Hopp til innhold

Bygland kommune, Aust-Agder

Bygland kommune var i 1890 ein av dei to første kommunane som tok i bruk nynorsk som opplæringsspråk i skulen.

Bygland kommune, 1312 km2, ligg i Aust-Agder, har om lag 1250 innbyggjarar og grensar i nord til Valle, i aust til Fyresdal i Telemark og Åmli, i sør til Froland og Evje og Hornnes og i vest til Sirdal i Vest-Agder.

Kommunen ligg midt i Setesdal, og den 34 km lange innsjøen Byglandsfjorden strekkjer seg gjennom nesten heile kommunen. Dei fleste i kommunen er busette ved denne innsjøen, i dei to tettstadene Bygland på austbreidda og Byglandsfjord ved utløpet i sør. På begge sider av dalen er det store fjellområde, og rundt 70 % av kommunen ligg over skoggrensa. Det høgaste punktet i kommunen er Reinshornheii, 1162 moh.

Bygland. Bjoren. Marit Simonstad Kvaale, med løyve for Allkunne

Bjoren. Foto: Marit Simonstad Kvaale, med løyve for Allkunne.

Sjølv om store delar av kommunen ligg over skoggrensa, er skogbruk ein viktig næringsveg, ofte kombinert med jordbruk. Også industrien er knytt til skogsdrift, med sagbruk og trevareindustri. I kommunen finst det òg ein plastfabrikk. Der er fleire sølvsmedar i kommunen, som mellom anna nyt godt av den aukande turisttrafikken gjennom Setesdal, slik tilfellet òg er med turisthotella og hytteutleigarane.

Bygland 2 foto Marit Simonstad Kvaale med løyve for Allkunne.jpg?w=600

Bygland. Foto: Marit Simonstad Kvaale, med løyve for Allkunne.

I nordenden av Byglandsfjord ligg Ose kulturverkstad, som mellom anna har ei stor samling musikkinstrument. Den vedfyrte dampbåten «Bjoren», som gjekk i trafikk frå 1867 til 1957, er verna av Riksantikvaren. Båten er restaurert, og han trafikkerer Byglandsfjorden om sommaren. Bygland museum har mellom anna ei røykstove frå rundt 1650. Ose Countryfestival vart første gongen arrangert i 1983. Festivalen vart nokre år arrangert andre stader, men har sidan 2004 vore lagd til Ose kvart år.

Avisa Setesdølen vert redigert frå Bygland, men dekkjer heile Setesdal. Avisa kom med det første nummeret i 1975, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Bygland tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1890. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1908, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Leiv Rygg Langerak (Sp) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 3. 2005

http://www.bygland.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017