Hopp til innhold

Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

Christen Jensøn, som i 1646 gav ut den første norske ordboka, Den Norske Dictionarium eller Glosebog, var sokneprest i Askvoll 1636–53.

Askvoll kommune, 326 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 3000 innbyggjarar og grensar i sør til Fjaler, i aust til Gaular og Førde og i nord til Naustdal og Flora.


I 1964 vart delar av dei to kommunane Vevring og Bru slått saman med Askvoll. Kommunen fekk dei noverande grensene i 1990, då eit mindre område vart overført frå Fjaler kommune, samstundes som eit mindre område vart overført andre vegen.

Askvoll kommune ligg på halvøya som er avgrensa av Stavfjorden og Førdefjorden i nord og Dalsfjorden i sør. Til kommunen høyrer òg ei rekkje større og mindre øyar lengre vest. Busetnaden er jamt fordelt over kommunen, som berre har éin tettstad, administrasjonssenteret Askvoll. Dei to fiskeværa Bulandet og Værlandet har òg tett busetnad. I 2003 opna Nordsjøporten, eit vegsamband som med fem bruer bind desse to fiskeværa saman. Det høgaste punktet i kommunen er Blægja, 1304 moh.

Askvoll Værlandet foto thefuturistic flickr com cc by sa 3.jpg?w=600

Askvoll: Værlandet. Foto: thefuturistic, flickr.com CC BY SA 3.0

Fiske og jordbruk er framleis viktige næringar i kommunen. Innanfor jordbruket dominerer mjølkeproduksjon og husdyrhald. Industrien i kommunen er mellom anna knivproduksjon, mekanisk industri, steinindustri og fiskeforedling. Der er fire kraftverk i Askvoll, to i Stongfjorden og to i Skorveelva, og dei har ein årleg produksjon på 43 GWh.

Den første landnåmsmannen på Island, Ingolv Ørnsson (Arnason), kom ifølgje Landnåmabok frå Dalsfjorden, grensefjorden til Askvoll kommune. I Reykjavik er det reist ei stor statue av Ingolv Ørnsson, og i 1961 vart det sett opp ein kopi i Holmedal. På Atløyna og Staveneset er det store helleristingsfelt. I kopargruvene ved Grimelid var det drift i tre periodar mellom 1759 og 1920. Aluminiumsverket ved Stongfjorden, som i 1908 var det første i Norden, vart nedlagt i 1945.

Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og ho dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

I Askvoll tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1890-åra (Holmedal). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1932, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og i skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Frida Melvær (H) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 1. 2005

http://www.askvoll.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017