Hopp til innhold

Aukra kommune, Møre og Romsdal

Dei eldste spora av menneske i Noreg er frå rundt 9200 f.Kr., og dei vart funne i noverande Aukra kommune.

Aukra kommune, 59 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 3200 innbyggjarar og grensar i vest til Sandøy, i nord og aust til Fræna og i sør til Molde og Midsund.
 
I 1867 vart Sandøy skilt ut som eigen kommune. I 1924 vart Aukra kommune delt i Nord-Aukra og Sør-Aukra. Eit mindre område vart overført frå Nord-Aukra til Molde i 1964. I 1965 vart Sør-Aukra slått saman med Midsund, og same året skifta Nord-Aukra namn til Aukra.
 
Det meste av busetnaden i kommunen finn vi på øya Gossen. Kommunen inkluderer òg småøyane rundt Gossen og området Julsundet på fastlandet. Administrasjonssenteret ligg på Falkhytten på Gossen. Berre ei av småøyane, Rindarosen nordvest for Gossen, har fast busetnad. Gossen er relativt flat, medan området på fastlandet er meir kupert. Det høgaste punktet i kommunen, Eikremheia, 493 moh., ligg på fastlandet.
 
Industrien i Aukra er knytt til havet – skipsverft, offshoreindustri, fiskeoppdrett og fiskeforedling. Gassen frå Ormen Lange-feltet vert ført i land i Nyhamna, der gassen etter foredling vert vidaresend til England, gjennom den lengste undersjøiske gassleidningen i verda. Der er litt jordbruk og fiske i kommunen.
 
I Aukra er det fleire gravrøyser og buplassar frå jern- og bronsealderen. Løvikremma gardsmuseum er ei avdeling av Romsdalsmuseet og held ope kvar sommar.
 
Den største avisa i kommunen er regionavisa Romsdals Budstikke, som har hovudkontor i Molde. Avisa er av dei eldste i landet og kom med det første nummeret alt i 1843. Avisa kjem ut alle kvardagar og er redigert på bokmål.
 
I Aukra tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1924, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 58 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Dette har synke frå om lag 75 % ved milleniumsskiftet.
 
Bernhard Riksfjord (Ap) har vore ordførar sidan 2007.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 1. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor http://www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 01.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017