Hopp til innhold
Kommunevåpenet viser ein måse i sølv over svarte fjell, med ei elv av sølv på blå bakgrunn.
Kommunevåpenet viser ein måse i sølv over svarte fjell, med ei elv av sølv på blå bakgrunn.
Kommunevåpenet viser ein måse i sølv over svarte fjell, med ei elv av sølv på blå bakgrunn.
X
Innhald

Fjell kommune, Hordaland

Nær halvparten av dei yrkesaktive i Fjell arbeider i Bergen.

Fjell kommune, 147 km2, ligg i Hordaland, har om lag 21 500 innbyggjarar og grensar i sør til Sund, i aust til Bergen og Askøy og i nord til Øygarden. Kommunen fekk dei noverande grensene i 1964, då to øyar frå Herdla kommune vart ein del av Fjell.

Fjell er ein øykommune og ligg rett vest for Bergen. Dei mange øyane er stort sett låge, dominerte av lyngheiar, torvmyrer, mange mindre vatn og litt planta skog. Store delar av kommunen ligg på den nordlege halvdelen av Store Sotra, og saman med Litle Sotra og Bildøyna er dette det tettast busette området. På Sotra ligg òg Liatårnet, som med sine 341 moh. er det høgaste punktet i kommunen. Administrasjonssenteret Straume ligg på Litlesotra.  1.1.2020 blir Øygarden, Fjell og Sund slått saman til Øygarden kommune.

Den korte avstanden til Bergen gjer Fjell til ein attraktiv stad å bu, og folketalet i kommunen har auka jamt sidan 1971, då Sotrabrua stod ferdig. Her er eit variert næringsliv. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen. Basen har vore i drift sidan 1973. Ei anna stor næringsgrein i Fjell er oppdrettsanlegg.

På Høybøen har det vore utgraving av eit gardsanlegg som var i bruk frå eldre jernalder og fram til svartedauden i 1350. I Bildøydalen og Møvika finst det to kyrkjegardar frå koleraåret 1849. På Langøyna vest for Sotra ligg Langøy Kystkultursenter, ein handelsstad frå 1878, med landhandel, bakeri og ulike kulturarrangement.

Vest-Nytt har hovudkontor på Straume, dekkjer kommunane Fjell, Sund og Øygarden og kjem ut tre gonger i veka. Avisa vart etablert i 1987, då dei to avisene Sotranytt og VestGula slo seg saman.

I Fjell tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923. Skuleåret 2017/2018 har 33 % av elevane ved grunnskulane i Fjell nynorsk.

Fjell kommune vart i 2011 kåra til Årets nynorskkommune av Kommunal- og regionaldepartementet.

Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005

http://www.fjell.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017