Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Aure viser ein klippfisk i sølv mot blå bakgrunn.
Kommunevåpenet i Aure viser ein klippfisk i sølv mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Aure kommune, Møre og Romsdal

Aure kommune på nordmørskysten består av ei rekkje små og store øyar og har ein rik tradisjon for båtbygging og klippfiskproduksjon.

Aure kommune, 643,93 km2, ligg i Møre og Romsdal og har om lag 3550 innbyggjarar. Kommunen ligg heilt ved fylkesgrensa til Sør-Trøndelag og grensar til Smøla og Hitra nord for Edøyfjorden og Hemne i aust. I sør grensar kommunen til Halsa og Tingvoll og over Talgsjøen i vest til Kristiansund.

Dei noverande grensene fekk kommunen i 2006, etter ei samanslåing av Aure og Tustna. Den einaste tettstaden er Aure, som òg er administrasjonssenter. Andre og mindre bygder er Aresvik, Foldfjorden, Lesund, Mjosundet, Stemshaug, Todal og Ålmo.

Aure omfattar fastlandsområdet sør for Trondheimsleia og i tillegg øyane Tustna, Stabblandet, Storøya, Ertvågsøya, Grisvågøya, Lesundøya og Skardsøya. Her finst òg fleire mindre øyar. Innerbergsalen, med sine 908 moh., er det høgaste fjellet i kommunen.

Jordbruk og fiske står sterkt i Aure. I Mjosundet på Ertvågsøya finst i dag to skipsverft, og Statoil sitt industrianlegg på Tjeldbergodden er ein stor og viktig arbeidsplass i kommunen.

Kommunen har ein rik kystkultur, med båtbygging og klippfisktradisjon, og under hollendartida på 1600-talet var Aure ei sentral utskipingshamn for tømmer. I Kråksundet blei den første moderne klippfiskproduksjonen etablert i Noreg, då hollendaren Jappe Ippes i 1691 fekk godkjenning og einerett frå kongen til å setje i gang med tilverking og eksport. Kråksundet sjøbruksmuseum gir i dag innblikk i fiskerihistoria på nordmørskysten. Kystkulturen pregar òg kommunevåpenet til Aure, som viser ein sølvfarga klippfisk mot blå bakgrunn.

Lokalavisa Nordvest-Nytt kjem ut tre gonger i veka og dekkjer nyhende frå kommunane Smøla og Aure.

I Aure har 70 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk. Aure er, saman med Surnadal, dei nordlegaste kommunane med nynorsk-elevar på alle stega i skulen. 

Ingunn Oldervik Golmen (Sp) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 4.7.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 4.7.2015]

Nettstaden til Aure kommune: http://www.aure.kommune.no [lesedato 4.7.2015]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 4.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Aure kommune: http://www.aure.kommune.no

Først publisert: 17.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017