Faktaboks

Administrasjonssenter
Fylke
Vestfold og Telemark (frå 01.01.2020, tidlegare Telemark)
Innbyggjartal
6 630 (2019)
Landareal
258 km²
Høgaste fjell
Jøronnatten (1275 moh.)
Innbyggjarnamn
bøhering
Kommunenummer
0821 (fram til 2020)

Kommunevåpen.

Bø

Bø i Telemark. Kommunesenteret omkring Bø jernbanestasjon. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Bø var ein kommune i Telemark fylke. Han vart slått saman med Sauherad til Midt-Telemark kommune i 2020 som ledd i ei landsomfattande kommunereform.

I 1867 vart Lunde skilt ut frå Bø som eigen kommune. Sidan den tid har det vore tre grensereguleringar, i 1883 vart to mindre område overførte, eitt frå Heddal og eitt frå Seljord, og i 1914 vart eit mindre område overført frå Sauherad.

Kommunen omfatta Bøelvas dalføre frå tre kilometer ovanfor Gvarv til Seljordsvatnet, heiene sør og nord for hovuddalen, og dessutan delar av Lifjell. Tettstaden , som var administrasjonssenter i Bø kommune, vart vidareført som administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune.

Natur

Bøelva renn gjennom heile bygda, som er prega av vide dalar og skogkledde åsar. Busetnaden er spreidd, med ein viss konsentrasjon rundt administrasjonssenteret Bø og tettstaden Folkestad. I nord går åsane over i snaufjell, med det høgaste punktet Jøronnatten (1275 meter over havet) på grensa til Seljord.

Næringsliv

Jordbruk er ein viktig næringsveg, og bruka i Bø er større enn gjennomsnittet for fylket. Det meste av arealet vert brukt til kornproduksjon, men her er òg husdyrhald og fruktdyrking. Ein av dei store arbeidsplassane i kommunen er Bø-avdelinga av Høgskulen i Telemark, som frå 1974 til 1994 heitte Telemark distriktshøgskule. Reiselivsnæringa er i vekst.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bø kommune svarte til soknet Bø i Øvre Telemark prosti.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bø til Nedre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bø

For statistiske formål var Bø kommune (per 2019) delt inn i to delområde med til saman 20 grunnkrinsar:

  • Bø nordre: Øvre Bø, Forberg 1, Verpe, Vreim, Oterholt, Folkestad 1, Folkestad 2, Vatnar, Valen
  • Bø sentrum: Eikjabygda 1, Bø, Langkåshaugen 2, Sandvin/Røysum/Lia, Breisås 1, Breisås 2, Breisås/Borgja, Flatin, Langkåshaugen 1, Eikjabygda 2, Forberg 2

Historikk og kultur

Kommunen har to mindre museum, Bø bygdemuseum på Oterholt, som er ei avdeling av Telemark Museum, og Østerli Bygdetun på Lifjell. Telemarkfestivalen, det største folkemusikkarrangementet i fylket, vart stifta i 1990 og vert arrangert kvar sommar. Bø Blad, lokalavisa for Bø, vart grunnlagt i 1986. Avisa har hovudkontor i Bø, kjem ut kvar torsdag og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1988) hadde tre feler i gull på raud bakgrunn og viser til spelemanns- og felemakartradisjonen som har stått sterkt i kommunen.

Kart

Bø

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Jon Halvor SVALBJØRG

Bø har bare ett hotell. Det er også merkelig at det ikke står noe om Bø Sommarland under næring. En av de største næringene er turisme, og Sommarland har i snitt ca. 130 000 besøkende i året

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg