Faktaboks

Administrasjonssenter
Storebø
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
5 283 (2022)
Landareal
114 km²
Høgaste fjell
Loddo (243 moh.)
Innbyggjarnamn
austevolling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4625 (frå 01.01.2020, tidlegare 1244)

Kommunevåpen

Kart: Austevoll kommune i Vestland
Austevoll kommune i Vestland fylke.
Kart: Austevoll kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Austevoll (Hufthamartunet)

Austevoll. Hufthamartunet, eit bygdetun med gamle hus karakteristiske for området. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Austevoll er ein kommune i Vestland fylke, sør for Bergen. Kommunen ligg mellom Krossfjorden i nord, Langenuen i aust, Selbjørnsfjorden i sør og Nordsjøen mot vest.

Austevoll er den største øykommunen i landet som ikkje er landfast. Austevoll kommune har totalt 667 øyar, holmar og skjer, og av desse er det fast busetnad på Huftarøy, Selbjørn, Hundvåko, Stolmen, Stora Kalsøy, Drøna, Rostøya, Møkster og Litla Kalsøya. Det er fritidsbusetnad på langt fleire øyar.

Austevoll kommune vart oppretta som eigen kommune i 1886 ved utskiljing frå Sund kommune. I 1964 vart søre delane av øyane Huftarøy og Selbjørn overførde frå Fitjar kommune.

Natur

Berggrunnen i Austevoll høyrer til den kaledonske faldesonen og består for størstedelen av djuperuptiv. I nord, nord for ei line Matvika-Oterå på Huftarøy, er det mest granitt, i sør er det for størstedelen gabbro. I overgangen mellom dei to områda er det nord på Selbjørn ei stripe med fyllitt og glimmerskifer av kambrosilurisk alder, men sterkt omdanna i kaledonsk tid (sjå kaledonsk orogenese).

Landskapet er småkupert og skogbert. Berre på Huftarøy når det over 200 meter over havet. Høgaste topp er Loddo på 244 meter over havet.

Steinevik naturreservat på vestsida av Selbjørn har til føremål å ta vare på det typiske landskapet for dei ytste kyststroka i Hordaland, med eit ope og ujamt lende med butte bergnabbar, torvmyr og lyngsletter. Dette landskap er elles i ferd med å gror igjen. Sjøfuglvern, mellom anna ein liten skarvekoloni, i Vestre og Indre Mågabøl, Myrbærholmen og Kvitingen naturreservat.

Busetnad

Dei største øyane er samanknytte med bruer. Der bur snaut 99 prosent av innbyggjarane i kommunen (2017). Av dei busette øyane er berre Møkster og Litla Kalsøya utan fast vegtilknyting med resten av kommunen. Størst folketal har Huftarøy som med dei to tilliggande øyane Drøna og Rostøya har 2933 innbyggjarar eller 57 prosent av folketalet i kommunen (2017).

Administrasjonssenteret Storebø (1634 innbyggjarar 2021), som ligg nord på Huftarøy, vart kommunesenter i 1964. Før dette var den gamle handels- og gjestgjevarstaden Bakholmen kommunesenter. Bekkjarvik (572 innbyggjarar 2021) på Selbjørn er den andre tettstaden i kommunen. I 2020 budde i alt 41 prosent av innbyggjarane i Austevoll i tettstader mot 80 prosent i heile fylket.

Etter andre verdskrigen hadde Austevoll eit relativt stabilt folketal fram til midten av 1980-tallet. Seinare viste det ei lita auke, som vart sterkare frå siste halvdel av 1990-talet. I tiårsperioden 2007–2017 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 1,6 prosent årleg, mot 1,3 prosent i heile dåverande Hordaland.

Kart over Austevoll kommune
Kart over Austevoll kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket i Austevoll er beskjedent og er prega av ein gjennomsnittleg bruksstorleik på om lag halvparten av gjennomsnittet for fylket. Det vert hovudsakleg drive med saue- og storfehald. På Huftarøy og Selbjørn finst ein del villsau som går ute heile året.

Primærnæringane utgjer likevel 22 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019), grunna den omfattande fiskeriverksemda. Austevoll er den klart viktigaste fiskerikommunen i tidlegare Hordaland, både etter sysselsetjing og fangstmengde. Fiskarane heimehøyrande i kommunen førte i land ein fangst til ein fyrstehandsverdi på 1480,3 millionar kroner i 2015, 59 prosent i av den samla fangstverdien i heile fylket. Berre ein mindre del av fangsten blei ilandført i kommunen, men Austevoll har likevel 44 prosent av den ilandførte fangsten i fylket etter verdi (2015). Også i landsmålestokk er fiskerinæringa i kommunen betydeleg. Austevoll har til dømes Noregs største ringnotflåte, med omlag 25 store farty. Det vert også drive fiskeoppdrett i stor målestokk i kommunen.

Austevoll har tre store offshorereiarlag med Dof Rederi som det største, samt North Sea Shipping og Shipman som også er store.

Industrien omfattar 12 prosent av arbeidsplassane i Austevoll, 19 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd/kraft- og vassforsyning (2019). Industrien er heilt dominert av næringsmiddelindustri (i fyrste rekkje fiskeforedling) og verkstadindustri med høvesvis 57 og 34 prosent av sysselsetjinga i industrien (2019). Innanfor fiskeforedlinga er Austevoll Seafood ASA største føretak, eit føretak som også driv med fiskeoppdrett og dessutan stor verksemd i andre store fiskerinasjonar som Peru og Chile. Tekstilindustrien, i all hovudsak reparasjon og produksjon av garn og nøter, utgjer resten av industrinæringa i Austevoll.

