Hopp til innhold

Bokn kommune, Rogaland

Skipsleia går gjennom Boknasundet, mellom Vestre og Austre Bokn, og restane etter gravrøyser i området vitnar om at leia har vore brukt lenge.

Bokn kommune, 48 km2, ligg i Rogaland, har om lag 820 innbyggjarar og grensar i sør til Kvitsøy og Rennesøy, i aust til Finnøy, i nord til Tysvær og i vest til Karmøy.

Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1849, då han vart skilt ut frå Skudenes (noverande Karmøy).

Bokn er ein øykommune, der tre av dei over 120 øyane har busetnad – Vestre Bokn/Loten, Austre Bokn og Ogn (Ognøy). Vestre Bokn er den største øya. Her er landskapet relativt flatt nær strandlinja, men innover på øya stig landet opp til Boknafjellet (293 moh.), det høgste punktet i kommunen. Administrasjonssenteret Føresvik ligg òg på Vestre Bokn. Vegutbygginga i området har gjort at det er kort reisetid både til Haugesund og Stavanger.

Jordbruk og fiske er framleis dominerande i kommunen, og fleire kombinerer desse næringane. I jordbruket er det mest sauehald og mjølkeproduksjon, i fisket er det mykje fiskeoppdrett. Kommunen har lite industri, men det finst ein plastvarefabrikk i Føresvik.

Den mest lesne avisa i kommunen er Haugesunds Avis, som kom med det første nummeret i 1895. Avisa har hovudkontor i Haugesund, dekkjer alle kommunane i Sunnhordland og på Haugalandet, kjem ut alle kvardagar, og er redigert på bokmål.

I Bokn tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har éin grunnskule, og i skuleåret 2017/18 har 97 % av elevane nynorsk.

Tormod Våga (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 2. 2005

http://www.bokn.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 09.07.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017