Hopp til innhold
Fitjar har ikkje eit godkjent kommunevåpen, men eit kommunemerke. Motivet er gullhjelm mot blå bakgrunn.
Fitjar har ikkje eit godkjent kommunevåpen, men eit kommunemerke. Motivet er gullhjelm mot blå bakgrunn.
Fitjar har ikkje eit godkjent kommunevåpen, men eit kommunemerke. Motivet er gullhjelm mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Fitjar kommune, Hordaland

Både Harald Hårfagre og son hans, Håkon den gode, hadde kongsgard i Fitjar.

Fitjar kommune, 145 km2, ligg i Hordaland, har om lag 3000 innbyggjarar og grensar i vest og sør til Bømlo, i aust til Stord og Tysnes og i nord til Austevoll. Kommunen vart skilt ut frå Stord i 1863 og fekk dei noverande grensene i 1964, då den sørlegaste delen av øyane Selbjørn og Huftarøy vart overførte til Austevoll.
 
Fitjar er ein øykommune. Det meste av kommunen ligg på den nordlege halvdelen av øya Stord, men i alt finst det rundt 350 større og mindre øyar. Dei fleste øyane er relativt flate. Dei høgastliggjande områda i kommunen ligg i sør, med eit punkt nær Mehammarsåto som det høgaste, 680 moh. Fitjar, administrasjonssenteret i kommunen, ligg nordvest på Stord og er den einaste tettstaden i kommunen. Resten av busetnaden ligg i hovudsak langs vestsida av øya.
 
Industri er den viktigaste næringa i kommunen, og den viktigaste greina er verkstadindustrien. Mange er òg sysselsette i primærnæringane, og innanfor jordbruket er husdyrhald det vanlegaste.
 
Fitjar er nemnd fleire stader i sogelitteraturen. Håkon den gode vart drepen her i 961, og dette er tema for det årlege sogespelet «Kongen med gullhjelmen», med manus av Johannes Heggland. Utanfor kyrkja, som er frå 1866, står ein statue av Håkon den gode, laga av Anne Grimdalen. Årskog museum var ei gåve til kommunen i 1980, og museet viser korleis fiske og jordbruk var ein vanleg kombinasjon i kyst-Noreg.
 
Avisa Sunnhordland vert redigert frå Leirvik i Stord, men er òg lokalavis for Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Avisa vart grunnlagd i 1902, har vore redigert på nynorsk frå 1919 og kjem ut fem gonger i veka.
 
I Fitjar tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1939, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1926. Kommunen har tre grunnskular, og i skuleåret 2017/18 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Wenche Tislevoll (H) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017