Hopp til innhold

Eid kommune, Sogn og Fjordane

I april 2009 opna Operahuset Nordfjord, eit kulturhus for Eid kommune, der mellom anna Opera Nordfjord held til.

Eid kommune, 421 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 6080 innbyggjarar (2017) og grensar i aust til Hornindal, i sør til Stryn og Gloppen, i vest til Bremanger og Vågsøy og i nord til Vanylven og Volda i Møre og Romsdal.

I 1867 vart Hornindal skilt ut som eigen kommune. I 1965 vart kommunen slått saman med delar av Hornindal og delar av Davik. I 1992 vart eit mindre område overført frå Gloppen. Eid og Selje blir slått saman 1.1.2020.

Kommunen ligg på nordsida av Nordfjorden og er langstrekt i retninga aust-vest. Busetnaden er tettast frå administrasjonssenteret Nordfjordeid og innover Eidsdalen, inn til den andre tettstaden i kommunen, Mogrenda. Det er òg spreidd busetnad langs fjorden. Hovuddalføret er relativt breitt, der tilhøva ligg godt til rette for jordbruk, men kommunen er elles prega av bratte fjellsider og mykje høgfjell. Det høgaste punktet i kommunen er Glitreegga, 1297 moh.

Det er mykje jordbruk i kommunen, og hovudvekta ligg på husdyrhald. Somme driv òg med frukt- og bærdyrking. Industrien er i stor grad samla i Nordfjordeid, med næringsmiddel-, trevare-, verkstad- og konfeksjonsindustri. Utanfor administrasjonssenteret er det trevareindustri og skipsverft, mellom anna i Naustdal ved Eidsfjorden.

Eid Hestar på Myroldhaugen foto Norsk fjordhestsenter med løyve for Allkunne.jpg?w=600

Hestar på Myroldhaugen. Foto: Norsk Fjordhestsenter, med løyve for Allkunne.

Nordfjordeid er eit sentrum for fjordhesten, og kvar vår er det fjordhestutstilling her. Frå 1998 har Opera Nordfjord sett opp ein årleg opera-produksjon, der lokale amatørar opptrer saman med profesjonelle aktørar.

Den største avisa i kommunen er Fjordabladet, som er den nest eldste avisa i fylket. Det første nummeret kom alt i 1874, då under namnet Fjordenes Blad. Avisa har hovudkontor på Nordfjordeid, kjem ut tre gonger i veka og har vore redigert på nynorsk sidan 1920.

I Eid tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Alfred Bjørlo (V) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005.

http://www.eid.kommune.no

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017