
Flora kommune, Sogn og Fjordane
Flora er den vestlegaste byen i landet, og administrasjonssenteret ligg i Florø.
Flora kommune, 693 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 11 300 innbyggjarar og grensar i sør til Askvoll og Naustdal, i aust til Gloppen og i nord til Bremanger.
I 1861 vart Florø kommune skilt ut frå Kinn kommune. I 1964 vart namnet endra til Flora, og samstundes vart bykommunen slått saman med Eikefjord og Kinn, store delar av Bru og to mindre område i Vevring og Bremanger.
Det meste av kommunen ligg på fastlandet, men ei rekkje øyar høyrer òg til. Kommunen går heilt inn til Ålfotbreen, der vi finn det høgaste punktet i kommunen (1379 moh.). I administrasjonssenteret Florø bur nær tre fjerdedelar av innbyggjarane i kommunen.
Industri er den viktigaste næringsgreina i kommunen, og det finst både skipsverft, fiskeindustri og oljerelaterte tenester. Kommunen har òg litt jordbruk, i dei ytre delane ofte i kombinasjon med fiske. I tillegg er reiselivsnæringa i vekst, mellom anna med tre hotell i sentrum.
Ved Ausevik ligg eit av dei største helleristningsfelta i landet, med over 300 figurar frå overgangen mellom steinalder og bronsealder. Også fleire gravrøyser frå bronsealderen fortel at området har vore busett lenge. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø, men har alle kystkommunane i fylket som arbeidsfelt og er frå 2009 del av Musea i Sogn og Fjordane. På Kinn ligg ei 900 år gammal steinkyrkje som er knytt opp til Sunniva-legenda i Selje. Det årlege Kinnaspelet, «Songen ved det store djup», er skrive av Rolf Losnegård og vart første gongen framført i 1985.
Firdaposten har hovudkontor i Florø og dekkjer Flora og Bremanger. Avisa vart grunnlagd i 1948, er redigert på nynorsk og kjem ut tre gonger i veka.
I Flora tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907 (Eikefjord). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1922 (Eikefjord), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923 (Eikefjord). Skuleåret 2017/18 hadde 97 % av elevane i Flora nynorsk som hovudmål. Dette har vore sterkt aukande dei siste åra, og det byrjar færre og færre bokmålselevar i førsteklasse i kommunen.
Ola Teigen (Ap) har vore ordførar sidan 2015.
Kjelder
Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene
Sist oppdatert: 18.12.2017