
Etne kommune, Hordaland
Langfoss ved Åkrafjorden har eit fall på 612 meter. Fossen er den femte høgaste i landet og er av ei internasjonal nettside kåra til den vakraste fossen i verda.
Etne kommune, 708 km2, ligg i Hordaland, har om lag 3850 innbyggjarar og grensar i nord til Kvinnherad, i aust til Odda og Sauda, i sør til Suldal og i sør og vest til Vindafjord. Dei tre sistnemnde ligg i Rogaland.
I 1965 vart Etne slått saman med delar av Skånevik.
Etne ligg på begge sider av Åkrafjorden, ein sidearm til Hardangerfjorden. I nordaust går kommunen heilt opp til Folgefonna, og på Folgefonna ligg òg det høgaste punktet i kommunen, 1638 moh. Det aller meste av busetnaden finn vi i dei vestre delane av kommunen, med sterk konsentrasjon rundt dei to tettstadene Skånevik og Etnesjøen (Etne).
Jordbruk er framleis ei viktig næring. Sjølv om Etne er den største kornkommunen i fylket, dominerer husdyrhaldet i jordbruket. Innanfor industrien er verkstadindustri det vanlegaste. Kommunen har òg fleire sandtak.
I Etne er det fem større helleristingsfelt, dei eldste er truleg 3000 år gamle. Her er restar av fire bygdeborger, forsvarsborger som kan vere opptil 2000 år gamle, og det er òg fleire gamle gravfelt i kommunen. Ved Rullestadjuvet finn vi nokre av dei største jettegrytene i Nord-Europa. Etnemarknaden, som årleg samlar rundt 40 000 menneske, har vore arrangert kvart år sidan 1980. Annakvart år vert sogespelet «Kongen frå Etne» framført, med manuskript av Johannes Heggland. Kvart år sidan 1997 har Skånevik Bluesfestival henta inn internasjonale artistar. Kulturferja M/F Skånevik, som ligg i Skånevik, er eitt av to norske fartøy som er freda.
Grannar er lokalavis for Etne og Vindafjord og kom med det første nummeret i 1973. Avisa har hovudkontor i Etne, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.
I Etne tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911 (Skånevik). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1939 (Skånevik), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 (Skånevik). Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Siri Klokkerstuen har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993
Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 14. 2006
Sist oppdatert: 18.12.2017