Hopp til innhold
Averøy kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet til Averøy har tre gullfarga pilespissar på raud bakgrunn og viser til eit arkeologisk funn ved Bremsneshatten.
Averøy kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet til Averøy har tre gullfarga pilespissar på raud bakgrunn og viser til eit arkeologisk funn ved Bremsneshatten.
X
Innhald

Averøy kommune, Møre og Romsdal

For å kome til Averøy kommune på nordmørskysten kan ein køyre den verdskjende Atlanterhavsvegen. Det er denne vegen som knyter den vesle øykommunen til fastlandet i sør.

Averøy kommune, 175 km2, ligg på Nordmøre og har om lag 5800 innbyggjarar. Øykommunen består av Averøya, som utgjer mesteparten av kommunen sitt areal, og ei rekkje mindre øyar, mellom anna Storsandøya, Hasløya, Tjønnøya, Langøya, Ramsøya, Honningsøya, Rangøya, Sveggøya og Ekkilsøya. Kommunen ligg ut mot Norskehavet og grensar elles til Eide kommune i sørvest, Gjemnes i søraust og Kristiansund i nordaust.

Averøy blei eigen kommune i 1964, då Kvernes kommune blei slått saman med Bremsnes og Kornstad sine delar av Averøya og nokre mindre øyar i nærleiken. Dei noverande grensene fekk kommunen då Eldhusøya blei overført frå Eide kommune i 1984. Administrasjonssenteret er Bruhagen. Andre tettstader er Kårvåg og Langøy. Busetnaden i kommunen er svært spreidd, og under 20 prosent bur på tettstadene.

Det vesle øyriket er skilt frå fastlandet av Kornstadfjorden, Kvernesfjorden og Bremsnesfjorden. Den vakre Atlanterhavsvegen, som i 2005, i samband med 100-årsmarkeringa for unionsoppløysinga, blei kåra til hundreårets byggverk i Noreg, knyter Averøy til Eide kommune i sør. Nordfrå kjem ein til kommunen via den underjordiske Atlanterhavstunnelen. Der kommunen grensar mot havet, finn vi landskap med strandflater, myr og lynghei. Vestover mot Hustadvika, som er eit av dei farlegaste havstykka langs norskekysten, har kystlinja eit meir variert og opprive landskap. Det høgaste fjellet i kommunen er Mekknøken, 750 moh.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Fiske og jordbruk har tradisjonelt vore viktige levevegar i Averøy, og i dag utgjer desse primærnæringane om lag 9 prosent av sysselsetjinga i kommunen. Averøy har ein stor fiskeflåte og fleire fiskeoppdrettsanlegg. Også industrinæringa, som sysselset om lag 19 prosent av innbyggjarane, er knytt tett opp mot fiskerinæringa. Averøy kommune er den største arbeidsgivaren, med om lag 400 tilsette.

Kommunevåpenet til Averøy har tre gullfarga pilespissar på raud bakgrunn og viser til eit arkeologisk funn ved Bremsneshatten. Her blei det funne to pilespissar i skifer, karakteristiske for fangstfolk i Nord-Skandinavia i yngre steinalder. Funnet indikerer at det har vore busetnad på Averøy allereie 3000–1500 f.Kr.

Kvernes stavkyrkje. Kvernes stavkyrkje er ei av dei yngste stavkyrkjene i landet, bygd på 1300-talet. Denne typen stavkyrkjer blir kalla Møretypen. Foto: Martha de Jong-Lantink, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kvernes stavkyrkje. Kvernes stavkyrkje er ei av dei yngste stavkyrkjene i landet, bygd på 1300-talet. Denne typen stavkyrkjer blir kalla Møretypen. Foto: Martha de Jong-Lantink, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Tidens krav, som kjem ut i Kristiansund, er lokalavis for Averøy og andre kommunar på Nordmøre.

I Averøy har alle skuleelevane bokmål som hovudmål (tal frå 2014). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 3.1.2016]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2016]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 5.1.2016]

Nettstaden til Averøy kommune: http://www.averoy.kommune.no [lesedato 5.1.2016]

Peikarar

Nettstaden til Averøy kommune

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 01.07.2019