Av dei busette yrkestakarane i kommunen har 13 prosent arbeid utanfor kommunen, seks prosent i Bergen og i alt to prosent i kommunane i Sunnhordland og Fusa, Samnanger og Os (2020).

Reiseliv

Austevoll vert kvart år vitja av mange frå inn- og utland, og reiselivet i Austevoll er i god utvikling. Det finst overnattingstilbod av ulik art på fleire av øyane, flest i sør. Bekkjarvik er den største gjestehamnen, og Bekkjarvik Gjestgiveri har ein meir enn 300 år gamal, kontinuerleg drift. Kommunen har dei siste åra fått ei rekkje mindre utleigehytter.

Austevoll kommune kjøpte i 2005 Marstein fyr frå Kystverket og vil i ei stifting blant anna utvikle fyret og holmen til eit reisemål.

Samferdsle

Austevoll har hurtigbåtsamband med Bergen og Sunnhordland. Det er ferjesamband frå Hufthamar (Huftarøy) til Krokeide i Fana (Fv. 556) og fra Husavik (Huftarøy) til Sandvikvåg (E 39) på Stord. Det er hurtigbåtsamband til øyane Møkster, Litlakalsøy, Hevrøy (fritidsbustadøy), Sandtorv (fritidsbustadøy) og Lunnøy. Denne båten går både frå Hufthamar og frå Bekkjarvik.

Austevoll har med sine mange øyar hatt trong for å byggja bruer for å knyta kommunen saman. Kommunen har arbeidd med dette sidan 1950-1960-talet gjennom eit eige kommunalt selskap, Austevoll bruselskap AS. I 2007 vart dette arbeidet sluttført. Dei store bruprosjekta var:

  • Selbjørnsbrua mellom Huftarøy og Selbjørn (1980)
  • Stolmabrua mellom Selbjørn og Stolmen (1998)
  • Bakkasundsbrua mellom Hundvåkøy og Storekalsøy (1999)
  • Austevollsbrua mellom Huftarøy og Hundvåkøy (2007)

Offentlege institusjonar

Austevoll vidaregåande skule/Austevoll Maritime Skule på Storebø (tidlegare Fiskarfagskulen i Austevoll) tilhøyrande Hordaland fylkeskommune, vart bygd i 1978 og fekk ei større utviding i 2010. På Storebø ligg og Forskningsstasjonen Austevoll under Havforskningsinstituttet. Innseglingsfyret Marstein ligg på ei av småøyane i Krossfjorden ved det sørlege innløpet til Bergen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Austevoll høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Samarbeidsrådet for Sunnhordland sammen med Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Austevoll kommune svarar til soknet Austevoll i Fana prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Austevoll til Nordhordland fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Austevoll

For statistiske føremål er Austevoll kommune (per 2016) delt inn i i to delområde med til saman 12 grunnkrinsar:

  • Ytre Austevoll: Storekalsøy/Horgo, Møkster, Litlekalsøy, Stolmen/Hevrøy, Nordre Selbjørn/Lunnøy, Søre Selbjørn
  • Indre Austevoll: Vinnes, Kolbeinsvik/Drøna-Rostøy-området, Haukanes/Bratten, Storebø-området, Hundvåkøy, Sandtorv

Historie og kultur

Hundvåko var frå 1600-talet ein kyrkjestad i Austevoll og hadde frå 1600-tallet til 1891 hovudkyrkja i soknet. Før 1600-talet var kyrkja på øya Sandtorv og i 1891 stod ny hovudkyrkje ferdig på Storebø. Kyrkjer finst også i Bekkjarvik og på Møkster.

På Stolmen og fleire av dei andre ytre øyane er det gjort funn som viser at området vart busett kort etter at landet vart isfritt for rundt 10 000 år sidan. Like ved ferjekaia på Hufthamar ligg Hufthamartunet, der det eldste huset er ei røykstove frå 1600-talet.

Marsteinen er lokalavis for kommunen og kjem ut ein gong i veka. Avisa vert redigert frå Storebø, og redaksjonsspråket er nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har fire sølvfarga sildet på skrå oppover mot ein blå bakgrunn, og viser til dei rike fiskeritradisjonane i kommunen. Kommunevåpenet er teikna av John Digernes frå Haugesund.

Namnet Austevoll er eigentleg eit gardsnamn frå øya Hundvåko, og kjem av aust og voll, som mest truleg kjem av at garden ligg aust på øya.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Austevoll, 1978-1986, 2 b. (Kultursoge med serietittel: Austevollsoga)
  • Fett, P.: Austevoll prestegjeld, 1968 (Førhistoriske minne i Midhordland, 6)
  • Tufteland, J.: Austevoll: gard og ætt, 1978-91, 3 b.

Kommentarar (3)

skreiv Gunn Næss

Eg lurer på kva for skriftspråk som er vald? For dette var ein underleg blanding av nynorsk og bokmål.industri.Det er fleire industribedrifter i kommunen, burde ikkje dei vera nemde?mvh. Gunn

skreiv Svein Askheim

Burde du ikke nevne Austevoll Seafood og Austevoll Kraftlag?

skreiv Geir Thorsnæs

Tekniske problemer har medført at en oppdatering/utvidelse av denne artikkelen, i sin helhet på nynorsk, ikke er registrert i basen. Den vil bli tilgjengelig om kort tid.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg