Hopp til innhold

Audnedal kommune, Vest-Agder

Meistertjuven Ole Høiland, som i 1836 vart dømd for å ha brote seg inn i Noregs Bank og stole 64 000 spesidalar, var fødd og oppvaksen i Audnedal.

Audnedal kommune, 252 km2, ligg i Vest-Agder, har om lag 1700 innbyggjarar og grensar i sør til Lindesnes, i vest til Lyngdal og Hægebostad, i nord til Åseral, og i aust til Marnardal og til kommunen Evje og Hornnes i Aust-Agder.

I 1964 vart dei to kommunane Grindheim og Konsmo slått saman med delar av Bjelland til ein ny kommune, som fekk namnet Audnedal. Lyngdal og Audnedal blir slått saman 1.1.2020.

Det aller meste av busetnaden ligg i Audnedalen, som går gjennom kommunen frå nord til sør. Der er òg busetnad i nokre av sidedalane. Størst konsentrasjon er det rundt administrasjonssenteret Konsmo. Sentralt i kommunen ligg dei to mindre innsjøane Øvre og Ytre Øydnevatn. På begge sider av dalføret er der skogkledde åsar, og rundt to tredjedelar av kommunen er dekt av skog. Det høgaste punktet i kommunen er Ørnemyrfjellet, 578 moh.

Innanfor jordbruket, som er ei viktig næring i kommunen, dominerer husdyrhald. Industrien i kommunen er i hovudsak knytt til skogbruk.

På Ytre Ågedal er der gjort ei rekkje fortidsfunn, som mellom anna viser at garden var eit maktsentrum i folkevandringstida. I det gamle posthuset på Konsmo kan ein mellom anna sjå rommet der Ole Høiland sat fengsla. Frå 1830 til 1910 var det vanleg at born frå Indre Agder arbeidde i Aust-Agder om sommaren, og fleire barnevandringsruter er merkte aust og vest for Konsmo.

Den mest lesne avisa i kommunen er Fædrelandsvennen. Avisa har hovudkontor i Kristiansand, kjem ut alle kvardagar, og dekkjer heile fylket. Avisa kom med det første nummeret i 1875, og vert redigert på bokmål.

I Audnedal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908 (Grindheim). Frå 1938 var nynorsk tenestemål i Konsmo, men etter samanslåinga i 1964 har kommunen vore språkleg nøytral. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 49 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det har vore rundt 50 prosent heile 2000-talet.

Reidun Bakken (KrF) er ordførar frå 2015.

Kjelder

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store norske leksikon, bd. 1. Oslo 2005

Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 20.9.2010]

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Audnedal kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=0822 [lesedato 20.9.2010]

Nettstaden til Audnedal kommune, http://www.audnedal.kommune.no/ [lesedato 20.9.2010]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Vest-Agder fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=10&sok= [lesedato 20.9.2010]

Først publisert: 12.09.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017