Hopp til innhold

Ålesund kommune, Møre og Romsdal

Ålesund kommune utgjer saman med delar av nabokommunen Sula den største byregionen mellom Bergen og Trondheim. I Ålesund finn vi jugendstilbyen, som er eit av dei viktigaste norske kulturminna frå det 20. hundreåret.

Ålesund kommune, 99 km2, ligg på Sunnmøre og har om lag 46 300 innbyggjarar. Kommunen utgjer eit øyrike som ligg ytst i fjordane på Sunnmøre, og dei største øyane er Hessa, Aspøya, Nørvøya, Uksenøya og Ellingsøya. Ålesund grensar til øykommunen Giske i nordvest, Haram i nord, Skodje i aust, Sykkylven og Sula i sør.

Ålesund blei eigen kommune i 1837. I 1968 blei Ålesund og Borgund slått saman til éin kommune. Dei noverande grensene kom i 1977, då øya Sula blei skilt ut som eigen kommune. Saman med delar av Sula kommune utgjer Ålesund den største byregionen mellom Bergen og Trondheim.  1.1.2020 blir Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog slått saman til ein kommune.

I tillegg til dei større øyane har Ålesund kommune òg ei rekkje mindre øyar der det ikkje bur folk. Landskapet på øyane er kupert, med bratte fjellsider mot nord og vest, og øyane er langstrekte i aust-vestleg retning. Det høgaste fjellet i kommunen er Vasstrandfjellet, 561 moh. Frå utkikkspunktet «Rundskue» på fjellet Aksla, 189 moh., kan ein sjå ned mot sentrum av Ålesund og elles landskapet rundt i alle himmelretningar.

Ålesund by voks fram på slutten av 1800-talet, og grunnlaget for byveksten var eit rikt fiske, med fiskeforedling og eksport. Fiskeindustrien er framleis svært viktig for kommunen, og Ålesund er den leiande eksporthamna for fisk og fiskevarer i Noreg. I tillegg står òg andre maritime næringar sterkt, med verksemder som driv med skipsbygging og skipsdesign, utstyrsleveransar, forsking og utvikling. Offentleg administrasjon og tenesteyting, varehandel, overnatting- og serviceverksemd står òg for ein stor del av arbeidsplassane i kommunen.

I 1904 brann store delar av Ålesund ned til grunnen. Om lag 10 000 av dei 12 000 innbyggjarane blei huslause, og brannen er den største i norsk moderne historie i fredstid. Det tok berre nokre få år før byen var bygd opp att etter den mest moderne arkitekturen på den tida, jugendstilen – opphavleg inspirert av kunsthandverk. Det karakteristiske for jugendstilen er mellom anna bruken av ulike dekorative element –bølgjer, bogar og geometriske former – asymmetri, valmtak eller mansardtak og krysspostvindauge. Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMOS er jugendstilbyen i Ålesund eit av dei viktigaste kulturminna i Noreg frå det 20. hundreåret. Jugendstilsenteret ligg i Apotekergaarden i Ålesund og er eit nasjonalt kompetansesenter for jugendstilen. Her kan besøkjande gjennom ulike utstillingar lære meir om stilarten.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Dagsavisa Sunnmørsposten kjem ut i Ålesund. Avisa dekkjer nyhende på Sunnmøre og blir gitt ut med artiklar både på bokmål og nynorsk.

I Ålesund har 12 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Eva Vinje Aurdal (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Harald Grytten: Hjemsted og by. Ålesund 1948–1998. Ålesund 1998–99

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 3.1.2016]

Erik T. Bøe: «Jugend-juks?», smp.no, publisert 14.3.2008 (oppdatert 19.9.2012): http://www.smp.no/meninger/article134973.ece [lesedato 3.1.2016]

Aud Farstad: «Jugendbyen Ålesund. Fra nasjonsbygging til kulturarv. Arkitektur i Ålesund 1904–2008», byggogbevar.no, publisert 6.2.2015 (oppdatert 12.2.2016): http://www.byggogbevar.no/pusse-opp-gammelt-hus/artikler-byggeskikk-og-arkitektur/jugendbyen-aalesund.aspx [lesedato 3.1.2016]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 3.1.2016]

Nettstaden til Ålesund kommune: http://www.alesund.kommune.no [lesedato 3.1.2016]

Peikarar

Nettstaden til Ålesund kommune

Først publisert: 13.05.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017