Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Fjaler har to bruer i sølv mot raud bakgrunn, som viser bruene langt den Trondhjemske Postveg.
Kommunevåpenet i Fjaler har to bruer i sølv mot raud bakgrunn, som viser bruene langt den Trondhjemske Postveg.
Kommunevåpenet i Fjaler har to bruer i sølv mot raud bakgrunn, som viser bruene langt den Trondhjemske Postveg.
X
Innhald

Fjaler kommune, Sogn og Fjordane

Fjaler har ein sterk skuletradisjon, frå Nikka Vonens pikeskole (1861–97) fram til United World College, som opna i 1995.

Fjaler kommune, 418 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 3000 innbyggjarar og grensar i sør og vest til Hyllestad, i sør til Høyanger, i aust til Gaular og i nord til Askvoll.

Fjaler fekk dei noverande grensene i 1990, då to mindre område vart overførte til Askvoll og Gaular, samstundes som eit mindre område vart overført frå Askvoll til Fjaler. Fram til 1912 heitte kommunen Ytre Holmedal.

Fjaler ligg i Sunnfjord, på sørsida av Dalsfjorden. Dalsfjorden strekkjer seg vel fire mil innover i landet, forbi administrasjonssenteret Dale, heilt nord i kommunen. Busetnaden er spreidd over heile kommunen. Landskapet er kupert. Det høgaste punktet er Skredfjellet, 812 moh.

Primærnæringane sysselset framleis mange. I jordbruket ligg hovudvekta på husdyrhald, og i dei vestlege delane av kommunen er det fleire fiskeoppdrettsanlegg. Kommunen har ein del industri. Dale skofabrikk er ein av dei største i landet, og Åsnes Ski tok til med produksjon av ski i 1922 og heldt fram med det til 2008, då produksjonen vart flytta til Kina.

United World College tek årleg imot 200 elevar frå heile verda. Også Nordisk Kunstnarsentrum på Dalsåsen og designsenteret Transplant, som opna i 2007, vitnar om ei internasjonal orientering.

Diktaren Jakob Sande var fødd og voks opp i kommunen, og barndomsheimen hans, Klokkargarden, har ope om sommaren. I Dale står òg eit minnesmerke over Sande.

Avisa Firda vert redigert frå Førde, men dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

I Fjaler tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1920, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har fem grunnskular, og i skuleåret 2017/18 har 97 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Gunhild Alis Berge Stang (V) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. Hovdebygda 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store Norske Leksikon, bd. 5. Oslo 2005

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Fjaler kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=1429 [lesedato 01.03.2011]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi, http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 01.03.2011]

Nettstaden til Fjaler kommune, http://www.fjaler.kommune.no/ [lesedato 01.03.2011]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Sogn og Fjordane fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=13&sok [lesedato 01.03.2011]

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017