
Eidfjord kommune, Hordaland
Eidfjord kommune, 1493 km2, ligg i Hordaland, har om lag 930 innbyggjarar og grensar i sør og vest til Ullensvang, i nord til Ulvik og i aust til Nore og Uvdal og Hol i Buskerud.
I 1891 vart Eidfjord skilt ut frå Ulvik. I 1965 vart kommunen slått saman med Ullensvang, før Eidfjord i 1977 igjen vart eigen kommune.
Eidfjord har namn etter den austlegaste armen av Hardangerfjorden, men det meste av kommunen er høgfjell. 90 % av arealet ligg høgare enn 900 moh., og det høgaste punktet i kommunen er Hardangerjøkulen, 1859 moh. Dei aller fleste i kommunen er busette i administrasjonssenteret Eidfjord ved fjorden, eller i Øvre Eidfjord, i den søre enden av Eidfjordvatnet. Her deler dalføret seg i to, Måbødalen og Hjølmodalen. Simadalen går austover frå Simadalsfjorden.
Terrenget ligg godt til rette for kraftproduksjon. Sima kraftverk, med dei to delane Lang-Sima og Sy-Sima, har ein årsproduksjon på 2812 GWh, som gjer det til det nest største kraftverket i landet. I Sy-Sima kraftverk finst dei to største peltonturbinane i verda. Det er fleire oppdrettsanlegg for fisk i kommunen, og jordbruket er framleis viktig, sjølv om jordbruksarealet er lite. Reiselivsnæringa er viktig for kommunen, og det finst mange hotell.
Ein av dei store attraksjonane i Eidfjord er Kjeåsen, ein lite tilgjengeleg fjellgard, der det framleis bur folk. Skykkjedalsfossen i Simadalen har ei total fallhøgd på 605 meter, inkludert eit fritt fall på rundt 300 meter. I 1995 opna Hardangervidda Natursenter, som mellom anna har akvarium og utstillingar om jakt, fiske og friluftsliv. På Hereid er det funne rundt 300 gravrøyser frå vikingtida, i det største forhistoriske gravfeltet i fylket. Steinkyrkja i Eidfjord er frå tidleg på 1300-talet.
Hardanger Folkeblad er lokalavis for Ullensvang, Odda, Eidfjord og Røldal og vart grunnlagt i 1949. Avisa har hovudkontor i Odda, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.
I Eidfjord tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
Anved Johan Tveit (Sp) har vore ordførar sidan 2007. Han var òg ordførar 1999-2003.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993
Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 4. 2005
http://www.eidfjord.kommune.no/
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene
Sist oppdatert: 18.12.2017