet har i alt 33 hus, mellom anna det intakte tunet på Leksvoll som inneheld ei tingstove, likeins eit par våningshus frå 1600-talet.

Kvar vår vert Den norske folkemusikkveka skipa til i Ål, og i juni vert den årlege Ålutstillinga arrangert.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1984 og har tre enkelttinda sølvruter mot ein raud bakgrunn. Dette speglar husflidstradisjonen i kommunen, her ved eit åklemotiv. Det tredelte motivet viser òg til dei tre sokna til kommunen, Ål, Torpo og Leveld.

Namnet kjem truleg av norrønt áll, ‘stripe, smal renne', og siktar til at bygda ligg i ein trong elvedal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fonnum, Helge med fleire (1952–1969): Aal bygdesoge, fire bind
  • Oppsato, Olav (2007–): Gamle Aal i tekst og bilete, tre bind
  • Søyland, Aud (2006): Me og uss, de og dikko: dialekt i Ål og Torpo
  • Warberg, Thor (2008): Aal bygdesoge: slektssoga, ti bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg