Hopp til innhold

Dovre kommune, Oppland

I Dovre kommune ligg delar av tre nasjonalparkar, mellom anna Rondane, som i 1962 vart den første nasjonalparken i Noreg.

Dovre kommune, 1364 km2, ligg i Oppland, har om lag 2800 innbyggjarar og grensar i sør til Sel, i vest til Vågå og Lesja, i nord til Oppdal i Sør-Trøndelag, og i aust til Folldal i Hedmark.

Kommunen vart skild ut frå Lesja kommune i 1863, og den einaste seinare endringa av kommunegrensene kom i 1970, då eit mindre område vart overført til Folldal.

Så godt som all busetnad i kommunen er i Gudbrandsdalen, som skjer gjennom dei vestlege delane av kommunen. Der ligg òg dei tre tettstadene i kommunen, Dombås, Dovreskogen og administrasjonssenteret Dovre. Meir enn halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i og ved Dombås. Aust for Gudbrandsdalen er det store fjellområde, med toppar over 2000 meter både på Dovrefjell og i Rondane. Det høgaste punktet i kommunen er Snøhetta, som med sine 2286 moh. er det høgaste norske fjellet utanfor Jotunheimen.

Nærleiken til naturen gjer at turisme og reiseliv er store næringar i kommunen, og her er fleire fjellstover og andre overnattingsverksemder. Landbruk er òg ei viktig næring, og her er litt industri, først og fremst steinindustri, trevareindustri og bygg- og anleggsverksemder. Tine-meieriet på Dovre produserer mellom anna ostane Snøhetta og Reinheimen.

Meir enn 70 % av arealet i kommunen er verna. Delar av nasjonalparkane Rondane, Dovre og Dovrefjell-Sunndalsfjella ligg i kommunen. Dombås Nasjonalparksenter har utstillingar og arrangement knytte til desse parkane, og både i Rondane og på Dovrefjell finst det mykje brukte fotturruter. Over Dovrefjell, langs E6 og Dovrebanen, kan ein gå den gamle kongevegen mellom Trondheim og Oslo. På Hjerkinn ligg Norsk Villreinsenter Nord. På Dovrefjell lever dei einaste ville moskusane i Noreg.

Dovre Moskus Foto Kjell Jørgen Myrtveit CC BY SA 2.jpg?w=600

Foto: Kjell-Jørgen Myrtveit. CC BY SA 2.0


Den mest lesne avisa i kommunen er Gudbrandsdølen Dagningen, som vert redigert frå Lillehammer. Avisa kom med det første nummeret i 1997, etter at dei tre avisene Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer og Dagningen slo seg saman. Avisa dekkjer heile Gudbrandsdalen, kjem ut seks dagar kvar veke, og er redigert på bokmål.

I Dovre tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1919. Kommunen har ikkje gjort vedtak om tenestemål, og er altså språkleg nøytral. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Bengt Fasteraune (Sp) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store Norske Leksikon, bd. 4. Oslo 2005

Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/home/index.jsf [lesedato 2.3.2011]

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Dovre kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=511 [lesedato 2.3.2011]

Nettstaden til Dovre kommune, http://www.dovre.kommune.no/ [lesedato 2.3.2011]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Oppland fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=5&sok= [lesedato 2.3.2011]

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 18.12.2017