Hopp til innhold

Aurland kommune, Sogn og Fjordane

I Aurland kommune ligg Flåmsbana, ei av dei brattaste jernbanestrekningane på normalspor i verda.

Aurland kommune, 1468 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 1700 innbyggjarar og grensar i nord til Vik, i nord og aust til Lærdal, i aust til Hol i Buskerud, i sør til Ulvik og i sør og vest til Voss i Hordaland. Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1837.

Kommunen ligg på begge sider av Aurlandsfjorden, ein sidearm til Sognefjorden. Frå fjorden stig bratte fjellsider opp, og over 80 prosent av kommunen ligg høgare enn 900 moh. Det høgaste punktet i kommunen er Blåskavlen, 1809 moh. Administrasjonssenteret Aurlandsvangen er den einaste tettstaden i kommunen. Busetnaden er konsentrert om dei nedre delane av fire dalar – Aurlandsdalen, Flåmsdalen, Nærøydalen og Undredalen.

AURLAND stegastein Aurlandsfjellet foto Jakob Hürner CC BY SA 3.jpg?w=600

Stegastein på Aurlandsfjellet. Foto: Jakob Hürner CC BY SA 3.0

Reiseliv er den viktigaste næringsgreina i kommunen. Både Aurlandsfjorden, som går inn til Flåm, og sidearmen Nærøyfjorden, som går inn til Gudvangen, dreg til seg store mengder cruiseskip kvart år. Stamvegen mellom Bergen og Oslo går gjennom kommunen, og Lærdalstunnelen, mellom Aurland og Lærdal, er med sine 24,5 kilometer den lengste vegtunnelen i verda. Innanfor jordbruket er husdyrhald vanlegast, og Aurland er den kommunen i fylket som har flest geiter. Aurland skofabrikk har produsert aurlandsko sidan 1940-åra.

Flåmsbana opna i 1940 og går frå Flåm til Myrdal. Bana fraktar kvart år rundt ein halv million passasjerar og er med det ein av dei best besøkte turistattraksjonane i landet. Ruta gjennom den ville Aurlandsdalen er ein populær fottur.

AURLAND aurlandsdalen foto Ania flickr com CC BY SA 3.jpg?w=600

Vikjaneset i Aurlandsdalen. Foto: Ania, flickr.com CC BY SA 3.0

I november 2006 vart den årlege festivalen Nynorske Litteraturdagar arrangert første gongen, og det skjedde i Aurland.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Aurland tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Noralv Distad (H) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 1. 2005

http://www.aurland.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 09.07.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017