Hopp til innhold
Åseral kommune sitt kommunevåpen med hestesko. Hesteskoen er eit symbol for kor viktig hesten var i fjellbygda i tidlegare tider, både til arbeid og som framkomstmiddel. I tillegg symboliserar hesteskoen hell og lukke.
Åseral kommune sitt kommunevåpen med hestesko. Hesteskoen er eit symbol for kor viktig hesten var i fjellbygda i tidlegare tider, både til arbeid og som framkomstmiddel. I tillegg symboliserar hesteskoen hell og lukke.
X
Innhald

Åseral kommune, Vest-Agder

På Sostelid i Åseral kommune finst eit godt bevart gardsanlegg frå folkevandringstida.

Åseral kommune, 888 km2,  ligg i Vest-Agder, har om lag 900 innbyggjarar og grensar i vest til Kvinesdal og Hægebostad, i sør til Audnedal og i aust og nord til to Aust-Agder-kommunar, Evje og Hornnes og Bygland. Fram til 1880 høyrde Åseral til Aust-Agder fylke.

Åseral femner om øvre del av Mandalen, sidedalane Ljoslandsdalen og Lognadalen og heiområda som ligg rundt. Det administrative senteret i kommunen er Kyrkjebygda, som ligg ved nordenden av Ørevatnet. Her er òg det meste av busetnaden. På kvar side av dalen er der store heiområde, og det høgaste punktet, Skore (1041 moh.), ligg nordvest i kommunen.

Dei viktigaste næringane er jordbruk og skogbruk. Innanfor jordbruket er det mest husdyrhald. Det er lite industri i kommunen, berre fire mindre verksemder. I kommunen er det fem kraftstasjonar, med ein samla årleg produksjon på 1218 GWh. Åseral satsar mykje på turisme, og i kommunen er det tre hyttefelt, det største ligg på Bortelii ved Juvatn nord i Åseral.

Kommunen har to store årlege kulturarrangement. I juli vert Bygdeutstillinga i Åseral arrangert, med salsutstillingar av kunst og kunsthandverk og med over 3000 gjestar. I august vert Eikerasen Roots Festival arrangert. 

Den største avisa i kommunen er Fædrelandsvennen, som har hovudkontor i Kristiansand. Avisa kom med det første nummeret i 1875, kjem ut kvar dag og er redigert på bokmål.

I Åseral tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1928, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 . Kommunen har ein grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 90 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Oddmund Ljosland (Sp) har vore ordførar sidan 2007.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 15. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor http://www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 01.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017