Hopp til innhold
Kommunevåpenet viser ei borg i sølv på fjellgrunn.
Kommunevåpenet viser ei borg i sølv på fjellgrunn.
X
Innhald

Bergen kommune, Hordaland

Bergen er den nest største kommunen i Noreg etter folketal og har gjennom heile si historie vore eit viktig sentrum for internasjonal handel og sjøfart. Byen er kjend for regnet, og det kjem nedbør gjennomsnittleg 213 dagar i året.

Bergen kommune, 465 km2, ligg i Hordaland fylke og har ca. 275 000 innbyggjarar. Utanom Os i sør og delar av Samnanger i søraust dekkjer kommunen heile Bergenshalvøya. I tillegg til dei to som er nemnde, ligg desse kommunane rundt Bergen: Askøy, Meland, Lindås, Osterøy, Vaksdal, Austevoll, Sund og Fjell. Over 80 prosent av innbyggjarane i Hordaland bur i Bergen og det nærmaste omlandet.

Dei noverande grensene fekk kommunen etter samanslåinga med Arna, Fana, Laksevåg og Åsane i 1972. Samstundes blei Bergen, som tidlegare hadde vore eit eige fylke, òg ein del av Hordaland fylkeskommune. Bergen er i dag administrasjonssenter for Hordaland fylke og sete for Bjørgvin bispedøme og Gulating lagmannsrett. Fiskeridirektoratet, Sjøforsvaret, Norsk Internasjonalt Skipsregister og Konkurransetilsynet har òg sine hovudkontor her.

Lokalisert ved vestkysten av Noreg har Bergen eit mildt og fuktig kystklima. I gjennomsnitt er 213 døgn med nedbør i løpet av året. Og i 2015 blei det sett ny nedbørsrekord, med heile 1468,7 mm nedbør for perioden januar–mai. Kommunen har eit kupert landskap, der dei sju byfjella Sandviksfjellet, Fløyfjellet, Rundemannen, Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn er viktige landemerke. Det høgaste fjellet i kommunen er Gullfjelltoppen, på grensa mot Samnanger, med sine 987 moh. Bykjernen ligg omtrent midt i kommunen, ved Byfjorden i den nordlege delen av Bergensdalen.

Byen Bergen har hatt problem med dårleg luftkvalitet om vinteren. Dette kjem av vêrfenomenet inversjon, noko Bergen som ligg mellom sju fjell er spesielt utsett for. I videoen under forklarar meteorolog Kjersti Opstad Strand kva inversjon er:

Video med løyve frå NRK for Allkunne

Bergensregionen har eit mangfaldig næringsliv. Heilt sidan byen blei grunnlagd i 1070, har Bergen vore eit viktig sentrum for internasjonal handel og sjøfart. I dag står regionen for kring 18 prosent av den maritime omsetninga i Noreg. Andre tradisjonelle næringar er bank, finans og forsikring, verkstadindustri og offentleg forvaltning. Marine- og petroleumsrelaterte næringar står òg sterkt, i tillegg til reiseliv, medium, IT og kultur. Dei siste åra er det blitt satsa aktivt for å skape tettare band mellom forsking og næringsliv, for å stimulere til vidare økonomisk vekst i regionen. Av viktige utdannings- og forskingsinstitusjonar finn vi Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole, Høyteknologisenteret og Chr. Michelsens Institutt.

galleri

I 2010 byrja Bybana å gå i Bergen, og sidan den tid er dette blitt eit svært populært kollektivtilbod. Frå sommaren 2016 går Bybana mellom Bergen sentrum og Flesland. Ei vidare utbygging av bana til bydelane Fyllingsdalen og Åsane er under planlegging, men dei ulike trasévala er blitt gjenstand for stor debatt i kommunepolitikken. Samstundes har ein i Bergen dei siste åra hatt store problem med forureina og helsefarleg luft, hovudsakleg på grunn av biltrafikk og vedfyring i kombinasjon med kaldt vêr og lite vind. I 2010 blei den tverrpolitiske Byluftlisten skipa for å kjempe for løysingar som skulle føre til betre luftkvalitet, og året etter blei dei valde inn i bystyret. Frå 2016 har bystyret i Bergen innført køprising for å redusere biltrafikken på dagar med fare for høg forureining.

Bergen kommune har eit rikt kulturliv. Bergen Filharmoniske Orkester, med si 250 år gamle historie, har status som nasjonalorkester og har base i Grieghallen. Festspillene, i slutten av mai og byrjinga av juni kvart år, tilbyr arrangement innanfor musikk, teater, opera og dans. Det er den største festivalen i Norden i sin sjanger. Den Nationale Scene og Carte Blanche, Noregs nasjonale kompani for samtidsdans, er andre viktige kulturinstitusjonar. Av fleire museum kan ein nemne KODE – Kunstmuseene i Bergen og Universitetsmuseet i Bergen.

Bergen har ein sterk tradisjon for buekorps. Sjå video under:


Bergens Tidende, med redaksjon i Bergen, er regionavis for Vestlandet, med tyngdepunkt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Med eit opplag på over 70 000 er det den største avisa i landet utanfor Oslo. Avisa har artiklar både på bokmål og nynorsk. Bergensavisen er den nest største avisa i kommunen, og i tillegg finst det fleire mindre lokalaviser, mellom anna Fanaposten, Bygdanytt, Årstadposten og Åsane Tidende. Også dei kristne riksavisene Dagen og Norge IDAG har redaksjon i Bergen. Både NRK Hordaland, som er NRK sitt største distriktskontor, og TV 2 har hovudkontora sine her.

I 2019 blei Bergen kåra til Noregs mest attraktive by av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statens Attraktiv by-pris blir årleg delt ut til ein by for bærekraftig by- og stadsutvikling. 

Om lag to prosent av skuleelevane i Bergen kommune, 550 elevar i skuleåret 2017/2018, har nynorsk som hovudmål. I 2005 gjorde kommunen vedtak om nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Marte Mjøs Pedersen (Ap) har vore ordførar sidan 2015. Byrådsleiar er Harald Schjelderup (Ap), og er utgått frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 2.3.2015]

Jan Bolstad: «Bergen med nye vêrrekordar», nrk.no, 28.5.2015: http://www.nrk.no/hordaland/bergen-med-nye-verreko... [lesedato 11.6.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 2.3.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 2.3.2015]

Nettstaden til Bergen kommune: https://www.bergen.kommune.no [lesedato 2.3.2015]

Offisiell reiselivsside for Bergen: http://www.visitbergen.com [lesedato 28.5.2015]

Region Bergen: http://www.regionbergen.no [lesedato 11.6.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 2.3.2015]

Peikarar

Nettstaden til Bergen kommune: https://www.bergen.kommune.no

Bergen byleksikon: http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/

Først publisert: 02.03.2016
Sist oppdatert: 03.06.2019