Hopp til innhold

Balestrand kommune, Sogn og Fjordane

Kviknes Hotel i Balestrand er ein av dei største trebygningane i Skandinavia.

Balestrand kommune, 430 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 1350 innbyggjarar og grensar til Høyanger og Gaular i vest, til Førde og Jølster i nord, til Luster, Sogndal og Leikanger i aust og til Vik på sørsida av Sognefjorden.

I 1850 vart Balestrand skilt ut frå Leikanger kommune. Kommunen fekk dei noverande grensene i 1964, då to område vart flytta til Vik og Leikanger, samstundes som Kvamsøy sokn gjekk frå Vik til Balestrand.

Balestrand ligg på nordsida av Sognefjorden, på begge sider av Fjærlandsfjorden. Det aller meste av busetnaden ligg langs fjorden, med størst konsentrasjon rundt Fjærland inst i fjordarmen, og i administrasjonssenteret Balestrand, som ligg ved inngangen til Fjærlandsfjorden. Det høgaste punktet i kommunen ligg på Jostefonni (1615 moh.), ein isbre som tidlegare var ein del av Jostedalsbreen.

BALESTRAND fjorden foto Bote Schijff cc by sa 3.jpg?w=600

Sognefjorden ved Balestrand. Foto: Bote Schjiff CC BY SA 3.0

Reiseliv har lenge vore ei viktig næring for kommunen, heilt frå den tidlege turismen på 1800-talet. Kviknes Hotel er det største i kommunen og tok til med hotelldrifta alt i 1877, men det finst òg fleire mindre overnattingsstader. I kommunen er det både jordbruk og skogbruk, og klimaet er òg godt for frukt- og bærdyrking. Balholm AS leverer økologisk drikke til butikkar over heile landet. Det finst fleire mindre industriverksemder, som mellom anna produserer klede og landbruksutstyr.

Sidan midten av 1800-talet har mange kunstnarar budd i Balestrand. I dag finst det framleis eit aktivt kunstnarmiljø, og det finst fleire mindre galleri i bygda. I sentrum ligg Sognefjord Akvarium, som syner livet i og rundt Sognefjorden. Norsk Reiselivsmuseum vart stifta i 1995 og skal arbeide med kulturhistoriske emne knytte til turismen i dei fire vestlandsfylka. Den årlege jazzfestivalen Balejazz vart første gongen arrangert i 1989.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Balestrand tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1934, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har tre grunnskular, og i skuleåret 2017/2018 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Harald N. Offerdal (Ap) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 2. 2005

http://www.balestrand.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 15.07.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017