Hopp til innhold
 Åmli kommunevåpen har ein bever i sølv mot blå bakgrunn.
Åmli kommunevåpen har ein bever i sølv mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Åmli kommune, Aust-Agder

I Tovdal i Åmli kommune ligg Hillestad galleri, som kvart år har utstillingar med nasjonalt kjende kunstnar.

Åmli kommune, 1131 km2, ligg i Aust-Agder, har om lag 1800 innbyggjarar og grensar i vest til Bygland, i sør til Froland, i aust til Vegårshei og i nord til dei to Telemarks-kommunane Nissedal og Fyresdal. I 1960-åra vart to mindre kommunar slått saman med Åmli kommune, Gjøvdal i 1960 og Tovdal i 1967.

Gjennom kommunen går tre dalføre – dalføret til Nidelva, Tovdal, og Gjøvdal, som er ein sidetal til Nidelv-dalføret. Tovdalselva er varig verna. Administrasjonssenteret Åmli ligg sentralt i kommunen, som har store heiområde. Det høgaste punktet er Trongedalsnuten, 929 moh. Der er fleire verna naturområde i kommunen, mellom anna dei to barskogområda Årdalen og Rukkevatn naturreservat og Furubuheii myrreservat.

Åmli er den nest største skogbrukskommunen i Aust-Agder. Der er òg noko jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald. Kommunen er òg kjend som ein av dei store honningprodusentane i landet. Kommunen har store vasskraftressursar, det største kraftverket er Jørundland i Gjøv.

I Åmli sentrum ligg Elvarheim museum, som mellom anna har faste utstillingar om jakt og fangst. I Åmli sentrum går det ei steinbru over Nidelva, denne brua er ei av dei lengste steinbruene i Nord-Europa.

ÅmliAvisa kom med første nummeret sitt i mars 2008 og har rundt 1150 abonnentar. Avisa vart kåra til Årets nynorskbrukar same året.

I Åmli tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1900 (Tovdal). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923 (Tovdal). Nynorsk var tenestemål i kommunen frå 1926 (Gjøvdal) til 27. mai 2010, då kommunen var språknøytral. Kommunen har to grunnskular. I skuleåret 2009/10 hadde 46 % av elevane ved desse skulane nynorsk. I 2017/2018 er det berre fire prosent.

Reidar Saga (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017