Hopp til innhold
Finnøy kommunevåpen sølvpil mot blå bakgrunn.
Finnøy kommunevåpen sølvpil mot blå bakgrunn.
Finnøy kommunevåpen sølvpil mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Finnøy kommune, Rogaland

Finnøy er den største tomatkommunen i landet, og her vert over ein tredjedel av alle norske tomatar produserte.

Finnøy kommune, 104 km2, ligg i Rogaland, har om lag 2700 innbyggjarar og grensar i aust til Hjelmeland, i nord til Suldal og Vindafjord, i vest til Bokn og i sør til Rennesøy og Strand. Grensa mot Hjelmeland går tvers over øya Ombo, alle dei andre kommunegrensene går ute på fjordane.

I 1918 vart eit mindre område overført til Rennesøy. I 1965 vart Finnøy kommune slått saman med Sjernarøy, delar av Fister og delar av Jelsa, til ein ny kommune som fekk namnet Finnøy.  1.1.2020 slår Stavanger, Rennesøy og Finnøy kommunar seg saman til éin kommune.

Finnøy er ein øykommune, og det bur folk på 16 av øyane. Dei største er Ombo, Finnøy og Fogn. Nord i kommunen ligg øygruppa Sjernarøyane. Rundt halvparten av innbyggjarane bur på Finnøy, og her ligg òg administrasjonssenteret Judaberg, som er den einaste tettstaden i kommunen. Terrenget er flatt, berre to av øyane når høgare enn 200 moh. Det høgaste punktet er Bandåsen, 515 moh. Det er mange hytter i kommunen, og om sommaren er her like mange ferierande som fastbuande.

Jordbruket står sterkt i Finnøy. Hovudvekta ligg på dyrking av frukt og grønsaker, og det er meir enn 100 000 m2 drivhusareal. Det vert drive ein del fiske, og det finst fleire oppdrettsanlegg i kommunen.

Ved Judaberg er det funne 10 600 år gamle beinrestar etter isbjørn. I kommunen er det to steinkyrkjer frå mellomalderen, Talgje, frå ca. 1140, og Hesby, frå ca. 1200. Ved Stjernarøy kyrkje er det reist eit monument til minne om diktaren Alfred Hauge.

Øyposten er lokalavis for Finnøy og for dei andre øyane i Ryfylke. Avisa kom med det første nummeret i 1970, men var ei kommunal informasjonsavis til 1999, då ho vart ei sjølvstendig avis. Hovudkontoret ligg i Judaberg. Avisa kjem ut ein gong i veka og vert redigert på nynorsk.

I Finnøy tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1926, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Henrik Halleland (Krf) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005

http://www.finnoy.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017