Hopp til innhold

Bjerkreim kommune, Rogaland

Bjerkreim kommune er den nest største sauekommunen i landet og har ei av dei beste lakseelvane i Noreg.

Bjerkreim kommune, 651 km2, ligg i nordre del av Dalane i Rogaland og har om lag 2800 innbyggjarar. Kommunen grensar til Gjesdal i nord, Sirdal i aust, Eigersund i sør og Hå og Time i vest.

Bjerkreim kommune, Rogaland_ill Stina Aasen Lødemel ved kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 3.0 NO.png?w=600

Kart som viser Bjerkreim kommune si plassering i Rogaland fylke. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel ved kartgrunnlag Kartverket CC BY-SA 3.0 NO.

Bjerkreim blei skilt ut som eigen kommune i 1837. Etter ei grenseregulering i 1965 blei Nedre Maudal overført frå Bjerkreim til Gjesdal kommune. Busetnaden i Bjerkreim er hovudsakleg konsentrert til områda langs Bjerkreimselva sør i kommunen. Tettstader er Vikeså og Bjerkreim, med den førstnemnde som administrasjonssentrum i kommunen.

Bjerkreim. Foto: Alf S. Ognedal med løyve for Allkunne.

Bjerkreim. Foto: Alf S. Ognedal med løyve for Allkunne.

Bjerkreim er ein innlandskommune med rik og variert natur. Nord i kommunen er det fjell og dalar som dominerer. Den høgste fjelltoppen er Vinjakula, 907 moh., og det største vatnet er Ørsdalsvatnet. I dei sørlege delane finn vi lågareliggjande område, godt eigna til jordbruk. Bjerkreimselva er rekna som ei av dei beste lakseelvane i landet og er eit av dei største vassdraga i Rogaland. I Bjerkreim og nabokommunen Gjesdal ligg òg Gloppedalsura, som blir rekna som den største steinura i Nord-Europa – skapt for ca. 10 000 år sidan, då isbreane smelta frå Gloppedalen.

Jordbruket var tidlegare den viktigaste levevegen i kommunen og står framleis for om lag 20 prosent av sysselsetjinga (tal frå 2014). Jordbruket har hovudsakleg vore basert på sauedrift, og Bjerkreim er den nest største sauekommunen i Noreg. Industri sysselset ca. 15 prosent av innbyggjarane (2014). Mykje nedbør og mange småvatn har skapt gode vilkår for kraftproduksjon, og det blir òg satsa på vindkraft. Også offentleg sektor står for mange arbeidsplassar i kommunen.

Det har vore busetnad i Bjerkreim så langt tilbake som for 5000–6000 år sidan, og i Uadalsområdet på Storrsheia like nord for Vikeså finn vi restar etter eit fullstendig gardsanlegg frå jernalderen. Sidan 1970-åra har Bjerkreimsmarken vore ein årleg folkefest i kommunen.

Lokalavisa Dalane Tidende dekkjer kommunane Bjerkreim, Eigersund, Sokndal og Lund. Avisa kjem ut tre gonger i veka, med artiklar både på nynorsk og bokmål.

I Bjerkreim tok skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk blei tenestespråk i kommunen i 1932, men kommunestyret i Bjerkreim har i dag vedteke nøytral målform i administrasjonen. Bjerkreim kyrkjelyd har nynorsk som liturgispråk. 96 % av elevane i kommunen har nynorsk som hovudmål (2017).

Torbjørn Ognedal (Sp) er ordførar frå 2015.

Kjelder

Sem Austrumdal: Bjerkreim – skipreida, herad og kyrkjesokn. Stavanger 1932

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 15.1.2015]

Nettstaden til Bjerkreim kommune: https://www.bjerkreim.kommune.no/?MId1=2424 [lesedato 15.12.2014]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 15.1.2015]


Peikarar

Nettstaden til Bjerkreim kommune

Først publisert: 12.08.2015
Sist oppdatert: 18.12.2017