Hopp til innhold

Bykle kommune, Aust-Agder

Bykle er den største kommunen i Aust-Agder.

Bykle kommune, 1265 km2, ligg i Aust-Agder, har om lag 960 innbyggjarar og grensar i sør til Valle, til Sirdal i Vest-Agder og til Forsand i Rogaland, i vest til Hjelmeland og Suldal i Rogaland, i nord til Vinje i Telemark og i aust til Tokke i Telemark.
 
Bykle vart skilt ut frå Valle i 1902, og etter det har grensene har vore uendra.
 
Kommunen er den nordlegaste i Setesdal, og det aller meste av busetnaden ligg i denne dalen. Her er to tettstader, Hovden og administrasjonssenteret Bykle. På begge sider av Setesdal er det store heiområde. Sæbyggjenuten, 1507 moh., er det høgste punktet i fylket og ligg heilt aust i kommunen.
 
Jordbruket var ei viktigare næring tidlegare, gjerne i kombinasjon med jakt eller fiske. Den store næringa i kommunen i dag er reiseliv, spesielt i områda rundt Hovden, der det har vore store utbyggingar. Øvre Otra er utbygd og har gitt kommunen store inntekter. Holen kraftverk er det største i kommunen og har ein årleg produksjon på 888 GWh.
 
I myrene rundt Hovden var det tidlegare utvinning av jern, og denne utvinninga var truleg av dei viktigaste i landet. I 1990 opna Jernvinnemuseet på Hovden, som dokumenterer denne historia. Jernvinnemuseet er ei avdeling av Setesdalsmuseet, som også har to andre avdelingar i Bykle, Huldreheimen og Lislestog, som begge har vore private samlingar av eldre bygningar. Rundt Hovden er det fleire skitrekk, og det er òg lagt godt til rette for andre aktivitetar, både sommar og vinter.
 
Avisa Setesdølen vert redigert frå Bygland, men dekkjer heile Setesdal. Avisa kom med det første nummeret i 1975, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Bykle tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1902. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1926, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 92 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Jon Rolf Næss har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 3. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017