Hopp til innhold
Etnedal kommunevåpen viser Lunde bru.
Etnedal kommunevåpen viser Lunde bru.
X
Innhald

Etnedal kommune, Oppland

I Etnedal kommune i Oppland finn vi den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa.

Etnedal kommune, 459 km2, ligg i Oppland fylke og har om lag 1400 innbyggjarar. I nord og vest grensar kommunen til Nord-Aurdal, i sør til Sør-Aurdal og i aust til Nordre Land.

Etnedal blei eigen kommune i 1894, då Bruflat sokn i Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn i Nord-Aurdal blei slått saman. Det er den minste kommunen i Oppland, og administrasjonssenteret er Bruflat.

Kommunen er del av landskapsområdet Valdres, og det øvre løpet av elva Etna renn gjennom Etnedal. Nordaust i kommunen ligg delar av Synnfjell, som er eit fjellparti mellom Lillehammer og Fagernes. Den høgaste fjelltoppen er Spåtind, med sine 1414 moh., på grensa mellom Etnedal og Nordre Land.

Jordbruk og skogbruk har tradisjonelt vore viktige næringar i kommunen, og desse næringane sysselset i dag om lag 26 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane. Offentleg sektor står òg for mange arbeidsplassar, i tillegg til industri og bygg- og anleggsverksemd, som sysselset kring 20 prosent. Kommunen har òg noko turisme.

Av kulturminne i kommunen finn vi Bruflat kyrkje, som er ei krosskyrkje frå 1750. Landemerket Lunde bru blei bygd i 1829, som del av den gamle kongevegen til Bergen. Dette er den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa. Brua finn vi òg att i Etnedal sitt kommunevåpen, den gullfarga brua mot blå bakgrunn.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut tre dagar i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk.

I Etnedal har ca. 71 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Toril Grønbekk (Ap) har vore ordførar sidan 2014.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 4.7.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 5.7.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 4.7.2015]

Nettstaden til Etnedal kommune: http://www.etnedal.kommune.no [lesedato 4.7.2015]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 4.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Etnedal kommune: http://www.etnedal.kommune.no

Først publisert: 10.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017