Faktaboks

Administrasjonssenter
Falkhytta/Aukra
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
3 518 (2022)
Landareal
61 km²
Høgaste fjell
Eiskremheia (493 moh.)
Innbyggjarnamn
gossing
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Aukra kommune i Møre og Romsdal
Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Aukra kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Aukra

Aukra. Parti ved Oterhalsen, med utsikt mot Røabukta. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Aukra er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, i Romsdal nordvest for Molde. Kommunen omfattar øya Gossen med omliggjande småøyar og området rundt Hollingen ved Julsundet på fastlandet innanfor.

Aukra vart oppretta som kommune i 1837 ved innføring av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen vart Sandøy utskilt som eigen kommune i 1867, og i 1924 vart kommunen delt i to, i høvesvis Nord-Aukra og Sør-Aukra. Ved kommunerevisjonen i 1964 vart Mordals-området ved sørenden av Julsundet overført frå dåverande Nord-Aukra til Molde. Den delen av kommunen som var igjen fekk namnet Aukra. Dei noverande grensene sine fekk Aukra ved kommunereforma i 2020, då den busette øya Orten/Orta og ein del øyar utan busetnad omkring, mellom anna Lyngværet, vart overført frå Sandøy.

Aukra grensar til Molde på fastlandet i søraust. Elles går grensene til kommunen i sjøen: til Molde i Grunnefjorden i sør, til Ålesund i Harøyfjorden/Saltsteinsflesa i vest, og til Hustadvika i Harøyfjorden/Julsundet i nordaust.

Natur

Berggrunnen er i heile kommunen grunnfjell, som er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (den kaledonske orogenese). Den består av ulike typar sterkt omforma gneisar, med mest migmatitt på øyane og mest augegneis på fastlandet. Det er førekomstar av eklogitt både på Gossen og på fastlandet. Høgaste punktet på Gossen er Jærmannburet (99 meter over havet), elles blir øya fylt i sin heilskap av strandflata. Ho er myrlendt, men godt oppdyrka. På øya er det planta ein del skog.

Fastlandet er meir bergfullt. Her ligg det høgaste fjellet i kommunen, Eiskremheia (493 meter over havet) nær grensa til Molde. Også her er det ein del jordbruksland, særleg ved Julsundet i nord. Elles er det noko furu- og lauvskog.

Busetnad

Av befolkninga i Aukra er 74 prosent busette på Gossen (2015). Elles er det ein del busetjing langs kysten på fastlandet, med vel 25 prosent av befolkninga i kommunen. Utanom Gossen har berre Rindarøy i nordvest (bru til Gossen) fast busetjing.

Av Aukra si befolkning bur 55 prosent i spreidd busetjing og 45 prosent i dei to tettstadene, administrasjonssenteret Aukra (Falkhytta) søraust på øya og Hollingen på fastlandet med høvesvis 988 og 750 innbyggjarar (2023). Til samanlikning hadde Møre og Romsdal same år ein tettstadssandel på 71 prosent.

Med unntak av 1980- og 1990-talet då folketalet låg relativt stabilt, har Aukra si befolkning med dagens grenser stige jamt sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2005–2015 auka ho med gjennomsnittleg 1,3 prosent årleg, mot 0,3 prosent i Romsdal og 0,8 prosent i fylket samla sett. Den sterke veksten i denne perioden må sjåast i lys av utbygginga av ilandføringsanlegget til Ormen Lange-feltet.

Kart over Aukra kommune
Kart over Aukra kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Av arbeidsplassane i Aukra er fem prosent i primærnæringane (2014).

Det meste av jordbruksarealet er eng og innmarksbeite, med storfehald som dominerande driftsform. Dei fleste som driv jordbruk i dag, har dette som einaste yrke. Fiskeflåten heimehøyrande i kommunen er relativt beskjeden, og i 2013 var førstehandsverdien på fangsten 4,4 millionar kroner. Det blir hovudsakleg fiska torsk og liknande artar, og dessutan skaldyr, men fangsten blir stort sett ført i land utanfor kommunen. Det blir drive noko havbruk/fiskeoppdrett.

