Frå Bygland og nordover møter ein det særprega setesdalslandskapet med bratte, ofte nakne fjellsider som stuper ned frå dei omliggjande fjell- og heiområda. Berggrunnen høyrer i heile kommunen til grunnfjellet, for det meste gneis og kvartsitt, truleg danna i tidsrommet for 1100–800 millionar år sidan. I nokre område rundt nordenden av Åraksfjorden, og dessutan lengst nordvest i kommunen, nær grensa til Valle, finst det granitt. I sistnemnde område finn ein det høgaste fjellet til kommunen, Reinshornheii (1162 meter over havet).
Strukturen i gneisområda, altså i det meste av kommunen, har ei strøkretning i berggrunnen som går frå nord-sør til nordvest-søraust, noko som blir spegla i fjell- og åsrygger og vassdrag. Lausmassar finst for det meste i dei lågareliggjande områda, og særleg i hovuddalføret.
Meir enn 2/3 av arealet ligg høgare enn 600 meter over havet og dermed over skoggrensa. På fjellviddene når fleire toppar over 1000 meter over havet i vest, men ingen i aust. Skiljet mellom vestlands- og austlandsklima går gjennom kommunen. Fjellet i Bygland har vore brukt til jakt, fiske og beite frå gammalt av, og alt frå sist på 1800-talet byrja området å bli besøkt av turistar.
Byglandsfjorden med Åraksfjorden ligg sentralt i kommunen, har ei samla lengd på 34 kilometer og ligg 203 meter over havet. Elva Otra renn igjennom denne.
Kommunen har ni naturvernområde:
- Bjoruvstøl naturreservat, skogvern, 966,5 dekar, verna i 2017
- Staven naturreservat, skogvern, 555,6 dekar, verna i 2019
- Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde, dyreliv- og landskapsvern, 2 331 474,6 dekar, verna i 2000
- Underforlii naturreservat, skogvern, 1560,2 dekar, verna i 2019
- Vestedjan naturreservat, myrvern, 260,1 dekar, verna i 1986
- Gardefjellet naturreservat, skogvern, 17 215,7 dekar, verna i 2019
- Årdalen naturreservat, skogvern, 21 260,3 dekar, verna i 1993
- Kviteflogi naturreservat, skogvern, 7 018,5 dekar, verna i 2021
- Heddeviksfjell naturreservat, skogvern, 437,7 dekar, verna i 2017
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.