Hopp til innhold

Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Firebandsverket Kringla, som kom i 1911 og som er det nynorske bokverket som har selt mest, vart utgitt av forleggaren Gudveig Høyem, som var frå Bremanger.

Bremanger kommune, 833 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 4000 innbyggjarar og grensar i sør til Flora, i sør og aust til Gloppen, i aust og nord til Eid og i nord til Vågsøy.

Bremanger vart skilt ut frå Kinn kommune i 1866. I 1964 vart eit mindre område overført til Flora, og i 1965 vart Davik kommune slått saman med Bremanger.

Bremanger er den vestlegaste kommunen i Nordfjord og ligg på sørsida av fjorden. Brorparten av kommunen er på fastlandet, men kommunen femner òg om tre store øyar, den største av dei er Bremangerlandet. Det finst fleire isbrear i Bremanger, den største er Ålfotbreen, og det høgaste punktet i kommunen ligg like ved denne breen, Gjegnen (Blånibba), 1670 moh. Det best kjende fjellet i kommunen er Hornelen, som reiser seg rett opp frå havflata til 900 meters høgd. Administrasjonssenteret i kommunen er Svelgen, som ligg inst i fjordarmen Nordgulen.

BREMANGER KAlvåg i solnedgang foto FairyHeart flickr com CC BY SA 3.jpg?w=600

Kalvåg i Bremanger. Foto: Fairy Heart, flickr.com CC BY SA 3.0


Den viktigaste næringsvegen i kommunen er industri, med Elkem Bremanger som den største verksemda. Der er òg litt industri knytt til fiskeforedling og trevare. Langs Nordfjord er det litt jordbruk, og mange lever òg av fiske. Bremanger ligg i eit nedbørsrikt område, og nedbøren er grunnlaget for den store kraftproduksjonen i området. Så godt som alle dei større vassdraga er fullt utbygde.

I Bremanger ligg det største helleristingsfeltet i Nord-Europa, Vingen, med rundt 4000 bilete. På begge sider av Skatestraumen er det spor etter rundt 150 bustader frå sein steinalder og tidleg bronsealder, og i det same området er det funne 4000 år gamle reiskapar som stammar frå Austersjøområdet.

Firdaposten vert redigert frå Florø og er lokalavis for dei to kommunane Flora og Bremanger. Avisa kom med det første nummeret i 1948, kjem ut tre dagar i veka og er redigert på nynorsk.

I Bremanger tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1915, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har sju grunnskular, og i skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Audun-Åge Røys (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 2. 2005

http://www.bremanger.kommune.no/

http://www.ssb.no/kommuner/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.wwv.no/

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017