Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Eide kommune har tre symjande svaner på blå botn. Det overvintrar svaner i fleire av vatna i Eide kommune og svana vart derfor vald til symbol i kommunevåpenet. Vidare symboliserer dei utspente vengefjøra dei sju opphavlege skulekrinsane Øyen, Nås, Strand, Bolli, Lyngstad, Vevang og Eide.
Kommunevåpenet til Eide kommune har tre symjande svaner på blå botn. Det overvintrar svaner i fleire av vatna i Eide kommune og svana vart derfor vald til symbol i kommunevåpenet. Vidare symboliserer dei utspente vengefjøra dei sju opphavlege skulekrinsane Øyen, Nås, Strand, Bolli, Lyngstad, Vevang og Eide.
X
Innhald

Eide kommune, Møre og Romsdal

Eide kommune har lange tradisjonar når det gjeld bergverks- og steinindustri, og her har det vore produsert gravsteinar sidan 1910. Slik fekk kommunesenteret Eide kallenamnet «Bygda som lever av dei døde».

Eide kommune, 152 km2, ligg på Nordmøre og har om lag 3500 innbyggjarar. I nordaust ligg Lauvøyfjorden og Kornstadfjorden mellom Eide og Averøy kommune. I vest og sørvest grensar kommunen til Fræna og i søraust til Gjemnes.

Eide blei eigen kommune i 1897, då kommunen blei skild ut frå Kvernes. Dei noverande grensene fekk kommunen då Vevang krins i Kornstad kommune blei overført til Eide. Administrasjonssenteret er Eide, som òg er den einaste tettstaden i kommunen.

Innbyggjarane i Eide kommune bur mellom storhav og høgfjell, og naturen byr slik på store kontrastar. Ut mot det opne havet ligg Hustadvika, eit av dei farlegaste havstykka langs norskekysten. Langs kysten mellom Eide og Averøy kommune, over holmar og øyar, går den vakre Atlanterhavsvegen, som er blitt kåra til hundreårets byggverk i Noreg. Av dei mange høge og bratte fjella i kommunen er Snøtind det høgaste, 1027 moh.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Berg- og steinindustrien i Eide blei grunnlagd for over hundre år sidan. Etter den store bybrannen i Ålesund i 1904 blei mange av dei nye husa i jugendstil bygde med stein frå Eide. Sidan 1910-åra har òg produksjon av gravsteinar vore ein viktig leveveg for mange. Berg- og steinindustrien er framleis stor i Eide kommune, saman med verkstad-, tre-, gummi- og plastindustri. Jordbruk og fiske og offentleg tenesteyting er andre viktige levevegar. Om lag halvparten av dei yrkesaktive innbyggjarane har likevel arbeidsstaden sin utanfor kommunegrensene, hovudsakleg i Molde.

Kvitholmen fyr nord for Hustadvika blei etablert i 1841 for å leie skipa trygt gjennom det farlege farvatnet, og fyrstasjonen er i dag verna av Riksantikvaren. Eide kyrkje er ei langkyrkje frå 1871.

Romsdals Budstikke blir utgitt i Molde og dekkjer nyhende i kommunane Molde, Eide, Rauma, Vestnes, Midsund, Aukra, Sandøy, Nesset, Gjemnes og Fræna.

I Eide har alle skuleelevane bokmål som hovudmål (tal frå 2014). Administrasjonsspråket i kommunen er bokmål.

Egil K. Strand (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 6.1.2016]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2016]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 6.1.2016]

Nettstaden til Eide kommune: http://www.eide.kommune.no [lesedato 6.1.2016]

Peikarar

Nettstaden til Eide kommune

Først publisert: 30.09.2016
Sist oppdatert: 30.09.2016