Hopp til innhold
Askøy kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet er teikna av Magnus Hardeland og framstiller ei øy med sjø framfor.
Askøy kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet er teikna av Magnus Hardeland og framstiller ei øy med sjø framfor.
X
Innhald

Askøy kommune, Hordaland

I Askøy kommune på vestlandskysten ligg moreneøya Herdla, som blei skapt på slutten av siste istid, då innlandsisen smelta. Kommunen er omkransa av fjordar, og fiske var tidlegare ein svært viktig leveveg for askøyværingane. I dag har nær halvparten av innbyggjarane arbeidet sitt utanfor kommunegrensene.

Askøy kommune, 101 km2, ligg i Hordaland og har om lag 28 000 innbyggjarar. Kommunen ligg nordvest for Bergen og omfattar øyane Askøy, Hanøy, Herdla og fleire mindre øyar. Byfjorden, Hjeltefjorden og Herdlefjorden omkransar kommunen. Over fjordane grensar Askøy til Radøy kommune i nord, til Meland i nordaust, til Bergen i søraust, til Fjell i sørvest og til Øygarden i nordvest.

Herdlabrua. Foto: tommyhevroy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Herdlabrua. Foto: tommyhevroy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Askøy blei eigen kommune i 1837. Fram til 1918 utgjorde kommunen den sørlege delen av øya Askøy, saman med område på fastlandet sør for Byfjorden. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1964. Då blei den nordre delen av Askøy (som tidlegare hadde høyrt til Meland) overført til kommunen, og i tillegg den austlege delen av Herdla og nokre mindre omkringliggjande øyar. Askøy er den nest største kommunen i Hordaland, og administrasjonssenteret er Kleppestø.

Sjølv om Askøy ikkje ligg ytst i kystlinja, men i ly av Sotra og Øygarden, er kommunen sterkt prega av eit oseanisk klima, på grunn av Hjeltefjorden – med milde vintrar og mykje nedbør. Naturen i kommunen er karakterisert av store kontrastar – i landskap, vegetasjon og jordsmonn. Landskapet er hovudsakleg småkupert og flatt, med Kolbeinsvarden, 231 moh, som det høgaste punktet. I motsetnad til det magre jordsmonnet, med mykje skrinn lynghei i skjergarden i vest, finn ein rikt jordbruksland lenger aust, rundt Ask og Straumsnes, og på øya Herdla heilt nord i kommunen. Herdla har eit heilt unikt landskap, med store flate jorde, vakre strender og grunnar med sand, stein og mudder – eit resultat av dei store lausmassane som blei lagde att her i slutten av den siste istida (for ca. 10 500 år sidan), då innlandsisen smelta.

I tidlegare tider var det fiske som heldt liv i innbyggjarane i Askøy, i kombinasjon med gardsdrift. I vår tid er berre eit fåtal sysselsette i primærnæringane, medan industrien står for kring ni prosent av arbeidsplassane i kommunen. Industriverksemdene finn vi innanfor fiskeforedling, verkstad- og metallindustri, gummi- og plastindustri, bygg- og anlegg og trevareindustri. Offentlege tenester innanfor helse og utdanning står for kring 40 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Askøy har òg svært tette band til Bergen, ettersom ein stor del av dei som bur i kommunen, har arbeidet sitt der. Tal frå 2011 viser at nær 45 prosent av dei arbeidsføre i Askøy kommune arbeider i Bergen.

Dei første spora etter busetnad på Askøy er 7000–8000 år gamle. På Hop finst det ein gravhaug som truleg er frå bronsealderen. Gardane Ask og Herdla var kongsgardar i mellomalderen. Herdla kyrkje blei truleg først bygd på 1100-talet, men kyrkja som står der i dag, er frå 1863. Under andre verdskrigen etablerte tyskarane flåtestasjon i Bakarvågen på Askøy og festning på Herdla. Herdla museum formidlar både historia om korleis moreneøya Herdla blei skapt, om det rike fuglelivet på øya og om den tyske okkupasjonsmakta sine etableringar i kommunen under andre verdskrigen.

Herdla kyrkje. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Herdla kyrkje. Foto: jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Strusshamn kultursenter, heilt sør i kommunen, arrangerer ei rekkje kulturaktivitetar og er ein viktig møteplass i kommunen.

Lokalavisa Askøyværingen kjem ut ein gong i veka, på bokmål.

I Askøy kommune har 1 prosent av skuleelevane, 55 av dei, nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Terje Mathiassen (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Anders Bjarne Fossen: Askøys historie. bd. 1: Fra de eldste tider til 1870. Kleppestø 1999

Anders Bjarne Fossen: Askøys historie. bd. 2: Det nye Askøy blir til 1870–1940. Kleppestø 1996

Anders Bjarne Fossen: Askøys historie. bd. 3: Vår egen tid 1940–1997. Kleppestø 1998

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Bjørn Moe: Kartlegging og verdisetting av naturtyper i Askøy, MVA-rapport 12/2003, Askøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland 2003: http://fylker.miljostatus.no/Global/Hordaland/Dyr%20og%20planter/Biologisk%20mangfald/Askøy_Natyp_2003-12_SMXxV-file1112.pdf [lesedato 26.8.2015]

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 26.8.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 18.8.2015]

Nettstaden til Askøy kommune: http://www.askoy.kommune.no [lesedato 18.8.2015]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 18.8.2015]

Peikarar

Nettstaden til Askøy kommune

Først publisert: 04.07.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017