Hopp til innhold

Bø kommune, Telemark

I Bø kommune ligg aktivitetsparken Bø Sommarland, som opna i 1985 og har rundt 200 000 gjester kvart år.

Bø kommune, 263 km2, ligg i Telemark, har om lag 5400 innbyggjarar og grensar i sør til Nome, i vest til Seljord, i nord til Notodden og i aust til Sauherad.
 
I 1867 vart Lunde skilt ut som eigen kommune. Sidan den tid har det vore tre grensereguleringar, i 1883 vart to mindre område overførte, eitt frå Heddal og eitt frå Seljord, og i 1914 vart eit mindre område overført frå Sauherad. 1.1.2020 blir Sauherad og Bø slått saman.
 
Bøelva renn gjennom heile kommunen, som er prega av vide dalar og skogkledde åsar. Busetnaden er spreidd, med ein viss konsentrasjon rundt administrasjonssenteret Bø, og rundt Folkestad, den andre tettstaden i kommunen. I nord går åsane over i snaufjell, og det høgaste punktet i kommunen, Jøronnatten (1275 moh.) ligg på grensa til Seljord.
 
Jordbruk er ein viktig næringsveg, og bruka i kommunen er større enn gjennomsnittet for fylket. Det meste av arealet vert brukt til kornproduksjon, men her er òg husdyrhald og fruktdyrking. Ein av dei store arbeidsplassane i kommunen er Bø-avdelinga av Høgskulen i Telemark, som frå 1974 til 1994 heitte Telemark distriktshøgskule. Reiselivsnæringa er i vekst.
 
Kommunen har to mindre museum, Bø bygdemuseum på Oterholt, som er ei avdeling av Telemark Museum, og Østerli Bygdetun på Lifjell. Telemarkfestivalen, det største folkemusikkarrangementet i fylket, vart stifta i 1990 og vert arrangert kvar sommar.
 
Bø Blad, lokalavisa for Bø, vart grunnlagt i 1986. Avisa har hovudkontor i Bø, kjem ut kvar torsdag og er redigert på nynorsk.
 
I Bø tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 31 % av elevane ved desse skulane nynorsk. I 2009/2010 var det 50 %.
 
Olav Kasland (V) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 3. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 19.08.2018