Av arbeidsplassane i kommunen er 26 prosent i industrien, 36 prosent når byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning blir rekna med. Verkstadsindustrien omfattar 81 prosent av dei sysselsette i industrien, med mest bygging av skip og oljeplattformer, samt metallvareindustri og noko næringsmiddelindustri. Nyhamna i Aukra er ilandføringsstad for gassen frå petroleumsfelta Ormen Lange og Aasta Hansteen.

Av kommunens busette yrkesaktive har 42 prosent arbeid utanfor kommunen (2014), dei fleste i Molde (26 prosent) og Fræna (3 prosent).

Samferdsel

Gossen har eit godt utbygd vegnett med ferjesamband frå tettstaden Aukra til fastlandet, herifrå 17 kilometer vegsamband til Molde (fylkesveg 662). Frå Småge på Gossen går det ferje til øyane Sandøya, Finnøya, Orta og Ona i Ålesund kommune.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Aukra høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Romsdal regionråd saman med Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma og Vestnes.

Aukra kommune svarer til soknet Aukra i Molde domprosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Aukra til Romsdal fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Aukra

For statistiske formål er Aukra kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 13 grunnkrinsar: Horrem, Småge, Oterhalsen, Løvik, Sæter, Sporsem, Bakkemyr, Nerbø, Falkhytta, Hjertvik, Hukkelberg, Hollingen og Eidskrem.

Historikk og kultur

Aukra har fleire gravrøysar og buplassar frå jern- og bronsealder. Ei stor arkeologisk utgraving i samband med utbygginga av Ormen Lange-feltet i 2003–2004 avdekte òg buplassar frå steinalderen. Desse skal vere daterte så langt tilbake som til 9000 år før byrjinga av tidsrekninga vår, og utgjorde ein del av den såkalla Fosnakulturen.

Flyplassen nordvest på Gossen er laga til av den tyske okkupasjonsmakta, som tvangsevakuerte 800 av dei rundt 2000 fastbuande innbyggjarane på øya under andre verdskrigen. Likevel budde det til saman rundt 8000 personar på Gossen under krigen. Dette var for det meste tyske soldatar, tvangsarbeidarar og krigsfangar.

Roktamonumentet på vestsida av Rindarøya vart reist i 1991 til minne om redningsdåden på Hustadvika 3. april 1938, då frakteskuta Rokta forliste under ein orkan. Seks av mannskapet på tolv vart redda under ein dramatisk redningsoperasjon. To av redningsmennene mista livet.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent 1987) har to gullringar mot ein blå bakgrunn. Motivet har som utgangspunkt ein armring frå mellomalderen, og symboliserer samhald og rotfeste.

Namnet Aukra (skrive Akerø/Agerø på 1800-talet) er etter garden og kyrkjestaden Aukra aust på øya, og kjem av norrønt Aukrin, av akr, ‘fer', og vin, ‘naturleg eng'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Julnes, Johan: Bygdebok for Aukra : gard og slekt, 1987, fire bind
  • Opstad, Kristian, red.: Bygdeboka, 1983–1984, to bind

Kommentarar (2)

skreiv Heidi Hoksnes Sørli

De arkeologiske utgravningene i forkant av Ormen Lange, avdekket bosetning fra tidlig steinalder og framover i tid : http://www.ntnu.no/vitenskapsmuseet/omtaler-tidligere-utgravinger - bla nedover til Ormen Lange - land, Aukra, Møre og Romsdal

skreiv Georg Kjøll

Hei Heidi. Takk for innspill og for at du tipser om dette. Jeg har nå lagt til et avsnitt om utgravingene og at det også finnes boplasser fra steinalderen på Aukra. Med vennlig hilsen, Georg KjøllRedaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg