Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Drangedal kommune.
Kommunevåpenet til Drangedal kommune.
X
Innhald

Drangedal kommune, Telemark

Skogskommunen Drangedal i Telemark er heimkommunen til den folkekjære artisten Sputnik.

Drangedal kommune, 1062 km2, ligg søraust i Telemark og har i underkant av 4200 innbyggjarar. Kommunen grensar til Kviteseid og Nome i nord, Skien og Bamble i aust, Kragerø i søraust, Gjerstad i sør og Nissedal i vest.

Drangedal blei etablert som eigen kommune i 1837, og grensene har ikkje endra seg etter den tid. Prestestranda er administrasjonssentrum. Andre bygder er Tørdal, Drangedal og Kroken.

Drangedal kommune ligg kring innsjøen Toke, omkransa av store skog- og heiområde med eit rikt dyreliv. Naturen er òg prega av tallause vatn, tjern og elvar. Det høgaste fjellet er Fagerlihei, 911 moh.

Jord- og skogbruk, bygg- og anlegg og transport er viktige næringar, som står for til saman kring 29 prosent (2013) av sysselsetjinga i kommunen. Offentlege tenester, mellom anna utdanning og helse, står for ca. 37 prosent. Dei siste åra er òg turisme blitt ein viktig leveveg, med vintersportstaden Gautefall som ein av hovudattraksjonane.

Drangedal bygdetun er eit friluftsmuseum med gamle gardsbygningar frå området. Vest for Prestestranda finn vi restar etter bygdeborga «Gråtoppslottet», som truleg var brukt av Hallvard Gråtopp – leiaren for eit større bondeopprør på 1400-talet. I Bostrak i Tørdal ligg Sputnikmuseet, som formidlar karrieren til den folkekjære artisten Knut «Sputnik» Storbukås.

Lokalavisa Drangedalsposten kjem ut éin gong i veka og blir redigert på bokmål.

I Drangedal har sju prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (2017). Det er elevane på Tørdal skule. Drangedal kommune har vedteke nøytral målform i administrasjonen, noko som inneber at offentlege dokument kan skrivast både på bokmål og nynorsk.

Karianne Sydtveit Reiten (Ap) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Guro Nordby: Drangedal 1900–2000. Utvikling og kulturhistorie. Drangedal 2005

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 13.1.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 13.1.2015]

Nettstaden til Drangedal kommune: http://www.drangedal.kommune.no [lesedato 13.1.2014]

Peikarar

Nettstaden til Drangedal kommune

Først publisert: 17.08.2015
Sist oppdatert: 18.12.2017