Hopp til innhold

Bømlo kommune, Hordaland

I 1024, på det første riksmøtet i landet, grunnla Olav Tryggvason den norske kyrkja på rikstinget på Moster, som ligg i Bømlo kommune.

Bømlo kommune, 235 km2, ligg i Hordaland, har om lag 11 100 innbyggjarar og grensar i nord til Austevoll, i aust til Fitjar og Stord og i sør til Sveio og Haugesund i Rogaland.

Bømlo vart skilt ut frå Finnås i 1916. I 1963 vart Bremnes og Moster slått saman med Bømlo. I 1970 vart eit mindre område overført til Stord, og i 1995 vart eit mindre område overført frå Fitjar.

Bømlo ligg ved innløpet til Hardangerfjorden, på nordsida av fjorden. Kommunen er ein øykommune og er fordelt på over tusen øyar. Den største øya i kommunen er Bømlo, som utgjer rundt 70 % av arealet. Andre store øyar er Goddo og Moster. Busetnaden er spreidd over heile kommunen, med konsentrasjon rundt administrasjonssenteret Svortland og tettstadene Mosterhamn, Rubbestadneset, Finnås og Langevåg. Med unntak av Espevær og Geitung er alle øyane med busetnad knytte saman med bruer. Bømlo fekk landfast samband då Trekantsambandet opna i 2001. Det høgaste punktet i kommunen er Siggjo, 474 moh.

Bømlo Stokksundet foto Richard Protchard flirvkr com CC BY SA 3.jpg?w=600

Stokksundet. Foto: Richard Pritchard, CC BY SA 3.0

Jordbruk og fiske er framleis viktige næringar. Bømlo er ein av dei største fiskerikommunane i fylket. Fire industriverksemder har over 100 tilsette, og desse verksemdene arbeider alle med produkt som kan knytast til havet. Den største verksemda er Wärtsila, som lagar framdriftsanlegg for skip.

Moster gamle kyrkje er av stein og er frå rundt 1150. Det årlege Mostraspelet, som handlar om då kristendommen vart innført i Noreg, vert framført i Moster Amfi, ei tidlegare kalksteingruve som er omgjord til eit amfi med plass til 1300 menneske. Johannes Heggland har skrive manuset til spelet. Det finst fleire spor etter ulike former for steinindustri i kommunen, mellom anna ved Løkling, der det frå 1884 til 1910 vart teke ut over 200 kilo gull.

Bømlo-Nytt, den mest lesne avisa i kommunen, kom med det første nummeret i 1973. Avisa kjem ut tre gonger i veka, har hovudkontor på Finnås og er redigert på nynorsk.

I Bømlo tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919 (Moster og Bremnes). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1929 (Moster), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1925 (Bremnes). Skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane i Bømlo nynorsk.

Odd Harald Hovland har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 3. 2005

http://www.bomlo.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 09.07.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017