Hopp til innhold

Austrheim kommune, Hordaland

Det vestlegaste punktet på det norske fastlandet, Vardetangen, ligg i Austrheim kommune.

Austrheim kommune, 57 km2, ligg i Hordaland, har om lag 2600 innbyggjarar, og grensar i vest til Fedje, i sør til Radøy, i aust til Lindås og Masfjorden og i nord til Gulen i Sogn og Fjordane.
 
Kommunen vart i 1910 skilt ut frå Lindås. I 1947 vart Fedje skilt ut som eigen kommune, og i 1964 vart eit mindre område overført til Radøy.
 
Austrheim er stort sett ein øykommune, men inkluderer òg den nordvestlege spissen av Lindåshalvøya. Dei mange øyane er bundne saman av 13 bruer. Det meste av busetnaden er på dei tre største øyane, Fosnøy, Bakkøy og Njøten, og på fastlandet. Administrasjonssenteret Årås, som ligg på Fosnøy, er den einaste tettstaden i kommunen. Landskapet er prega av låge lyngkledde heier, og det høgste punktet i kommunen er Litlåsfjellet, 109 moh.
 
Delar av raffineriet på Mongstad ligg i Austrheim, og er den viktigaste arbeidsplassen i kommunen. Fiske og jordbruk, som tidlegare var dei dominerande næringane, er no så godt som borte.
 
Ved Fosnstraumen, mellom Fosnøy og Radøy, er det mange bustader frå steinalderen.
 
Avisa Strilen dekkjer kommunane i Nordhordland og Gulen i Sogn og Fjordane, og vart grunnlagt i 1961. Avisa har hovudkontor i Knarvik, kjem ut tre gonger kvar veke, og vert redigert på nynorsk.
 
I Austrheim tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/17 har 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Per Lerøy (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd 1. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 01.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017